|
Av Olav K. Drivenes
Skylddeling kalla del det når ein tomt eller del av ein eigedom
skulle skiljast ut til ein annan eigar eller til eit gitt føremål.
Det var ei viktig oppgåve for dei som skulle gjera jobben, og
dei hadde nøyaktige retningsliner å gå etter om korleis
utskiljinga måtte føregå.
Det heile starta med at ein (land)eigar blei tilspurd av einkvan om
å få kjøpa ein tomt på eigedommen hans.
Dersom dette var i orden, kontakta eigaren lensmannen som så nemnde
opp skylddelingsfolk.
Vanlegvis henta lensmannen namna på desse personane ut frå
ei liste over dei som kommunestyret valde til å vera domsmenn
i heradsrett og lagmannsrett.
Tre menn og ein varamann vart oppnemnde. Oftast var dei frå det
området - bygda/øya der fråskiljinga skulle føregå.
Ein av mennene blei oppnemnd til formann. Han fekk tilsendt dokument
til utfylling ved skylddelinga og skulle syta for at alt vart utført
på rett måte. Han måtte også avtala med grunneigar
kva dag og tid som høvde for oppdraget, og varsla dei andre to
om tid og stad for frammøte. Svært ofte vart slike oppdrag
lagt til laurdag. Då var folk oftast heime og kunne lettare ta
seg fri frå daglege gjeremål enn ein annan dag. Det same
galdt for skylddelingsmennene og.
Så møtte dei fram då, tre sindige menn, for å
setja mål, merke og tekst på teigen som skulle skiljast
ut. 
Her venta eigaren, stundom også kjøparen og kanskje ein
som skulle bli nabo til den nye tomten.
Målinga føregjekk ved at ein stega opp lengda frå
eit punkt til eit anna, og rekna ein meter i kvart steg. Det stemde
nokså godt. Men stundom laga del seg ei snor på 10-15 meter
med ein knute for kvar meter, to meter eller fem meter. Dette blei godt
brukelege "måle-band".
Oppmålinga starta frå eit (namn)gitt punkt i berg eller
ein stor stein, der det blei hogge ein kross med minebor og hammar.
Ved mangel på berg eller stor stein blei det sett opp skiftestein.
Det var ein høveleg stein som blei sett på høgkant
i jorda, gjerne med to mindre steinar attmed, som vart kalla "vitne".
Frå dette utgangspunktet gjekk ein så i den himmelretningen
det fall naturleg til neste punkt, der det også blei sett kross
eller skiftestein. Lengda på lina mellom første og andre
punktet blei målt ved at ein stega henne opp eller med tillaga
snor.
Herfrå gjekk ein vidare i ein annan himmelretning til neste punkt,
og vidare i nye retningar frå punkt til punkt, idet ein følgde
same prosedyren til ein kom attende til utgangspunktet. Undervegs laga
ein seg gjerne eit kartriss med lengder og himmelretningar på
linene rundt tomten. Risset var godt å ha når oppdraget
skulle skrivast på papir. Ulendt terreng og tett skog gjorde oppmålinga
vanskeleg til sine tider.
Neste oppgåve var å fylla ut det papiret - eit utarbeidd
skjema - som rett utfylt skulle bli eit offentleg dokument. Mennene
samla seg i stova, eller ein annan stad som høvde, for å
skriva ned det som sidan skulle gå til ein rettsleg instans for
å bli godkjent og tinglyst.
Det var ein del opplysningar som måtte gjevast i tillegg til det
å skildra den fråskilde tomten. Denne skulle t.d. ha vassrett
og vegrett. Det måtte gå fram kva han skulle brukast til
- bustadføremål, industriføremål eller anna
bruk -.
Parsellen skulle ha eit namn, reknast ut storleik på og gjevast
landskyld (mark/øre). Det måtte vidare påførast
kven som skulle ha arbeidet og kostnadene med skylddeling og tinglysing
og honorar til skylddelingsmennene. Dette for å nemna noko av
det det blei spurt etter.
Til slutt stod det att å underteikna, og det var litt småhøgtideleg
når skrivaren/formannen gav det ferdige dokumentet til rette vedkomande
for vidare handtering.
Så blei skylddelingsfolket og moglege andre bedne til bords, for
det høyrde ofte med eit lite kaffislabberas. Det skulle pratast
om laust og fast, om nytt og gammalt av lokalt eller sentralt stoff.
Det var kanskje folk dei ikkje råka så ofte dette, og berre
det gav dei mykje å preika om.
Etter endt bordseta og 20 kroner rikare - på slutten vart honoraret
50 kroner - rusla skyldelingsfolket heim att, eller til ein ny skylddeling
ein annan stad.
|