Intervju med Hallvard Bjånes 1969 |
|
I våre dagar ser det ut for at jula byrjar tidlegare for kvart ar. No er det jul minst ein månad før den "rette jula". Ein kan berre t.d., ta ein tur inn til byen for å sjå det. Og på landet kjem me no og etter så godt me kan. No skulle me no ikkje tru at dette skulle vera naudsynleg då ein no kan få kjøpt så å seia alt ferdiglaga. Når dei skulle laga til jul i gamle dagar, måtte dei vera ute i god tid. Ville ein ha eit nytt plagg til jul, måtte dei lage det heime, og noko nytt til jul måtte ein ha om det så var berre eit par tresko. Dei måtte no vera særs frå seg gjorde, når dei skulle vera til jul. Og, så var det til å spinna og spøta, sauma og av. Det galdt å skunda på for fekk ein ikkje noko nytt til jul, vart ein julabrand" som det heiter her og det var no ei skam. Men det var mykje anna som skulle gjerast. Det var somme som bryggja øl og. Når han som bryggja var ferdig med det og hadde smaka på det, måtte han ikkje gløyma å gå med ølausa og slå ein skvett i alle krærne i bryggjarhuset. Det var "kråkjerringane" som måtte få smaka. Så måtte ein til med julabaksten. Det var no mest husmora som baka. Det kunne henda at ein leigde einkvan og. Skulle dei greia bakinga på dagen laut dei vera tidleg på an for det måtte vera ein stor stapel flatbrød, slik at det kunne rekka ei stund ut over året. Og så laut det vera ein dugeleg steikjar, for det var ikkje alle som kunne steikja flatbrød. Ofte gjekk steikinga føre seg i eit eldhus. Dei hadde ei stor steikjehelle, og sa mura dei opp med nokre passelege steinar så det vart plass til veden. Det var no mest torv som vart bruka her, og ikkje var det alltid så god avgang for røyken heller. Så det rann mange tårer frå den som skulle steikja. Men det var ikkje av sorg. Og så var det no snart jul då. Dei gløymde nok snart tårene når dei fekk sjå den store brødstapelen, skulle eg tru. Nekte lefser baka dei og. Og til jul måtte ein no til handelsmannen etter litt kjøpebrød og. Det måtte ikkje gløymast å mala tjørekrossar på uthusdørane, og så laut der vera ein sigd eller ljå i høystålet for det var ymse vandskap som var ute og gjekk. Julereia var no den verste. Julenek til småfuglane matte og vera på plass. Ekstrafôr til husdyra trur eg ikkje var so mykje brukt her. Dei hadde vel ikkje så mykje for at dei hadde råd til det. Julenissen var det no ikkje så mykje snakk om i. gamle dagar. Nissen var no helst eit heilårsfenomen her. Han heldt til ombord i farty, og somme likte å ha han der endå han stundom kunne finna på ymse fantastykke. Når så alt det andre var unnagjort og kvelden kom julaftan, var det for heile familien "å gå i stampen" . Det vart boren ein stamp inn i stove og så bada dei etter tur. Stampen vart fylt med passeleg varmt vatn. Ferdig med det, skulle sjølvsagt dei nye plagga takast i bruk. Til kveldsmat julaftan var det vanleg fisk og poteter, flatbrød og nykinna smør. Julegrauten hadde dei helst til middag 1. juledag. Etter kveldsmaten var det andakt. Husfaren las juleevangeliet og så vart det sunge eit par salmar. Ei salme som var mykje brukt i jula var: Et lidet barn så lystelig. Så vart det bore inn halm og laga til flatseng på golvet og der skulle heile huslyden liggja julenatta. dei skulle liggja påkledde Og så måtte lyset brenna heile natta. Lysa støypte dei av sauetalg og somme kalla dei for "kjerkelys". Kor lenge skikken med å liggja på golvet julenatta varde, veit eg ikkje, men mor mi som var fødd 1851 hugsa godt den skikken. Og i alle fall ungane tykte at dette var festlig. I jula skulle dei sjølvsagt til kyrkje, men då Austevoll var anneks, så var det vel helst 2. dag dei hadde preik her. 1. dag jul skulle dei nu mest halda seg heime, men seinare vitja dei kvarandre. Dei samlast gjerne hos ein av grannane og "gjorde julaspel", som dei kalla. Det var ymse leikar, gjetteleikar og andre leikar. Og så var det noko som vart kalla "å gå våkenatt". Då samlast dei hos ein av grannane som hadde den største stova og dansa utover natta. Derav nemninga "våkenatt". Trettandedagen var det slutt på jula. Etter den dagen kunne ein ta til med grovarbeidet att. Å jau, dei kunne ha det hugnadsamt i jula i gamle dagar og. Dei gledde seg visst meir til jul då enn me gjer som lever i den såkalla velferdsstaten.
|