Nokre brotstykke av Stolmavegen si historie |
|
av Nils Steinar Våge Før vegen mellom Kvalvågen og Våge vart bygd i tida frå 1894 til 1914, fanst det berre ein gangstig vest for Stangelandsvatnet som batt saman søre og nordre Stolmen. Frå denne hovud"vegen" gjekk det ein side"veg" til Stangeland, men på Årland og Våge gjekk "vegen" innom dei største tuna. Folket på Valhammar brukte ein stig som begynte i nordenden av kyrkjegarden. Behovet for veg hadde til denne tid ikkje vore så stort fordi den viktigaste samferdselsåra var sjøen. Dei store økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle endringane som gjekk føre seg i landet på denne tida, auka behovet for betre kommunikasjonar, og tanken om å byggja veg på øya kom opp. Tanken var verkeleggjort, og Stolmen vart dermed den første øya i Austevoll kommune som fekk offentleg veg.
I 1894 tok handelsmannen i Kvalvågen, Jan Pettersen, initiativet til å byggja ein samanhengande kjerreveg frå Kvalvågen til Våge. Han sette i gong byggjearbeidet og betalte sjølv alle utgiftene til dei første 300 metrane av vegen som gjekk fram til Kvalvågsgrinda. Deretter overlét han vegarbeidet til folket på Stolmen og Møkster soknekommune. Sjølv bygde Pettersen ny kai slik at rutebåten kunne koma til lands og dermed slapp dei borda han. I 1896 heldt vegarbeidet fram, men folket på Stangeland vart ueinige med oppsitjarane på Årland og Våge om kvar vegen skulle leggjast, og arbeidet stoppa opp. Ein vegtrasé på vestsida av Stangelandsvatnet ville føra til at ein måtte byggja ein lang sideveg gjennom eit vanskeleg terreng til Stangeland. Vegen ville verta dyrare, og busetnaden på Stangeland ville få ein lengre veg både sørover og nordover. Jan Pettersen ville leggja vegen aust for Valhammarsvatnet, gjennom Valhammar til Stangeland og vidare sørover. Han ville på denne måten knyta alle gardane på øya til hovudvegen. Det vart semje om å leggja vegen der han ligg no, og arbeidet tok til att. Folket på Valhammar var ikkje med og bygde vegen, og vart ikkje knytt til hovudvegen før i 1960 då Mølnevegen stod ferdig. Hordaland vegkontor stakk ut ein to meter brei veg. Med dei reiskapane ein brukte, kunne denne breidda mange gonger vera vanskeleg å oppnå. Difor vart vegen lagt der ein slapp sprengja så mykje. På innmarka derimot var dei fysiske hindringane mindre, men då hende det at grunneigarane blanda seg inn og kontrollerte at vegen ikkje vart ein centimeter for brei. Ein hermde etter fleire grunneigarar at dei tapte så og så mange bøtter poteter eller kiper med høy der vegen gjekk over innmarka deira. Dette fortel kor viktig jorda var for fiskarbonden. I 1904 byrja folket på Stangeland å bruka nyvegen, og i 1906 tok folket på Årland og Våge vegen i bruk. Topplaget på vegen var mange stader ikkje ferdig. Folk gjekk på grovpukken, men det var nok betre å gå der enn på den kronglete stigen vest for Stangelandsvatnet. I 1913 var vegen komen til Våge. Ved Stølabrotet stoppa arbeidet opp ei tid, og staden vart kalla Vegsenden. I 1914 var vegen fullført heilt fram til Vågatunet. Det stod óg att eit stykke i Kvalvågsbrekka som vart fullført same året. Då vegen frå Kvalvågen til Våge stod ferdig i 1914, hadde stolmarane sjølv bygd 3434 meter veg. Det er mange årsaker til at det tok heile 20 år å byggja hovudvegen. Arbeidet vart i hovudsak gjort som pliktarbeid der kvart bruk måtte binda seg til 12 arbeidsdagar i året. Vegarbeidet gjekk ikkje føre seg samanhengande. Det var særleg vår og haust, det vil seia mellom sesongfiskeria, at ein hadde høve til å arbeida på vegen. Sjølv om mannfolka var heime desse periodane, kunne det likevel vera vanskeleg å samla store arbeidslag, fordi det alltid var noko å gjera på bruket. Og sidan alt vegarbeid gjekk føre seg med handmakt og enkle reiskapar, seier det seg sjølv at det tok tid å byggja veg i dette terrenget.
