Vegbygging i Austevoll |
|
Austevoll er no skild i mange lutar av talrike fjordar, osar, sund, pollar og vågar. I tidlegare tider var det sjøen som batt dei ulike delane av kommunen saman. Folk nytta årar og segl og kvidde seg ikkje med å reisa sjøvegen mellom øyane eller frå stad til stad på ei av øyane. Det var fyrst med utviklinga av postvesenet at vegbygging tvang seg fram gjennom lovbod. Vegbygginga fekk såleis sterk vekst kring år 1800. Etter at veglova kom i 1824 vart det skikkeleg fart i vegarbeidet, men framleis var kvaliteten på arbeidet dårleg. Søndre Bergenhus amt hadde i 1838 268 km hovudveg og 225 km bygdeveg. Hovudvegane var desse: Hovudvegane vart oftast finansierte av amtet, bygdevegane av herada. Etter 1862 vart det vanleg med støtte frå amtet også til bygdevegane. Kommunen ytte 4/5 og amtet 1/5. Den vanlege ytinga frå herada var gjennom arbeid in natura der eit dagsverk vart verdsett til kr 1,20 eller sjeldnare gjennom direkte pengestønad. Posten til Austevoll kunne ikkje fylgja landevegen. Dette ved sida av den spreidde folkesetnaden er nok grunnane til at vegbygginga kom så seint i gang i Austevoll. I 1877 vart det bygd ein kort "presteveg" frå sjøen til planlagd Austevoll kyrkje på Storebø. Vegen kosta kr 141, men då det vart søkt om stønad frå amtet til denne vegen, vart søknaden avslegen. Total veglengd i heile Austevoll var pr. 1. januar 1878 244 m. I 1901 vart det løyvd midlar til 3.190 m veg frå Våge til Kvalvåg på Stolmen. Då denne vegen på det næraste var ferdig 1/1-1911 hadde heile veganlegget kosta 10.997,75 kr, av dette utgjorde stønaden frå amtet kr 2.199,55. No kom det fart i vegbygginga i Austevoll. I 1905 vart det løyvd midlar til 7.910 m veg frå Salthella til Drivenes og i 1907 til 5450 m frå Kalve til Bakke på Storekalsøy. I 1910 vart det gjeve løyve til bygging av veg frå Austevoll si grense til Bekkjarvik, då under Fitjar kommune. Alt i 1905 vart det her tilrådd statsstøtte, men vegarbeidet vart ikkje sett i gang fordi Fitjar kommune ikkje tidlegare hadde løyvd midlar. På Huftarøy gjekk vegbygginga seint. Nokre vegstubbar vart bygde i dei tettaste grendene, men dei ulike grendene vart ikkje knytte saman med veg før i 1960-åra. Alt i 1912 skreiv ingeniør Hans Seip: "Endvidere er det paa tale et Hovedveisanlegg rundt Hufteren." Dette anlegget vart ferdig 68 år etter at det fyrste gongen vart skrive om.
|