Knut Olai Nauthella, 1905 - 1938 |
|
"Ivar! Du må henta Marto. Guten kjeme snart!" "Gut?" "Ja, Ivar, det er ein gut", svara Johanna roleg og heldt fram: "Då eg tok skjelbladet av veven i vår og gjekk 3 gonger rundt eldhuset, trefte eg først han onkel Johannes" Etter denne korte samtala tok Ivar på seg ytterkleda og gjekk til sjøen. Snart gleid båten i god fart mot Drøna, der jordmora, Marthe, budde. To timar seinare la båten til i båtstøa i Nauthella. I land gjekk Marthe jordmor og Ivar. Johanna og guten var i trygge hender. Knut Olai Nauthella kom til verda i Nauthella på Huftarøy 9. september 1904. Han vart døypt i Austevoll kyrkje fyrste preikesundagen, 12. september, som skikken var. Som og skikken var, vart farfaren oppkalla. Knut sine foreldre var Ivar Knutson Haukanes f. 1872 og Johanna Kristine Absalonsdtr. Steinevik f. 1876. Ivar var den niande i rekkja av 10 sysken. Johanna hadde 5 sysken. Ivar og Johanna gifta seg i 1903 og skøytte same året plasset Nauthella for 850 kr. Husa i Nauthella ligg i ei lun helling mot Busepollen. Her var nok grønt til å fø eit par kyr og nokre sauer, her var dyrkbare bakkar. Ivar var bygningsmann og plasset var eit godt utgangspunkt når han som vekependlar reiste rundt i kommunen på bygningsarbeid. Han var ein dugande arbeidsmann og vart rosa for nøyaktig og godt arbeid. Det vert herma etter ein mann sam hadde Ivar mykje i arbeid: "Når Ivaren e ferdig med arbeidet, e han ferdig." Johanna var ei god mor med eine ansvaret for hus og gardsstell. I tida 1904 til 1915 kom 9 born, 3 gutar og 6 jenter, til verda i Nauthella. Ei jente døydde som spebarn, og ei jente og ein gut døydde i Spansko(1918). Knut vart oppteken i Beinskroken skule i Heiemark krins 24. april 1912. Han vart utskriven 17. juni 6 år seinare. Beinskroken skule var ein udelt skule i ein geografisk vid skulekrins. Samla skulegonge i løpet av barneskuletida var 80 veker eller pålag 480 skuledagar. Knut var ein solid, dugande og arbeidsam skuleelev, med mange interesser. Han oppnådde toppkarakter i dei fleste faga. I Beinskroken skule var det stabile lærarkrefter. Lærar T. Skjelanger var lærar i heile skuletida til Knut. Faga var mange: "Bibelhistorie, kyrkjehistorie, katekisme, norsk skriftlig, norsk munnlig, historie, jordbeskrivelse, naturkunnskap, regning, skriving, teikning, song og handarbeid." I tillegg til desse faga vart det gjeve karakter i "flid" og "forhold". Ein kunne såleis ikkje liggja på latsida dersom ein skulle vera heilt i toppen. 15. september 1918 var Knut konfirmert i Austevoll kyrkje av sokneprest E. Evensen. Leselysta fekk Knut tilfredstilt gjennom boklån frå onkelen "skulen i Eido", Johannes Søreide. Heime hadde dei ikkje så mange bøker. Seinare skaffa han seg både bøker og blad og la vinn på at dei yngre syskena skulle få lesa meir enn det dei fekk av skulebøkene. Etter folkeskulen hadde han ulikt arbeid. Han var med faren på bygningsarbeid, han var nokre turar på fiske, og han tok del i arbeidet på garden. Gardsarbeidet treivst han godt med, særleg slåtten, men snekkar- og fiskaryrket lika han ikkje. Under arbeidet på garden eller i torvmyra fortalde han soger og om eigne opplevingar til dei yngre syskena. Fritida heime nytta han til fiske, somme tider åleine, somme tider saman med andre i familien. Medan han var heime i skuleferiar, samla han plantar til herbariet. Dette var stunder syskena hugsa med glede. Nauthella var ein einbølt gard, og dei som budde her kom sjeldan i kontakt med andre. Under fellesarbeid, så som tresking på gardane, kom folk til dei, og dei gjekk til andre. Dette var det samkvemet dei hadde med naboane. I ungdomen var Knut lite saman med andre ungdomar i bygda. Han fann ikkje nokon i skulen som han kunne dela interessene sine med. Heller ikkje då han var heime i feriane, som vaksen. Den einaste venen han hadde her, var Lars Rostøen som budde på ei av naboøyane. Dei hadde felles interesser og ville kanskje teke same vegen, viss ikkje