I den tida bygginga av hovudvegen gjekk føre seg, var det ein jamn auke i folketalet på øya. Folketeljingane viser at det budde 207 personar på Stolmen i 1891. I 1900 hadde talet stige til 221, i 1910 til 243 og i 1920 hadde Stolmen eit folketal på 273 personar. Det var utan tvil eit stort løft for ei så lita folkemengd å gjennomføra dette vegprosjektet. Nye vegstrekningar Vegen over øya reiste spørsmål om nye vegprosjekt. Frå Valhammar, Stangeland, Årland og Våge vart det planlagt å byggja veg til sjøen. Å arbeida veg frå Våge til Stolmavågen vart diskutert så tidleg som i 1904, men først i 1928 begynte arbeidet med denne vegen. I 1927 tok arbeidet til med sjoarvegen til Stangelandsvågen, og frå Årland byrja arbeidet med veg til sjøen i 1934. Alle desse sjoarvegane vart bygde som pliktarbeid, akkordarbeid og naudsarbeid. Naudsarbeidet i 1930-åra vart betalt med 40 øre timen. Vegen til Stølo og Haugen var påbegynt då hovudvegen var komen til Årland, og før 1928 var det kjøreveg til Haugen. Før 1940 vart det laga ein ca. 40 meter lang vegstubb frå
naustet i Mølna til Mølneklubben. I 1941 begynte vegarbeidet
frå Mølna til Valhammar. Denne vegen vart bygd i fleire
etappar, og det siste vegstykket opp til bruka vart avslutta i byrjinga
av 1970-åra. Vegen til Valhammar var den siste som vart laga der
pliktarbeid utgjorde ein del av finansieringa. I 1960 vart Valhammar-vegen
knytt til hovudvegen. Då bygde kommunen ein såkalla sjøbygdeveg
frå hovudvegen til Mølnekaien som stod ferdig same året.
Dette var det einaste vegstykket som vart bygd for reine offentlege
midlar på Stolmen. Frå hovudvegen vart det bygd private vegar til så å
seia kvart hus. "Vegarbeidet vart ein farsott," sa ein eldre
stolmar. Den lengste private vegstrekninga som vart bygd utan stønad
og av brukarane åleine, var frå Stangelandsvegen til Hammaren.
Denne vegen er nær 400 meter lang. Kaiar og mudring Stolmavågen vart ei god hamn for større fartøy etter at moloen kom omkring 1900. I 1913 kom spørsmålet om kaianlegg i Stolmavågen opp. Å kunna leggja fartøya til lands på ein skikkeleg måte vart av mange sett på som viktigare enn å byggja veg. Dessutan var det behov for mudring i Stangelandsvågen der fartøya bunkra ferskvatn. Men kaianlegga lét venta på seg. Vågakaien vart ferdigbygd i 1951, Stangelandskaien året etter og eit par år seinare var arbeidet på Årlandskaien sluttført. Mølnekaien var ferdig samstundes med Mølnevegen i 1960. Kvifor bygde stolmarane veg? Vegen vart til i ei tid då det gjekk føre seg ei omfattande
utbygging av kommunaikasjonane i heile landet både på land
og sjø. Denne samferdselsutbygginga byrja omkring 1850 i sentrale
stader i landet der industri og handel var i sterk utvikling. Langs
kysten var sjøen enno den viktigaste samferdselsåra. Stadig
fleire dampskipsruter vart oppretta, og i 1876 hadde Haugesund Dampskipsselskap
stopp i Kvalvågen. Men behovet for veg byrja før århundreskiftet
å trengja seg fram langs kysten. Sjølvbergingssamfunnet
vart langsamt utkonkurrert av auka privat og offentleg forbruk, og dette
saman med sterk auke i næringslivet tvinga fram betre kommunikasjonar.
