|
TORVTAK. (5-6)
av Olav K. Drivenes
(Trykt i "Sunnhordland" 2001)
Øyane og kystbygdene i Noreg hadde tidlegare lite av skog. Del
største og mest utbreidde trea her var braken og raunen, med
litt selje, hatle og osp hist og her.
Den frodigaste vegetasjonen var lyng i ulike variantar. Det var såleis
lite å henta av brensel frå skogen.
Men mest all oppvarming og matlaging måtte gå føre
seg ved hjelp av brensel til å fyra opp med i komfyrane og stoveomnane,
og dette brenselet måtte hentast i naturen. Når det såleis
var lite å finna av skogsvyrke, blei det torv folk måtte
folk ty til å fyra med.
Rett nok blei primusen med oljebrensel nytta i nokon grad, men olja
måtte kjøpast for pengar, medan torvet ikkje førde
med seg nemnande utlegg.
Torvet henta dei frå myrane. Det var små dalsøkk
med vassamling mellom haugane, der molda hadde vorte vaska ned frå
berga og lagt seg i vatnet til den etter lang tid hadde fylt det att
og laga torvmyr av det. 
I tillegg til mold og vatn var her store trerøter, tømmerstokkar
og andre planterestar i forråtning, og det heile danna ein god
blanding som kunne brennast når det blei tørka. Røtene
og stokkane vitna om at det i tidlegare tider måtte ha vore skog
her, storskog til og med. Teorien er at uthogging og brannar hadde ført
til at skogen forsvann. Restane av denne skogen var no å finna
som store og små deler i torvemolda og blei til brensel saman
med den.
Gardsbruka kringom hadde fått tildelt torvmyrar i utmarka, oftast
på eigen grunn. men dersom det ikkje fanst torvmyr på eit
bruk si utmark, fekk dette bruket myr ein annan stad. Den blei då
liggjande på eit anna bruk sin grunn, med di heile utmarka var
utskift mellom bruka. Alle bruk skulle eiga ei torvmyr.
Tradisjonell torvspading.
Det var to måtar å ta torv på. Den eine var å
spa torvet direkte frå myra. Der var jordsmonnet så pass
hardt at dette var mogleg. Då var det berre å flekkja av
graset og røtene på toppen og syta for å ha ei "brun"
å starta frå. Så skar ein med spaden eit stikk på
kvar side av torva,
så langt mellom dei at det gav høveleg torvbreidde, deretter
eit stikk i bakkanten, og del kunne vippa ei ferdig torve opp med spaden.
Torva måtte så leggjast til tørk på høveleg
stad og seinare verta snudd for å tørka på andre
sida og. Det kunne vera tale om vekers mellomrom her, alt etter kva
veret vart etterpå. Det vart skore mange slike torver på
ein dag, men så var det også vinterbrensel det var tale
om her.
Seinare vart torvet 'sperra" og "krakka". Då vart
to torver sett på skrå opp med øvste kanten til støtte
mot kvarandre, då var det sperra. På toppen vart det lagt
ei tredje torve flatt opp på dei to, og dei såg ut som ein
krakk der dei stod, altså krakka, og såleis fekk ein ei
betre tørking.
Det som ikkje vart ført eller bore heim, blei lagt opp i store
såter, slik oppbygde at regnvatnet kunne renna av utan å
væta ut torvet i særleg monn. Der kunne så desse såtene
stå, og ein kunne henta av dei når det høvde, eller
når det minka på lageret i torvløa.
Heile dette arbeidet kunne utførast av familien åleine.
Mannen i huset skar torvet og gjorde ulikt grovarbeid som følgde
med, ungane bar torvene bort på tørkeplassen og kona kunne
variera mellom det å bera torv, og å syta for at folket
fekk mat og stell, I torvmyra kunne ein ikkje hefta seg av med å
gå heim og eta. Oftast var myra så pass langt heimafrå
at det tok lang tid å gå fram og tilbake.
Det var dessutan stor stas, særleg for dei yngste, å få
eta ute. Når så dei vaksne også åt ute saman
med dei, var hugnaden enda større. Litt tid til leik følgde
alltid med og.
På denne måten hadde familien skaffa seg brensel for vinteren
utan å ha lagt ut ei krone. Eit spaskaft kunne rett nok ryka og
kosta litt å få erstatta. Fortenesta til den einskilde var
det dei hadde greidd å spara med å gjera arbeidet sjølv.
"Pengar spart er pengar tent", var eit uttrykk dei levde opp
til i mange samanhengar, slik også her. Pengane eller kronene
var ikkje så mange hos kystfolket då.
Maskintorvtaket.
Så var det den andre måten å ta torv på - maskintorvtaket.
Til det kravdes fleire folk, og det måtte bli dugnad eller bytesarbeid.
