Barneminne av Nils Bjellandbb bb bb bb |
|
Eg og han Kris - kameraten min - var støtt i lag
både helg og kvardag. Eg var liten og ledug, han var stor og styrven.
Men me passa godt saman likevel. Han gjekk alltid med stav eller med
ein påk i handa. Og det fann no eg så løgleg og erta han mang ein gong
og kalla han gamel'n. Han var bråsint, men snart god att. Om vinteren
sat me på slede nedover dei brattaste bakkane så snøspruten stod høgt
til vers. Me leika krig med kvarandre og bruka snøball som kuler. Me
laga snømann eller bygde oss hus i dei største snøfonnene og hadde det
så kjekt der på ymse måtar.
|
|
|
Om sommaren lauga vi oss i Naustvika, og sigla med båtane våre. Me fanga småkryp, hummar og ål og hadde dei inn i små dammar som me hadde gjerda inne med sandvollar. Frå den eine dammen til hin laga me kanalar, så dei kunne ferdast att og fram. Av steinar laga me små holer, så hummaren og ålen kunde gøyma seg når sola skein varmt. Det var så morosamt å sjå på, at me ikkje visste kor snart tida gjekk. Mons på Neset laga meg ei stor seglskute. Ho var særs god å sigla. Ho kvelvde aldri kor sterkt det enn bles, og då ho kom att under brotet på austsida av Naustvika, snudd ho inn att som om ho hadde hatt ein styrmann ombord. Dei andre kameratane misunnte meg denne fine skuta og prøvde å lokka ho frå meg på alle måtar. Men eg ville ikkje høyra på deira tilbod. Sist eg såg ho stod ho i det naustet me hadde laga til båtane våre. Men so vart eg sjuk - og sidan veit eg ikkje kvar det vart av ho. |
|
|
Den tida fiska dei om sumaren småsei inn på Røvet.
Eg og Kris var no støtt dei som måtte henta agn, anten ifrå Selvågen
eller Hola. Eg var ikkje sers huga på dette. Eg syntest det var som
eit slags tigging sjølv om eg hadde pengar med til å løysa den agnsild
eg fekk. Ingen måtte reisa inn på fiskeplassen før i sekstida
om morgonen, elles vart han halden for ein fark. Skikk og vis var slik.
Og det hende visst aldri at nokon braut den uskrivne lova.
|
|
|
Ein gong skulle eg og far min på Seito som låg på
hi sida av fjorden nord ved Kaldefoss. Då me for om Saueneset kom to
bøkarar ( karar frå Storebø ) stormroande fram om Notaneset. Me drog mykje fisk. Men det blåste opp ein forrykande storm av sydaust, så eg ikkje makta å andøva lenger. Så skulle eg byrja fiska. Og eg drog 13 store seiar. Eg måtte stå ende opp i båten og dra snøre, og far måtte hogga kleppen i dei for å hala dei inn over esinga for det var stor skrubbsei. Eg var reint stolt over fiskelukka mi. Blåste gjorde det så sjøen rauk som aska av bølgjetoppane. Men far sette opp seglet likevel, for den gong hadde me den gamle færingen vår, og han var så stø at når keipane låg i vatnet, la han seg ikkje meir over kor mykje det enn blåste. Eg sette meg på framtofta og såg utover sjøen. Eg skal sei det gjekk unna.! Men kjekt var det om det enn såg farleg ut, men når far var trygg og roleg, kunde eg vera det og. Å, om eg kunne fått meg ein slik segltur att! Når eg om har vore oppe på haugen og sett innover fjorden og fiskeplassane, har eg lengta so sårt etter å segla og fiska som i barndomsdagane mine! Men borte er borte som så mykje anna for meg.
|
|
|
Ein vår fekk me høyra der var sett premie for ramnungar - 2 kr. For
kvar ein me kunne få tak i. Jau, her var pengar å tena. Me viste at
i Ramnebrotet hadde eit ramnenpar reir med tre ungar i, so vidt me kunne
sjå. Det var så godt som 6 kr. For oss - ein heil kapital i dei dagar.