Slik var det óg på Stolmen. Storparten av folket budde på søre delen av øya. Det var omkring 1900 ein del pengar blant stolmarane fordi fisket hadde vore godt siste delen av 1800-talet. Ved sida av småfisket dreiv dei fiske ved Island, i Nordsjøen og i Nord-Norge. Det var ein fordel for folket på søre delen av øya at det var brukande veg, fordi den einaste landhandelen var i Kvalvågen. For handelsmannen ville ein veg gjera det lettare å nå fram til dei enkelte husstandane med kjøpevarer. Mellom sesongfiskeria var det dessutan fleire som fekk seg arbeid hos Pettersen, og ingen hadde vel noko imot å gå tørrskodd på ein skikkeleg veg. Det same galdt for dei som skulle reisa med dampen som kom til Kvalvågen klokka fire om morgonen. Dessutan var kyrkja i Kvalvågen. Til kyrkje laut ein gå anten ein ville eller ikkje, og ein veg der ein kunne gå tørrskodd og i besteklede, ville vera eit stort framsteg. På denne tida gjekk det føre seg ei storstilt utskifting over heile landet. På Stolmen tok utskiftinga til omkring århundreskiftet. Dei gamle tuna vart oppløyste, hus vart flytta frå kvarandre og alle bygningane som vart bygde etter århundreskiftet, vart sette opp av materialar frå Trelasten i Kvalvågen. Ein veg ville letta transporten av materialar. Skulehuset stod på Stangeland. Ved sida av å vera skule, var huset det einaste forsamlingslokalet for innbyggjarane før ungdomshuset stod ferdig i 1903 som det første ungdomshuset i kommunen. Til skulen og ungdomshuset var det bruk for farande veg. Aktiviteten i Kvalvågen og på søre delen av øya var avhengig av kvarandre, og behovet for veg over øya var til stades begge stader. Men det var Jan Pettersen med sin gode økonomi og det store pågongsmot som var drivkrafta i vegarbeidet.
19. november 1900 vart vegen på Stolmen for første gong behandla i Møkster soknestyre. Det vart gjort samrøystes vedtak om å støtta søknaden frå 21 oppsitjarar om at fylket sine vegfunksjonærar skulle stikka ut og kalkulera vegen frå Kvalvågen til Våge. 17. jan. 1901 var vegsaka oppe i Austevoll heradstyre, og det vart gitt klare retningsliner for veganlegget. Møkster soknekommune skulle garantera for lån til arbeidet.Vegen skulle fullførast innan fem år, heradstyret skulle garantera for omkostningane utover overslagssummen og grunneigarane hadde plikt på seg til å gje frå seg gratis grunn. Når det galdt det private bidraget frå oppsitjarane, skulle dei binda seg til 12 dagar pliktarbeid pr. bruk, og dersom dei forsømde dette, måtte dei betala ein dagmulkt på kr 2.00. Heradstyret sa klart frå om at sidan "de interesserede opsiddere har påtaget sig alle udgifter til veianleggets fuldførelse, bliver intet bevilget af sognekassen". Då vegen var ferdig, skulle han overtakast av Møkster soknekommune "til vedligeholdelse for dettes regning". Heradstyret peika til slutt på at vedtaket var fatta under føresetnad av at fylkeskassa bidrog med 1/5 av omkostningane til veganlegget. Med 252 pliktdagar i året og lån frå Sund og Austevoll Sparebank som var garantert av Møkster soknekommune, sette dei i gong. Pengane vart brukte til ammunisjon, reiskapar og løn til arbeidsformannen. Soknestyret engasjerte seg lite i vegspørsmålet seinare, og det var stolmarane sjølv som på alle måtar arbeidde vidare med vegen. Jan Pettersen ville ikkje sleppa taket i vegarbeidet. I eit brev til soknekommunen i november i 1901 oppnemnde han seg til rekneskapsførar for anlegget, og han hadde dette vervet til han døydde i 1914. Folket hadde fått ein erfaren rekneskapsførar og ein dugande pådrivar som i første rekkje var svært interessert i vegen av av økonomiske grunnar. At vegen betydde mykje for Pettersen, viser seg då kommunen i 1904 begynte å behandla vegsaker på dei andre øyane i kommunen. Pettersen truga med prosess dersom kommunen garanterte for lån til veganlegg på dei andre øyane før vegen på Stolmen var ferdig. Dette vart han kraftig kritisert for av folket andre stader i kommunen, sannsynlegvis fordi dei var avundsjuke på denne driftige og framsynte mannen i Kvalvågen.
