|
etter Arne Eide
Austevoll prestegjeld.
I mellomalderen var det to kyrkjer i Austevoll. Den eine stod på
øya Sandtorv den andre på øya Møkster (Møgster)
Etter reformasjonen vart dei to kyrkjene anneks under hovudkyrkja
i Sund.
I 1910 vart Austevoll og Møkster sokn utskilt frå Sund
og gjort til eige prestegjeld med namnet Austevoll prestegjeld.
Bekkjarvik sokn i Fitjar vart overført til Austevoll prestegjeld
i samband med kommunereguleringa i 1963 / 64.
Mellomalderkyrkja
på Sandtorv
Første gongen vi høyrer om kyrkja på Sandtorv, er
i samband med at kong
Håkon Håkonson lydde messe der 2. påskedag 1240 då
han var på veg sørover
for å halda slag med hertug Skule.
Kyrkja er og nemnd i Bergen Kalfskin som gjev oversyn over eigedomane
til kyrkja på 1300- talet.
Kyrkja var truleg ei stavkyrkje på 10 X 6 m.
I 1620- åra hadde kyrkja spontekt tak og svalgang. Kyrka vart
tjøra med visse mellomrom.
På 1600- talet har truleg dei opphavlege gluggane vorte utbytte
med blyglasvindauge.
Rundt kyrkja har det vore ein liten kyrkjegard på 15 X 18 m.
Her kan du lesa om kva som var inne i kyrkja
Kyrkja vart truleg riven i perioden 1653 - 55 då den nye kyrkja
på Austevoll-
garden vart vigsla.
Kyrkja frå 1650- åra på Austevoll.
Kyrkja fekk namn etter garden ho stod på.
I kyrkjestoleboka vert nemninga " Santor eller Østervolds
Kierkis Regneschab" brukt om kyrkja sin rekneskap for åra
1653 - 55.
I same rekneskapsoversynet vert det vist til prostens visitas og vigsling
av den nye kyrkja. Ein må då tru at kyrkja er blitt oppført
i tidsromet 1653 - 55.
Ei segn fortel at kyrkja opphavleg skulle oppførast på
Sandtorv, men tømmerflåten som låg der sleit seg
i nordavinden og rak ned på Austevoll- landet.
Ein annan variant ar at kyrkja skulle reisast på Huftarøy,
men tømmerflåten som låg i Hauglandsvågen kom
i drift og rak over til Austevoll. Då dei skulle berga tømmeret,
såg dei at sat ein krabbe på flåten.
Det tok dei som eit teikn på at lagnaden hadde sendt krabben for
å styra flåten til Austevoll- landet.
I alle dei åra kyrkja stod der, vart ho på folkemunne kalla
for " Krabbekyrkja".
Namnet "Crabbe Kirche" har ein og funne på gamle kart.
Kyrkja var ei langkyrkje bygd av lafta tømmer. Ho hadde våpenhus,
skip og eit noko smalare korparti. Kyrkja hadde eit bratt og høgreist
pannetak utan tårn.
Skipet var 12,7 m langt og 8,9 m breitt.
Koret var 7,6 m langt og 6,3 m breitt.
Våpenhuset var 3,2 m i firkant.
Kyrkja hadde galleri og lem.
Kyrkjeklokka hang lenge i ringehuset på kyrkjegarden, men vart
hengd opp i det nye kapellet som vart oppført på Austevoll
i 1990.
Her kan du lesa meir om korleis kyrkja var innvendig
Rundt kyrkja var det ein inngjerda kyrkjegard. Kyrkjegarden var i bruk
også
etter at kyrkja vart riven i 1891 og ein hadde fått ny kyrkjegard
på Storebø.
Kyrkja frå 1686 på Møkster.
Mellomalderkyrkja frå 1350 -åra på Møkster
er nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn
- ei jordebok frå ca 1360 -talet.
Kyrkja har truleg vore ei enkel stavkyrkje.
Omkring 1640 var det planar om å utvida kyrkja. Det blei det ikkje
noko av.
Kyrkja vart riven og ei ny kyrkje reist i 1686.
Rundt kyrkja låg ein liten kyrkjegard. Dei gjævaste folka
i sokna fekk kvilestad under kyrkjegolvet.
og ny kyrkje i Kvalvåg 1892
Då den nye kyrkja vart reist i Kvalvåg på Stolmen
i 1892 vart den gamle kyrkja på Møkster riven. Materialane
vart selde på auksjon for 400 kr.
Det gamle tømmeret vart nytta til naust og uthus kringom på
øyane.
Her kan
du lesa meir om kyrkja på Møkster
|