Eg og A. og L. var einige om å fanga dei, når dei vart store nok Me
ville ikkje nemna det med Kris , for han var så livande redd for å kliva
i berg og brot og ville røpa det for far sin, og han ville forby oss
å gjera dette.
|
|
|
Eg hadde likte å planta tre, helst bærtre. Den einaste
mannen som eg visst åtte ein liten frukthage her i bygda var han Sjur
i Klubben. Når eg gjekk forbi der såg eg med undring på dei gode bær
og eple som var på trea. Eg tenkte: Kor kjekt det ville vera å ha ein
slik hage! Enn om eg no våga å be han Sjur om nokre plantar? Eg hadde
aldri snakka med den mannen før. Folk sa at han var so vrang og bråsint
at det var lite råd å ha noko med han å gjera. Men far sa, eg skulle
ikkje bry meg om alt det folk snakka om, eg skulle berre gå. Då eg kom heim sa far at han skulle finna ein høveleg plass og setja opp gjerde med det same. Eg såg tidt etter om dei kom seg og det gjorde dei til stor glede for meg. Året etter bar stikkelsbærtrea store bær som eg syntest smakte så godt. Det var vel av di eg sjølv hadde planta dei. Kirsebærtreet står enno og i varme somrar kan det bera velmoden og gode bær.
|
|
|
Han Sjur hadde fått seg ein ung hund som var vill og kåt, som slike små hundar plar vera. Og han fann på mangt og mykje, ville leika seg med alt og alle. Tinda Sjur på ei rive, kunne Passup ta tindeemna frå han, springa bort på ein bakke og gnaga dei sund. Då vart Sjur ovleg sinna, som ventande var. Om han kalla eller lokka eller truga med all verdas ulukke nytta det like lite. Hytta han til han med staven sin, flaug hunden opp, og ville slita staven i frå han. Slik gjekk det mange gonger, til moro for hunden, men til skade og harm for Sjur. Ein gamal hannkatt som han Sjur var så glad i , jaga han seint og tidleg. Og det gjorde ikkje Sjur blidare. Men det verste av alt var den uvanen hunden hadde, at så snart Sjur med stor møda hadde reist seg og byrja å gå på krykkjene sine flaug hunden mellom føtene hans slik at Sjur kvar gong var nær på å falla over ende. Og då var det alt anna enn gode ønskjer han hadde for den skarve Passopp. Ikkje kunne han slå med krykkjene, endå mindre kaste dei på hunden, for då vart han reint hjelpelaus. Difor var dei to beiske uvener, dei som elles kunne vore dei beste vener. Ein dag hadde Sjur vore oppe på Nausthaugen. Då han
kom gåande ned att kom den gamle hannkatten og strauk seg att med Sjur
og mol høgt av glede. Sjur vart og glad, let vel med pus med eit mjukt
og lint mål som ein elles ikkje høyrde så ofte hjå han. Hunden låg bort
på bakken og venta på at Knut skulle koma frå sjøen. Han høyrde det
og, snudde på hovudet og fekk auge på katten og - ein - to - tre - flaug
han av stad og like mot krykkjene til Sjur, så han fall så lang - eller
så kort - han var, medan hund og katt for over haug og hammar. Eg vil
ikkje herma alt det Sjur sa, men han banna på at det skulle vera siste
dagen hunden skulle få leva. Han fekk lokka han med seg ned til båten,
batt ei vidja om midja på hunden og ein diger stein i same. Hunden skulde
søkkjast, det nytta ikkje kva Knut sa. Hunden var glad som alltid og
trudde vel det var ei eller anna moro som stor føre. Sjur rodde ut for
Kringleliholmen på det djupaste vatn og kasta hunden på sjøen. Først
då skjøna hunden at det galt livet, stakkar. Sjur rodde attende til
Naustbakken og meinte på at no skulle både han og katten få vera i fred
for den "Svinehunden".
|
|
|
Ein søndag gjekk eg og Kris til Bø. Me og to kameratar der nord var blitt samde om å ta ein segltur inn over fjorden. Det blåste ein frisk nordvestvind. Det gjekk strykande framom Veggjaneset og Klungerholmen, men då me kom midtfjords auka vinden så sterkt på, at me fann det best å snu attende. Me styrde mot Ospøy-skjæra, gjekk i land der for å leita etter egg. Eg kom over eit ærfugl - reir. Fuglemora vart skremd og med eit fælt skrik flaksa ho av reiret sitt og på sjøen. Det stokk i meg. Eg tok berre eit egg, men eg tykte at det brente fingrane mine. Men eg var ikkje god for å smaka det då det var kokt. Fuglemora sitt angstfulle skrik høyrde eg kvar eg gjekk. Og frå den dag rørte eg aldri eit reir eller tok eit egg meir.