Lars var "blitt fødd" til å vera handelsmann. Venskapet heldt seg heilt til Knut døydde. Hjå Lars fekk han trøyst, oppmuntring og gjerne nokre kroner i trange tider. Vinteren 1920-21 kunne Knut pakka dei få eignelutane sine og reisa med eitt mål for auga: Auka lærdom. Turen gjekk til Amtskulen på Fitjar. Den vesle reisekofferten synte ikkje kva ungdomen bar på. Han hadde fått med seg ei god ballast heimanfrå, og dei gav han lov til å bryta barriera mellom fiskarsamfunnet og utdanningssystemet. Etter lærerike månader på Fitjar, gjekk turen hausten 1921 til Voss Landsgymnas. Her fekk han oppleva 4 lærerike år under leiing av den strenge, men venlege rektor Blix. Tida på Landsgymnaset var hard. Lange arbeidsdagar, nytt miljø, og ikkje minst, store pengevanskar. Han kunne ikkje leggja langtidsplanar. Om hausten ville det syna seg om han og familien hadde greidd å skrapa så mange kroner saman at han kunne ta til på eit nytt skuleår. Men desse 4 åra var også gode år. Han kom saman med gode kameratar som hadde sett seg høge mål. Etter avlagt examen artium var vegen open til Universitetet. Knut vart "fiskarstudenten" i hovudstaden. Han fraus, studerte, arbeidde og moroa seg her i 13 år. Også i denne perioden måtte han reisa heim grunna pengemangel. Også no var kronene årsaker til at han ikkje rakk dei måla han hadde sett seg. I Oslo arbeidde han som bokmeldar, han hadde vaskejobb i Studentersamfunnet sin kafé for maten, han samla inn folkeminne, han arbeidde som arkivar i Riksarkivet, han las og han studerte. Likevel tok han seg tid til å vera med i Sosialistlaget Mot Dag, leia av Erling Falk. I perioden 1927-29 var gruppa med i Kommunistpartiet. Denne politiske gruppa av arbeidarar og intellektuelle var lita, men svært sterk og effektiv. Livshaldninga vart prega av livsvilkåra han levde under, og skilde seg sterkt frå fiskaren og bonden sine ideal: uavhengigskap. Kanskje søkte han og arbeidarorganisasjonane ikkje berre for å drøfta politikk og høyra foredrag, men også for å koma ut av isolasjonen og treffa vener over ein rimeleg kaffikopp. Kvar haust var det å sjå seg om etter ny hybel. Ein fattig student kunne ikkje betala leige i sommarferien. Parkheim Hotell var då ein billeg og god stad å ty til. I slike periodar budde han og i Camilla Collettsvei hos dei svenske systrene, frøknene Andersson. Dei dreiv pensjonat i ein eldre, større bustad. Dei svenske systrene var og til god hjelp i vanskelege tider. Den siste tida han levde, budde han på ein liten hybel i Sofiesgate. Knut studerte filologi, og hadde som mål å ta hovudfag i historie. Som oppgåve valde han å skriva om fiskeria i Hordaland. Dette arbeidde han med parallelt med innsamling av fiskarminne frå nabofylka mot ei lova betaling. Denne betalinga uteblei av ulike grunnar. Fattigdom, motgang, mykje lesing og hardt fysisk arbeid tok til slutt knekken på helsa hans. Han fekk tuberkulose, og vart innlagt på Ullevål sjukehus i mai 1938. Familien vart varsla og reiste til han på sjukelægjet. 29. mai 1938 døydde stud. filol. og arkivarassistent Knut Olai Nauthella, nære på 34 år gammal, av tuberkulose på Ullevål sjukehus. Han vart gravlagt på kyrkjegarden på Storebø 3. juni. Knut visste då han kom til sjukehuset at han snart kom til å døy. Men han var ikkje redd for det han hadde i vente. Han hadde funne tilbake til barnetrua, og døydde utan teikn til bitterskap til denne verda som hadde lagt så mange hindringar i vegen hans. På hybelen i Sofiesgate fann slektningane nokre få eignelutar, ei lita reisekiste og store stablar med bøker. På kvar stabel låg ein liten lapp som kort fortalde kor bøkene skulle leverast. Den så godt som ferdige hovudfagsoppgåva og mykje innsamla tradisjons- og sogestoff var ikkje å finna. Mange års slit var gått tapt. Fiskarsoga for Hordaland av Knut Nauthella som var ferdig alt i 1937 kom aldri på trykk. Oversikt over Nauthellas arbeider Her finn du segner frå Austevoll, samla av mellom andre Knut Nauthella
|