Så tidleg som i 1904 drøfta folket spørsmålet om at vegarbeidet måtte halda fram til Stolmavågen. Samstundes vart det snakka om å byggja bru over Vågavatnet ved å skyta ut haugane på begge sider av vatnet og fylla den smalaste staden med stein. Men arbeidet kom ikkje i gong før vinteren 1928. Vegen frå Våge til sjøen gjekk på denne tida sør for Vågavatnet, og særleg over det låge Steineidet var det i dårleg ver vanskeleg å gå. Det hende ofte at sjøen slo inn i vatnet, og då var det ikkje lett å ta seg fram her. Terrenget var elles ulendt, og skulle noko fraktast frå sjøen og heim, måtte det berast, for det var ikkje muleg å bruka kjøretøy eller hest. Den sprengkalde vinteren 1928 begynte fundamenteringsarbeidet på brua over Vågavatnet. Det var gutungane som gjorde dette arbeidet medan karane var på fiske. Harald Waage (1919-1999) fortel korleis dette gjekk føre seg: "Vinteren 1928 var svært kald, og isen på Vågavatnet vart 35 tommar (89 cm) tjukk. Karane på Våge fann ut at isen kunne brukast i samband med bruarbeidet, og før dei reiste på vintersildfiske, laga dei to kraftige sledar med bjørkemeiar til å frakta stein på. På dei djupaste stadene der brua skulle gå, hogde me ungane to store hol i isen. Fleire stader rundt vatnet låg det mykje lausstein frå den gamle havbotnen, og denne steinen la me på sledane og dumpa i hola i isen. På denne måten fylte me opp dei djupaste stadene i vatnet, og då isen var borte, stod det to steintoppar over vassflata. Det var berre kvinnfolka, ungane og eit par gamlekarar heime på Våge denne vinteren. Ein av gamlekarane leidde arbeidet med å frakta stein, og det var me ungane som gjorde jobben. Me gjekk på skulen annankvar dag, og på fridagane kjørte me stein heile dagen frå det var lyst til det var mørkt. Sjølv var eg ni år, og det var ungar som var både eldre og yngre enn eg som var med på dette arbeidet. Arbeidet var ikkje ufarleg. Me skuva sledane heilt ut på kanten til dei tippa over og ned i holet. Vassbylgjene slo inn over isen, og det vart difor svært glatt og dårleg feste for treskoa me hadde på oss." Då karane kom heim frå fiske, sette dei i gong med å skyta ut stein på vestsida av vatnet. Dei la skjener utover steinfyllinga, og steinen vart kjørt med ei tralle og dumpa i vatnet. I ein bergvegg på vestsida av vatnet vart datoen 2/9 - 1929 måla inn med grønmaling. Det var den dagen fyllingsarbeidet begynte på vestsida. Denne datoen var lenge synleg, men ver og vind har tært bort desse tala.