|
|
|
På Bø var me inne hos frendekona (kona til ein slektning ) og fekk oss mat. Ho sette ei diger rømmekolle framføre oss med flatbrød og stompkake. Me var skrubbsvoltne, men me tenkte at me fekk fara vakkert åt likevel og sette skeia varsamt ned med kanten. Dette forstod den snille kona og kom bort og la ein tallerken under kolla, so rømmen flaut ned til oss og bad oss forsyna oss godt. Me så gjorde. Då me endeleg var ferdige, gode og mette bad me vel fara og gjekk oss heim att. Han Kris hermde det gamle ordtøket: -Mett mann veit seg råd, når han hev ete vil han gå. Då me kom sør i marka stod der ein spade oppreist i ein torvhøl. Spaden tilhøyrde ein mann på Bø. Kris ville gøyma han under eit brot. Men eg sa at alle visste at me gjekk gjennom marka i dag og at me berre ville få ulempa av det. Han minnast vel korleis det gjekk med oss då me hadde teke Per sin båt utan lov ? Ja, det nytta ikkje. Han ville ikkje gjera spaden noko, men ned i hølen skulle han gravast. Og då han hadde gjort det lo han så godt og meinte at dei skulde få leita lenge etter den. Dagen etter var det skule-eksamen hos farbror min på Haukanes. Me frå Bjelland var dei fyrste som kom. Like etter kom skuleborna frå Bø. Den første eg råka var son åt han som åtte spaden. -Var det me karane som hadde øydelagt torvspaden deira? spurde han meg. -Eg hadde ikkje mi hand i han, svara eg. -Så var det kan Kris då? - Du får spørja han sjølv. Kris stod borte ved stabburet og hadde moro med ein hane saman med andre kameratar. Bøguten kom bak på han, tok han i aksla og spurde: -Kvifor øydelagde du torvspaden vår i går? Kris snudde seg om, men var så forfjamsa at han ikkje fekk ord for seg. Det kom så brått på 'an at han ikkje fekk lyga det frå seg. Endeleg kom det: -Eg har ikkje gjort spaden noko. -Ja, det var det same - sa han ikkje no kor han hadde gjort av spaden gjekk han beint til presten og klaga han. - Då måtte Kris sanna at han hadde grave spaden ned i torvhølen. Ja ,var det berre sant og han ikkje hadde gjort noko skade på han så skulle han ikkje nemna noko om det til presten. Men ein fark var han som for såleis åt. Eg ottast ille, men det gjekk då betre enn eg hadde vona. Då kom presten og me måtte inn og syna kva me kunne. Presten var streng og heldt lenge på. Endå var det så vidt me fekk frikvarter. Eg og den før nemnde bøguten var ute på same tida. Han letta på loket og såg kva som var i dei tinene som stod utanfor stoveveggen. Så fann han ei med berggylte, potet, smør og brød i og spurde meg om eg visste kven si tina det var. Eg ottast ikkje noko vondt og sa at det var han Kris si. Då riste han den til all den gode maten var ei einaste gjørme. Eg var harm og sa at han måtte skjemmast over ei slik åtferd. Men han truga meg med bank nemnde eg noko om dette. - Di svarte kråka!, sa eg og flaug inn att. (Ein kalla folket frå Storebø for Bøkråka.) Då me seinare skulle halda middag, kunne han Kris
ikkje skjønna seg på kva måte maten hans var øydelagt. Men endeleg gjekk
det opp for han at det var einkvan som hadde rista tina hans. Og han
ropte at hadde han berre den farken for seg skulle han riste han lika
mykje. Eg sa til han Kris at han ikkje måtte ropa so høgt, presten kunne
høyra han. Det var best at han fekk låne seg ei skei! Men eg skulde
berre teia still, han skulle nok greia seg. Då høyrde eg kor bøguten
knisa og lo.
|
|
|
Ein gong var eg med far min på ein tvangsauksjon. Ein gamal fiskar
var komen i så stor skuld til kræmaren at han ikkje kunne betala den
i rett tid, og så sette han - kræmaren - lensmannen på han. Det var
det same som å plyndra han for det beste han åtte: - ku og kalv, seng
og gongklede, husbunad, notbalkar, fiskesnøre o.s.b. Då me kom fram
til tunet streva mannen med å sette alt til rettes, bar eit bord og
ein benk utanfor stova. Så sette han seg sjølv på ei kiste, stødde olbogane
mot knea og la andletet i hendene sine. Han så oppgjeven ut, stakkar.
Så kom lensmannen stor og myndig med den gullsnora huva si, helsa på
den samla ålmugen, sa noko morosamt som folk skratta åt. Det var vel
for å stiva opp kjøpehugen. Så let han augo fara utover dei framsette
tinga, medan han rådspurde seg med protokollen, nikka på hovudet og
fann vel alt i orden. Så las han opp kondisjonane ( vilkåra ) med steintorrøyst,
sette seg ned på benken, tok hammaren i handa og auksjonen tok til.
