Til opningssida

Gravferda på Storebø i 1941

 

Frå Krigen og Austevoll av Finn Dyngvold, 1980 s49 og 52-53

Våre allierte
Gravferda på Storebø den 21. april 1941

I Bergens Tidende for 16. april 1941 står det bortgøymd på side 5 over
ei enkelte spalte:
"Det tyske luftvernartilleri skjøt ved 9-tiden i dag (tirsdag 15. april)
ned et britisk fly av Bristol-Brenheim typen som fløi mot Bergen".


Men for austevollingar den gong var det ikkje naudsynt å bla i Ber-
gens Tidende for å bli mint om kva som skjedde. Flyet vart ikkje skote
ned av luftvernartilleri slik det står i notisen, men fleire augevitne kan
fortelle at det engelske flyet vart skote ned i luftkamp med tyske fly. Det
fall ned i utmarka sør på Drøna, like i nærleiken av Busepollen og dei
tre flygarane - Georg Webb, Edmond Hill og ein ved namn Ross -
vart alle drepne.


Rikard Storebø var like i nærleiken i båten sin og korn straks til. Det
same gjorde Torkjell Rostøen og karane i steinbrotet. Likeså Harald
Møgster, Anton Kolbeinsvik og ein del andre. Det var eit fælt syn som
møtte dei. Før mannskapet frå vaktbåten kom til sikra Rikard Storebø
seg nokre papir han fann på vrakstaden og dessutan ein revolver. Dette
låg gøymd under løegolvet heime på Storebø under heile krigen.
6 dagar seinare vart dei 3 flygarane gravlagd på Storebø under fylgje
av ei menneskernengd som ikkje har vore sett maken til i manns minne.
Gravferda var ein mektig og verdig demonstrasjon som aldri let etter seg
nokon tvil om kvar sympatien låg.


Rikard Storebø tok ved dette høvet ein biletserie på ca. 20 bilete som
den gong var eineståande i sitt slag.
Viser elles til tekst under kvart bilete.


Nils Heimark frå Kolbeinsvik skreiv i høve gravferda eit vakkert og
gripande dikt som i sitt innhald er tidlaust. Det høver like godt i dag, i
andre land og under andre himmelstrok som det gjorde her på Storebø
denne gryande vårdagen for over 39 år sidan.


Fredrik Elholm las diktet ved grava.

Vi står her forsakte ved båren -
er vitne til alt dette tunge -
En kontrast til den gryende våren
er døden som møter de unge.

Uanede mengder av krefter -
hvorav disse var også den del,
var før, og blir også heretter
historiens milepel.

Vi vet ikke hvorfra de kommer
og hvor deres vugge har stått -
Men vi vet at det fins ingen sommer
som demper en moders gråt.

Gud - hjelp du hver mor og hver søster
som savner sin sønn eller bror.
Og vær deres store trøster
i fremmede land hvor de bor.

Å - måtte verden bli bedre
og opp fra slik uforstad heves.
Det er slik vi de falne skal hedre -
da er de ei døde forgjeves.

Og la oss ta med oss i minner
Et stykke av kirkegådeshaven.
Hver tåre som flyter på kinnet
er roser som vokser på graven.

Bileta er her: Gravferda til tre engelske flygarar