Bordskikk til kvardags |
|
Av Johan Tufteland, 1950. I dei gamle husa vart mest all mat laga i stova der folka budde og
åt. Der hadde dei og det meste av innahysesarbeidet sitt. Bakinga
arbeidde dei med ute i gangen. Men middagsmat, kaffimat o.likn. blei
koka og laga til på stoveomnen. Det var vanleg ein lav og lang
omn med to ringhol. Alle sat og åt ved bordet i stova til alle måltida. Husbondfolk og tenarar åt saman, og alle fekk same mat. I nyare hus med særskilt kjøken er det vanleg at dei et på kjøkenet når det er rom til det der. Dei sparer då noko arbeid med di dei slepp bera maten så langt. Til serlege høgtider - jul o. likn. - sit alle ved bordet i stova. Dei gamle hadde sine faste plassar ved bordet. Framande som kom innom, fekk plass i benken ved stoveglaset. Mannen i huset sat ved andre sida av bordet nærmast veggen. Kona i huset sat ved enden av bordet. Dei andre husensfolka sat ved same sida som husfaren og elles saman med dei framande i benken. Borna fekk sitja på fanget og når dei blei større i benken. Dei stod ikkje ved bordet anna ein sjeldan gong det kunne henda. Det har ikkje vore bruka serskildt namn på husbonden sin plass anna det for moro kan ha vore kalla høgsetet. Stundom og bestefarstolen. Heidersplassen i ei moderne stove er vanleg ved bordenden lengst frå døra. Men det kan variera mykje då det ikkje er nokon ålmenn regel for dette no. Handvasking var lite nytta. Fiskaren skylde nevane godt i sjøen ned med bryggja før han gjekk heim til middag. Det var ikkje fint å sitja med huva på ved bordet. "Er du brudgom i dag?" sa dei når nokon sat med hatt eller huva på seg. Det har visst vore urgamal skikk at brudgommen skulle sitja med hatten på ved brudlaupsbordet. Før 1900 hende det at sume nytta same fatet til å eta av. Krus eller kopp brukte dei både til kaffi og til mjølk. Kvar hadde sin kopp som han nytta til båe delene. Koppane var av krusety. Dei duppa skeia med grauten i mjølka når grauten var for varm til å stikka beinveges inn i munnen. Elles åt dei opp grauten for seg og drakk mjølk til. Det er sjeldan at dei heller mjølk på grauten. Det ser vel noko slapse ut, og kom fyrst i bruk med moderne og fin deserteting. Dei auste opp grauten or gryta med ho stod på omnen. Og så bar dei tallerkane til bordet og sette dei framfor kvar som skulle ha mat. Det var gamal skikk å laga bete. Dei tok flatbrød og la fisk og poteter mellom og gjerne litt smør og. Dette var berre nytta til middags. Når dei drakk kaffi skulle det vera best å ta sukkerbiten i munnen og drikka til. Dei gamle stakk sukkerbiten ned i kaffien og bløytte han fyrst. Dei gamle tømer alltid kaffien ned på skåla og drikk av den. Det gjer dei anten kaffien er skåldvarm eller berre lunka. Når det gjeld dekketøy var nok gaffelen kjend
alt kring 1900, men blei berre nytta til høgtids i sjond o. likn..
"Enno er det mange som et med kniven og fingrane. Dei kan ikkje
bruka gaffelen skikkeleg. Dei er mest heilt hjelpelause når dei
ein hende gong kjem i eit fint lag og skal svinga opp med dei fine etargreiene."
(Tufteland, 1950) Før 1900 nytta dei stundom tollekniv og ymse
slag falleknivar. Det var då vanleg at husmora smurde maten med
kniv og etla ut til kvar det han skulle ha. Det er og fortalt at sume
gamle smurde med fingrane og klinte smøret på med tommelfingernaglen. Steintallerkane kom i bruk noko før 1900. Bordduk har vore nytta dei siste femti åra (1950). Det var vanlegast med voksduk. Kvitskura bord var lite nytta her. Kvar tok av fatet etter kvart han åt. Brød
og kaker etla husmora ut stundom, alle fekk då omlag like store
porsjonar. Når borna kom opp i 5 års alderen, lærde
dei å forsyna seg sjølv. Når det gjeld bordskikk var det vanleg folkeskikk her å lesa før og etter maten. Det yngste barnet som maktar det, les høgt eit bordvers eller ei lita bordbøn. Serleg måtte dette gjerast når det kom framande, eller når ein familie med barn kom på vitjing til barnlause. Det blei vanleg prata mykje medan dei åt. Var det framande til bords, gjekk praten svært livleg. Noko serleg fornod mot å le var det ikkje, når låtten elles ikkje vart for styrlaus. Men ein skulle ikkje syngja ved bordet. "Mannen visste ikkje at kona var galen før ho song ved bordet", var eit uttrykk. Ein skulle sitja ved bordet til alle var ferdige, og det
var/er vanleg å seia "takk for maten". "Velbekomme"
eller "Signe maten", sa ein framand når han kom inn
i ei stove der dei sat og åt. Kaffekjelen stod sjeldan på heile dagen, men det var snart gjort å lunka på han litt. |