Tilskota til brua kom frå fleire hald. Dei første innførde
inntekstpostane i rekneskapsboka var kr 500 frå Austevoll kommune,
kr 300 frå Møgster soknekommune, kr 85 i gåve frå
to av innbyggjarane på Våge og kr 200 frå vegfondet
i Hordaland fylke. Veganlegget fekk desse offentlege midlane kvart år.
I tillegg til dette kom inntektene frå folk på Våge
som gav landsluten sin som gåve og for utleige av verktøy
til privatpersonar. På utgiftssida stod løn til arbeidsformannen og akkordarbeidarane. I 1930 fekk formannen ei krone timen og kostgodtgjerdsle, og dei som arbeidde på såkalla akkord, hadde ei timeløn på 80 øre. Akkordarbeidet fekk ein midlar til frå styresmaktene. Dei andre utgiftene gjekk til sprengstoff, reiskapar, frakt, porto, kretssjukekassa, premie til Rikstrygdeverket, avdrag på lån til Sund og Austevoll Sparebank og 1% av dei totale tilskota var løn til rekneskapsføraren. Då den om lag 70 meter lange brua stod ferdig i 1931, hadde ho kosta kr 5470,39. I denne summen låg 479 pliktarbeidsdagar a kr 4,50. Heile vegen frå Vågatunet til Stolmavågen var ferdig i 1932. Korleis vegarbeidet gjekk føre seg Sidan det ikkje fanst boremaskinar, måtte ein bora hol i fjellet for hand. Til dette trong dei minebor, fastlykjel, feisel og viskekjepp. Feiselen var ei sleggje eller ein stor hammar. På kvart borelag var det vanlegvis to mann. Når dei skulle begynna å bora, måtte ein mann halda på mineboren med begge nevane medan den andre, feiselføraren eller oppslagaren, slo på borehovudet med feiselen. Han som heldt, måtte passa på at boren roterte for at holet skulle bli rundt og ikkje trekanta. Når boren hadde kome litt ned i fjellet, kunne ein la han rotera ved hjelp av ein fastlykjel. Seinare kunne to mann slå på mineboren frå kvar si side, og dei harde slaga førte til at han roterte sjølv. For at boren ikkje skulle gå seg varm, måtte dei fylla vatn i holet. I godt fjell kunne eit borelag greia å bora to meter for dagen, og det var ikkje uvanleg at ein brukte fem meter lange borar. Slagget som la seg i boreholet, fekk dei ut ved å fylla vatn i holet og staka det ut med viskekjeppen. Oppslagarane var vanlegvis treffsikre. Likevel hende det at dei ikkje traff boren, men nevane til mannen som heldt. Særleg var det utrente oppslagarar som skamslo nevane til dei som heldt i boren. Drevne oppslagarar sa at når dei slo på boren, hadde dei tid både til å snakka med folk og sjå seg om. Den dugande vegbyggjaren Ole Sørvik (1903-1988) hadde følgjande råd til oppslagarane: "Du skal ikkje venja deg til med å klappa på boren, men slå til han med alt du har." Sjølvsagt reagerte han som heldt når han fekk eit kraftig slag over nevane. To karar frå Stangeland som vanlegvis var saman på eit borelag, heldt vekselvis i mineboren og var oppslagar for kvarandre. Han som først var oppslagar, bomma ein gong på boren, og slo han som heldt over nevane. Då dei ved neste boring bytte rolle, vart dette gjengjeldt. Oppslagaren ropte med ein gong han traff nevane til lagkameraten: "Ikkje ein lyd! No fekk du løn som forskyldt!" Det hende og at ein mann bora åleine. Då brukte han ein mindre feisel, ein såkalla einmannsfeisel eller eihandsfeisel.