Fleire brukseigarar gjekk saman om å ta torv, først hos
ein og så hos dei andre etter tur. Torvmaskinen åtte dei
ofte i lag. Ved maskintorvtak var det ein som heiv mold opp av ein "høle"
(hole eller grop) i myra, vanlegvis mannen på det bruket dei tok
torv. Der han la molda, stod det ein som la henne opp i maskinen og
dynka henne.
To mannfolk, sjeldan kvinner, sveiva drivverket rundt og ei rekkje personar
tok ferdig torv frå maskinen med ei "spøve" (ein
trespade) og bar det bort på ein eigna tørkeplass.
Det blei mange spaserturar att og fram mellom torvmaskinen og tørkeplassen
med torv gjennom ein heil arbeidsdag. 
Maskinen var ei sylinderforma tønne, kring 1,20 m høg
og med ein diameter kring 60 cm. Denne blei plassert i torvmyra og hadde
eit drivhjul på toppen. Det blei snudd rundt med to sveiver og
krafta overført til ein skruvalse som skrudde molda nedover etter
kjøtkvernprinsippet og mol henne sund inne i tønna. Ein
høveleg blanding med vatn måtte til før molda kom
som ein seig masse ut gjennom ein opning i nedste enden av tønna.
Der passerte massen gjennom ein slags kasse - eit "slok"-
så stor som ei torve skulle vera, open i eine enden, og det var
berre å ta ferdig torve frå den med torvspøva og
gå til tørkeplassen med henne. Etter kvart vart området
omkring sjåande ut som ein nyspadd åker, svart over alt
av torv som var lagt ut til tørking.
På maskintorvdagane kunne ein utveksla nyhende med kvarandre,
ein slags "kyrkjebakke". Her gjekk praten lett, og mange var
dei historiane og skrønene som blei fortalde.
Mang ein person fekk sin omtale på godt og vondt, og råd
og vink om dette og hitt kunne ein også få. Ofte hadde dei
eldre litt livsvisdom og moral å innprenta dei unge med og.
Arbeidsdagen var lang, vanlegvis frå kl 7 om morgonen til i 7-tida
om kvelden. Innimellom var det ein halv times føremidedagskvild
(lunsj), to timar middagspause, og ein halv time til nonsmat. Små
kvilestunder på 5 til 10 minuttar kunne ein også unna seg.
Oftast var ein godt trøytt etter torvdagen.
Framgangsmåten etterpå var lik den med spatorvet. Det blei
sperra, krakka og lagt i såter og bore eller frakta heim i torvløa
når det høvde, eller når det blei bruk for meir brensel.
Torvsåtene kunne nok stå ute lenge, men det var sjølvsagt
tryggast å få torvet i hus før haustregnet kom. Sumtid
var det eit skjul nær torvmyra der torvet kunne lagrast til så
lenge.
Kipa var berereiskapen framfor nokon til torvbering. Den slengde dei
på ryggen og rusla seg ut i marka eller til fjells for å
henta ei torvkipe. Ho kunne fyllast på torvstaden og torvet berast
heilt heim utan mellomstasjon. Det vanka stundom vond rygg eller gnagsår
på akslene etter slike turar. Dette også var arbeid der
alle i familien måtte trø til, kvinner som menn, tilmed
borna, dei bar ei torve under kvar arm på heimvegen.
Elles vart handkjerra mykje nytta til torvtransport når det var
køyrande deler av vegen. Ein lessa frå kiper til kjerra
var full, og drog så heim med lasset.
Låg torvstaden høgt i lendet, vart det stundom strekt løypestreng
fram til veg, torvet sendt i sekker ned over den og frakta vidare heim
i kjerre.
Robåten kunne bli nytta til frakt av torv. Torvmyra låg
ikkje alltid "landfast" til heimegarden, og då kom båten
vel med når torvet skulle heim.
Det blei mange handteringar av torvet før det var heime og kunne
puttast i omnen.
Under krigen i 1940-45 nådde torvtaket eit høgdepunkt.
Men etter kvart skjøna folk at torvtak var jordøyding.
Lite jord var her frå før, og når ein i tillegg skulle
tørka og brenna henne, så sa jo fornuften at dette burde
det bli slutt på. Jorda kunne gjera så mykje større
nytte for seg på anna vis.
Men kva var så alternativet til torvbrenselet når her var
så lite av skog. Kol, koks og olje kunne nok erstatta det fullt
ut, men desse kosta som nemnt pengar.
Men etter krigen blei anna brensel meir tilgjengeleg for alle, det blei
også meir pengar blant folk, og torvtaket slutta av seg sjølv,
noko dei fleste var glad for.
Ein snunad på brenselspørsmålet kom også med
elektrisiteten. Den førde med seg ei enorm utvikling, og på
mange måtar eit betre liv for kystfolket. Det gamle ordtaket "
det
vart som natt og dag..." kan truleg brukast til samanlikning her.
I dag ligg torvhølane og torvmyrane og vitnar om slit og strev
i tidlegare tider. Smått om senn så gror dei att.
|