Lensmannen sende ut vitsar i aust og vest under "lått og galis".
|
|
|
Eg og Eli søster hadde slik lyst til å ha oss kvart vårt kje. Og far gav oss lov til det. Så reiste eg ut til fastermannen min på Eio og spurde han om han ville selja meg to kje, ein han og ei ho. Og det ville han. Eg vart storleg glad og fornøgd. Dei var så fine. Men då eg skulle leia dei, ville dei slett ikkje fylgja med - dei ville nok ikkje frå heimen sin. Dei hoppa ende opp eller gjekk til kvar si leid, så eg visste ikkje korleis eg skulde få dei avstad. Men så snakka eg fint med dei, kjælte for dei, strauk dei mjukt over ryggen og klådde dei under haka. Då vart dei rolegare. Dei skjøna visst at eg ikkje var ein så farleg fyr likevel. Då eg hadde bunde dei til tofta i båten og byrja ro, såg dei forundra utover esinga ( båtripa ) på dei bårene og blåsor som årane let etter seg når eg rodde. Eli syster stod i stranda i Naustvika og ropte så snart ho såg meg, om eg hadde fått to kje - Ja, svara eg. Då vart ho glad. Me leidde dei heim, gav dei mykje mjølk og lærte dei å eta flatbrød. Dei fylgde oss ut og inn som hundar. Og me vart meir og meir glade i dei. Dei voks og treivst stort. Dei gløymde visst at dei var blant framandfolk. Og så morosame dei var! Me kunde ikkje sjå oss mette på alle dei kunster dei gjorde. Dei sette i dei forunderlegaste krukedansar, hoppa ende til vers fram eller attende på ein så løgleg måte at me måtte le. Når vi vart lei oss for noko, lurte me oss inn i løa og tok eit kornband som eg og Eli bytta mellom oss og så flaug me bortover bakkane og kjea etter med dei løyligaste himmelspett, så me måtte kasta oss i bakken og le ut, medan kjea åt kornet. Jau, det var moro! (Når eg skriv dette ser eg det så klart føre meg, at eg enno må le so godt med meg sjølv). - Så kom dei til oss og la hovuda i fanget vårt og jorta så velnøgd. Når me lurte oss i frå dei, så dei ikkje såg oss, flaug dei remjande over haug og hammar til dei fann oss att. Bukken fekk store horn og eit langt drusteleg skjegg og eg trur han visste det sjølv og var stolt over begge . Eg fann meg ein gammal kam og kjemde skjegget hans mest kvar dag, og det likte han godt. Når han såg meg kom han springande og lyfta på hovudet sitt, rista på skjegget som om han ville seia: "No må du kjemma meg att." Ein kveld våren etter kom far inn og sa at der var ein fehandlar ute som ville kjøpa geitene våre, om me ville selja dei. Men då la me i veg for å berga våre trufaste vener og sa at me ikkje ville selja dei til nokon pris. Far lo og sa at me kunne gjera som me ville for han. Men fekaren vart snurten og meinte det var meiningslaust å retta seg etter "grasungane". Eg minnest kor glade me vart då han gjekk sin veg. Då hausten kom var dei så store og tunge at berre vaksne karar kunde lyfta dei. Ragget var så langt at det nådde ned til jord. Om kvelden la dei seg ned ute på Grasbakken tett til kvarandre og jamnast med hovudet yver halsen på einannan. For moro skuld prøvde me å ha dei i kvar sit rom. Men det likte dei ikkje og gav inga ro før dei kom saman att. Når dei kom opp på hustaket vårt (den tida hadde me torvtak) glytte dei ned gjennom ljoren og såg forundra på oss som åt, og då remja dei og ville ha av maten vår, så me måtte ut med eit kvart slag. Då kom dei vandrande nedetter taket og byrja eta. Eg hadde høyrt at geiter var glade i tobakk og bad
far om eit lite blad. Far meinte det var meir enn nok at han brukte
tobakk, om eg ikkje skulle læra geitene til det same. Men om eg ikkje
sjølv ville "leggja meg på det", skulle eg få eit lite blad og prøva.