Det var svært viktig at ein hadde ein dugande smed når ein laga veg. Å smi mineborar var vanskeleg, og godt smedarbeid fekk fart på vegbygginga. Frå fabrikken kom borane i heile lengder. Smeden kappa dei til i høvelege storleikar før han smidde hovud og forma og herda eggen eller skjæret. Herdinga gjekk føre seg slik: Smeden varma opp borespissen i essa til det han meinte var den rette temperaturen. At temperaturen var høveleg, såg han på fargen på spissen. Deretter kjølte han ned borespissen før han stakk eggen i herdevæska som anten var vatn eller olje. Ein bor på ein meter, einmetringen, som var herda på denne måten, måtte kvessast etter om lag ein times bruk. Eggane på dei lengre mineborane varte noko lenger. Smia, ei såkalla feltesse, var transportabel, og ein spikra eit enkelt hus over essa. Det var ikkje alltid nødvendig å engasjera ein smed når det skulle byggjast veg fordi fleire steinarbeidarar på Stolmen etter kvart vart flinke til å smi og vedlikehalda borane. Ole Sørvik var ein av desse.
Når ein fjellknaus skulle sprengjast bort, vart det bora eit hol midt i knausen. Slagget vart staka ut, og så vart det ført ein liten ladning nedst i boreholet som brente ut ei hole inne i fjellet. Lausmaterialet frå denne brenninga vart pressa ut gjennom boreholet. Deretter vart den store sprengladninga plassert i denne gryta inne i berget, og boreholet vart pakka med sand. Så brende dei av fjellknausen. Denne forma for sprenging etterlét seg ei skålforma hole i berget. Ved Vågavatnet og i krysset opp for Mølna kan ein sjå slike groper. Store sprengingar var ein attraksjon. Då gjekk folk av huse for å sjå store haugar eller berg gå i lufta. Dei heldt seg på god avstand fordi det hende at store steinblokker flaug fleire hundre meter bort frå sprengstaden..
Vegen vart lagt i terreng der ein slapp sprengja så mykje, og
difor gjekk store delar over myrlendt område. Først vart
jorda graven bort. Deretter la dei linjesteinar med ein avstand på
om lag to meter, og mellom desse fylte dei i med store steinar og pukk.
Sidan grunnarbeidet i djupe myrar ikkje alltid var godt nok, seig vegen
ned i myra, og det låg vassdammar der store delar av året. Det øvste pukklaget brukte ein mykje tid på. Tre-fire mann sat ved sida av kvarandre på ein planke som vart lagt over to trekassar. Framfor seg hadde dei ei røys av småstein som skulle knusast til høveleg pukk. Først la dei steinen framfor tåa på treskoen eller treskostøvelen, som var det vanlege skotøyet. Så knuste dei steinen med ein pukkhammar. Storleiken på dei minste pukksteinane skulle vera slik at ein kunne få plass til sju av dei i ein stikkedåse.
Oppå pukken måtte det leggjast undergrus. Denne fann dei ved Sineskogen og nord for Huldabakken, og dette topplaget vart etter ei tid hardt som sement. På Vassbakken grov dei ut sjelsand i store mengder som og vart brukt til vegdekke. Under torva der fanst det tjukke lag med sjelsand som var frå sandbotnen den tida då sjøen stod høgare. ---- Over to mannsaldrar gjekk før ein kan seia at stolmarane hadde eit tilfredsstillande vegnett. Folket på øya gjorde sjølv alt arbeidet med handmakt og enkle reiskapar, dei skaffa midlar til vegarbeidet og dei førte rekneskapane for alle vegprosjekta sjølv. Det møysommelege vegarbeidet gav folket ei kjensle av eit eigarforhold til vegen, og dei følte eit ansvar for at han alltid var i orden. Difor sørgde dei tidleg for at det vart tilsett vegvaktar som heldt vegen ved like.
Informantar: Otto Ferkingstad (1911- 2001)
Kassabok for veganlegget Mølna-Valhammar.
|