Støling |
|
Av Olav K. Drivenes - trykt i Sunnhordland årbok 2002 Medan dei i andre luter av landet vårt drog til seters og var der oppe mesteparten av somrane, gjekk dei på stølen her i våre bygder. Det dreidde seg mykje godt om same føremålet. På setra var folka heile tida saman med buskapen sin, der mjølka dei, ysta og stelte om dyra til dei drog heim att ut på ettersommaren. I kystbygdene som andre stader vart løene tomme fot høy om våren, dyra rasla med lekkjene på båsen og ville ut. På bøane heime kunne dei ikkje gå. for der skulle graset gro og veksa, for seinare å bli slått og samla i løa til vinterfôr. Då vart dei sende på beite i utmarka. Der måtte dei greia seg sjølve om dagane, og så gjekk folk og stelte om dei kveld og morgon. Dei gjekk på stølen vart det kalla. Det var kyr og sauer som såleis blei sende på eit slags sommaropphald i utmarka. Der var det store vidder for dei å fara over, og vokstrane dei fann var lyng, brake, bregner og gras. Innimellom sutla det små bekker med klårt og reint vatn som dei kunne drikka av. Skog var det mest ikkje, og det blei lett å finna dyra att om dei stundom tok seg ein rusletur lenger vekk enn vanleg. Ofte var det med ei bjølleku som gav lyd frå seg om dei skulle ha forsvunne bak ein haug.
Sauene blei som nemnt også sleppte utpå sommarbeite i marka, men dei var det ikkje så mykje stell med. Dei greidde seg sjølve og vanka vide omkring for å finna mat. Den hadde dei elles ingen vanskar med å firma, og ikkje var dei så kræsne på maten heller. Stundom vanka det godbitar på dei når einkvan av husfolket tok seg ein tur og såg etter dei og hadde noko dei lika med til dei, Sauene blei snart skjerre og redde nar det gjekk fritt på denne maten om somrane og ikkje hadde den rette kontakten med eigarfolket Det hende at ein sau eller eit lam gjekk seg fast - i skorfeste - då måtte dei bergast ned. Ein litt underleg ting å merka seg var -eller var det ikkje så underleg? - både kyr og sauer frå same fjøset heldt jamnast lag. Det kunne nok vera dyr frå andre fjøs i nærleiken, men det var lite dei blanda seg. Oftast heldt dei seg til sine. Det var jo greitt, for når du fann dyra dine, så var dei der alle, vanlegvis, og du slapp å skilja ut dyr som ikkje var dine eller ikkje skulle same vegen. Men skulle ein annan dyreflokk same vegen tok ein gjerne den med og. Det var alltid dei som var takksame for det. Ei lita teneste i ny og ne vart sett stor pris på. Stølsdrifta gav lite sommarferie til den som hadde kyr. Kvar
dag var det pålagt deg å gå på stølen
kveld og morgon. Dyra skulle ha stell og dine eigne ynskje og behov
måtte koma i andre rekkje. Folk kunne nok bytast om desse pliktene
når det var fleire i familien, det blei også gjort. Men
kona i huset hadde andre plikter og kom sjeldan frå, sjølv
om ho slapp gå på stølen av og til. På eit
gardsbruk var det ikkje berre stølsgonga som batt deg heime om
sommaren, ei rekkje andre gjeremål ein ikkje kunne koma utanom,
kravde einkvan til å vera der og utføra dei til ei kvar
tid. Ferie var eit mindre kjent omgrep då enn no, og langt færre
hadde dei store lengslene etter den. Det kan sjå ut som om det var kvinnene som gjekk på stølen. Det var det jamnast, men det hende at ein mann eller to også gjekk. Dei måtte vera mjølkekyndige dei som skulle gjera den jobben, og det var ikkje alle menn som tok seg tid til å læra seg å mjølka. Dei hadde anna å ta seg til, meinte dei. Men ungane var gjerne med på stølen. Dei kunne brukast til så mangt - som å gå langt av garde å finna dyra og jaga dei heim til utefloren. Dei kunne moka og stella det dei formådde, og dei kunne hjelpa med å bera eitkvart. Du høyrde sjeldan at ungane freista vri seg unna stølsturane, ein må tru dei likte det. Men om morgonen var dei sjeldan med, det var i tidlegaste laget for dei å stå opp då. Men så tok stølsdrifta ein ende - som så mangt anna
innan gardsdrifta på våre kantar -. Først laga dei
kulturbeite i nærleiken av heimefjøset og let kyrne gå
der. Etter kvart minka det på husdyrhaldet, berre ytterst få
hadde kyr att, og dei innretta seg slik at dei slapp å gå
på stølen. Den skikken er no heilt borte. |