Jau, dei var fælande glade i tobakk og sleikte på fingrane mine meir
enn etter salt som dei og var grådige etter.
|
|
|
Eg var jamt i Hamn, den næraste handelsstaden, for å kjøpa eit og anna me trong til huset. Ein dag eg var der kom eit notlag frå Sundsokna. Dei hadde vore på "Sørafiske". Notbasane heitte Nils og Mons, og så var det ein lutmann som heitte Håkon. Dei var fulle alle tre, men dei ville ha meir - øl og vin (vin i ølglas). Men ei så fæl stund har eg ikkje opplevd. Dei banna og bad til den vonde så fælsleg at eg syntest den vonde var lys levande til stades. Og det var han vel og. Ei ung jenta la handa si på Mons sin arm og bad han at han ikkje måtte snakka så fælt. Men med ein eid riste han handa hennar tå seg og drakk enno meir. Han Nils var ein gammal mann og han skalv så sterkt på handa at han knapt kunne løfta glaset opp til munnen. Men banna kunne han, so det var ei gru å høyra på. Eg var så redd at eg skalv over heile kroppen. Eg sprang ut av krambua. Då eg kom ut under open himmel og såg sola skein so klart og høyrde bekken risla stod det heile for meg som ein vond draum. Eg tenkte at når vin og brennevin kunne gjera folk såleis, verre og styggare enn noko udyr - burde slik gift vera forbode og dei som handla med slike varer enten setjast fast på livstid eller jaga ut av landet. Det vart lenge før eg våga meg i Hamn att. Og når eg kom til krambua var det som om eg høyrde dei fæle orda og som om den vonde ikkje var langt borte. Og ei tid seinare var det ei tenestejente i Hamn som skulle ha sett noko fælsleg skremmande nede på bua, så ho mest vart skremd frå vettet sitt. Så er fortald meg.
|
|
|
Hausten etter vart eg og Eli søster mi, og to andre
born her på garden sjuk av skarlagsfeber. Eg var mest sjuk av dei. Eg
ville plent kjøvast. Alle trudde eg kom til å døy, og sjølv trudde eg
det og. Ein dag kring kyndelsmesse (Katolsk lysmesse 2. februar. I folketrua ein merkedag då halve vinteren er gått. red anm.) skulle eg få vera med far til Krosshamn. Om morgonen var veret fint. Men heile sydausthimmelen var gloande raud. Då me rodde framom Veggeneset sa far at me fekk nok skunda oss, for han ottast snøstorm om ettermiddagen. Me so gjorde - Men me var så vidt komen i land på Krosshamn før uveret braut laus - ein forrykande snøstorm frå sydaust. Det var ikkje tale om at nokon som var der kunne koma derifrå såleis som veret då var. Men då det leid frampå ettermiddagen sa far at me laut prøva. Med største møda vann me oss opp til Krossøy. Då orka me ikkje meir. Der låg me i to timar og venta på at uveret skulle spakna. Men nei, det vart heller verre. Eg fraus fælt. Eg skalv. Då visste far ikkje noko anna råd enn å hamla nedatt til Krosshamn. Det såg stygt ut. Dei rasande bølgjene truga kvart augneblink med å fylla båten. Men me kom oss vel i land. Då var eg so valen både på hender og føter at eg måtte krypa opp trappa. Då var det kveld og me fekk oss seng på bondestoveloftet. Der var det isande kaldt. Eg kunne ikkje verta varm endå far breidde mest alle kleda over meg. Midt på natta gav uveret seg og det vart dammande stilt. Då gav me oss på heimferda. Far rodde som berre han kunne ro, og me kom snart til Straumen. Eg vassa heim gjennom snøen så fort eg kunne. Våre hadde vore fælande redde for oss. Men då eg kom og kunne fortelja kva som hadde hendt, vart dei glade. - Frå den tida var eg aldri rett frisk. Først vart eg stiv i høgre handledd og kneledd. Men eg trudde at eg ville verta god att. Den vona måtte eg snart sleppa. Det vart verre og verre. Og tredje juledag same året (1879) måtte eg gå til
sengs og stod så ikkje opp att meir. Distriktslækjaren var fleire gongen
hjå meg. Men han forstod ikkje sjukdomen min. Han ville kvar gong sjå
tunga mi og gav meg så noko mikstur å drikka! Men der gjekk gjetord
om ein lækjar, dei kalla Gjestland. Kunne me få han ut til meg ville
nok han vita ei råd. Far lova meg at han skulle reisa eins ærend til
han. Han budde på Nymark på Tysnes. Far heldt ord og lækjaren hadde
sagt at han skulle koma ein viss dag. Eg leid stor smerte, men hadde
da god von om å verta fri all verk og pina når den namngjetne lækjaren
kom. Lækjaren skjøna visst noko av korleis eg hadde det innvortes, for han klappa meg bort på hovudet og sa: Kanskje det kan verta til ditt beste!" No er det gått over 56 år sidan den tida og enno ligg eg her sameleis. Eg må seia med den hardt prøva gudsmannen: "Mine dagar dei kvarv bort og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emnar på" (Job 17.11). |