Til opningssida

Økshammaren fyr/fyrlampe

 

av Olav K. Drivenes


Økshammaren er eit bratt nes på austsida av Selbjørn i søre enden av Bekkjarviksundet, nett der du startar reisa sørover Selbjørnsfjorden På dette neset stod det tidlegare eit fyr som vart nedlagt og erstatta med ein fyrlampe i året 1898.
Husa frå fyrtida står der framleis og er haldne i god stand. Serleg sjåverdig er glasutbygget på hovudhuset mot sjøen. Der inne var lysbrennaren som sende sine stråler ut over seglingsleia til rettleiing for dei sjøfarande.
Else Mathiesen har skrive ein lang og interessant artikkel om den tida der var fyr, og om dei folka som budde der fast. Fyrvaktar var han som på folkemunne vart kalla for "Jockum i fyren". Han budde saman med kona, eit par søner, og dottera Anna som får mykje god omtale. Dette og meir til får ein vita når ein les artikkelen som står i Sunnhordland Årbok for 1998, hundre år etter nedlegginga.

Men så fann fyrstellet ut at det var uturvande med eit stort fyr, med fyrvaktar og alt som følgde med på denne staden. Det kunne bli like trygg seilas ved å setja opp ein fyrlampe som viste veg ved hjelp av sine kvite, raude og grøne lys-sektorar. Det blei gjort, og fyrlampen fekk karakteren "Fast lys med to formørkingar", eller gruppeokkulterande på kartspråket. Slike fyrlampar vart vanlegvis ettersedde av lokale folk som ville ta på seg det arbeidet. Tilsynsmann for Økshammaren fyrlampe vart Ole Olai Christophersen Drivenes, slik han skreiv namnet på litt høgtideleg vis. Fyrhuset på Økshammaren. Foto: Olav K. Drivenes
Dei tidlegare fyrhusa og tomten rundt dei vart lyste ut for sal, og den nye tilsynsmannen fekk tilslaget om kjøp av området. Kjøpesummen er ukjend, men venteleg var han ikkje så høg, for betalingsevna var lita og Staten ville helst verta kvitt slike eigedommar.
Ole Olai Drivenes, eller Kristoffers-Laien, som han også blei kalla i daglegtale, hadde fire søner og ei dotter. Han sjøl var fiskar og småbrukar, men ikkje alle borna ville bli det. Liten plass var det til dei og, om dei ville gå i foreldra sine fotspor.
Dei to eldste sønene slo seg ned her, medan dottera og dei to yngste sønene ville bli lærarar. Den gongen fanst det ingen institusjon som kunne lånefinansiera eit studium eller ei utdanning, og Laien fekk eit problem med å kosta borna sine på skule.
Kva kunne han gjera med det? Han kunne jo selja fyrområdet på Økshammaren med påståande hus til ein habil kjøpar og såleis skaffa seg midlar som borna kunne gå på skule for. Det var inga lett avgjerd for han og kona dette, men dei hadde neppe noko anna val. Området var, og er ei perle der det ligg med ei kongeleg utsikt over sjø og land i alle reiningar. Slikt såg dei seg monn i då, og enda meir i vår tid.
Kjøparen melde seg kring 1920 og slo til - overrettssakførar Anthonisen frå Bergen -.
Han skulle ha hus og område til sommar- og "weekend"-opphald for seg og familien. Her er det før nemnde Else Mathiesen kjem inn. Ho var dotter til advokat Anthonisen. Denne familien budde mykje og lenge på Økshammaren, blei godt kjende blant folk, og Else serleg, vart god venninne med jentene i bygda.

Mannen i huset heldt kanskje litt avstand frå folket her ute, noko som hadde med svært ulike miljø og yrke å gjera. Han var ofte å sjå i "glashuset" på austre veggen, der han kunne sjå vidt over land.
Kona var ei finsleg dame, og trivdest godt på Økshammaren.
Så døydde dei, først han og seinare ho; familien hadde ikkje lenger same tilknyting til Økshammaren som før, og etterkomarane selde hus og område etter ei tid. I dag er det andre eigarar der, har vore det ein del år no etter kvart. Dei har halde alt i god stand, utan turvande endringar i byggestil eller utsjånad på bygningane.
Så var det tilbake til fyrlampen. Den stelte Ole Olai Drivenes så lenge han levde og eldste sonen hans, Karl Andreas, overtok. Han fekk ikkje leva så lenge og sonen Oskar vart ny tilsynsmann. Han reiste mykje, og det blei ofte mora, Olina, som måtte "gå i fyren", i alle fall så lenge dei andre borna var for små til å stella den.

Ein gong for veka måtte det skje. Då tok ein fyrboksen med reiskapar i og gjekk den lange vegen over myr, gjennom småskog, lyng og brake, over steinar og rabbar fram til ytste pynten, stupbratt i sjøen der fyrlampen stod.
Der måtte det fyllast olje for ei veke på tanken. Frå den vart olja (parafin) leia gjennom rør fram til veiken i lysbrennaren. Veiken måtte reingjerast og lyset justerast så det blei beint og passeleg høgt, for ikkje å byrja og osa i den veka det skulle stå der og brenna åleine.
Rutene måtte vaskast reine både ute og inne med vindusvæske, ingen ting måtte hindra lyset i å nå ut til dei som for etter leia. Elles måtte ein rydda det som trongst, kosta reint etter seg og lukka og låsa godt når alt var funne i orden.
I oljehuset der tankane stod med olje for eit heilt år, var det også eit rapportskjema der ein noterte kvar gong ein var der kva ein hadde gjort. Skjemaet blei teke med av folka på båten som kom med si årlege. oljeforsyning, og hamna i Fyrstellet sine arkiv til slutt, vil ein fl. Så måtte oljehuset låsast også, og ein kunne rusla på heimveg. Fyrlampa på Økshammaren. Foto: Olav K. Drivenes
Det var råd å koma til Økshammaren med båt, men lendinga var vanskeleg, og sjølv i godt ver var det drag kring landet der, så båten låg ikkje trygt utan gode fortøyningar. Det var gutane som brukte det framkomstmiddelet, når dei gjekk i fyren.
Det hende stundom at lyset slokna, det blei sjølsagt ikkje oppdaga før det var mørkt, og dei som såg det - passerande fartøy vanlegvis - melde frå. Då var det berre å rusla seg av garde, kvelds- eller nattes tider, for å få f3rrlykta til å blinka igjen, og såleis sikra ferdsla på sjøen4
Ein kunne ikkje ha det på samvitet at nokon hadde gått feil på leia på grunn av vantande lys i fyrlykta på Økshammaren. Men det var heldigvis sjeldan at fyrlampen slokna.

Mor Olina fekk snart avløysing frå fyrjobben. Dei andre sønene hennar blei vaksne nok til å fylla den, og det var nesten alltid ein av dei som var heime og kunne gå dit. Ho ville nødig lata nokon mindreårig gå i fyren, både med tanke på det som skulle gjerast der og det stupbratte berget med dei glatte steinane rett i sjøen.
Dei siste 3 5-40 åra var det underskrivne som stelte fyrlykta, like til det blei slutt med å ha tilsynsmann på Økshammaren, som så mange andre stader.
Heilt på slutten av 1900-talet blei ei rekkje fyrlykter elektrifiserte. Staten bygde liner fram og installerte elektrisk apparatur inne i lampehusa. Oljehusa med tankar og utstyr i tilknyting til oljebrennarar blei rivne, berre dei karakteristiske fyrhusa stod att.
Fyrlyset tende seg sjølv når det blei mørkt, og sløkte seg når det blei lyst, dette skjedde ved hjelp av ein solcelle-innretning, plassert på veleigna stad inne i fyrhuset.
Slike grep forenkla tilsynet monaleg. Lyspærene som måtte skiftast, lyste gjerne i eit år før dei sprakk, og sikringane varde lenge, om ikkje det kom eit tordenver som la alt svart, men det var ikkje så ofte at det skjedde. Fyrstellet har båtar som går langs kysten og inspiserer firlampane heile året, og alle lyktene har årlege besøk av folk frå desse, som ser til at alt er i orden og fungerer som det skal.
Følgjene av denne automatiseringa gjorde tilsynsmennene overflødige, og dermed var det slutt på det tilsynet, som hadde vore utført av same familie gjennom 100 år ved Økshammaren fyrlampe.

No har fyrstellet avtale med lokale, kyndige folk, gjerne tidlegare tilsynsmann, som kan retta feilen om eit eller anna uventa skjer, til dømes om lyset sloknar. Det er viktig at slikt blir retta fort opp att, heile tida med tanke på dei som fet langs leia. Dei har stundom ikkje har anna å retta seg etter enn desse kvite, grøne og raude lysa som blinkar frå nes, holmar og skjær og minner om farar som lurer i mørket, og seier frå kvar det er trygt å navigera.
-