Draumen som vart sann |
|
Soga er fortalt av Nils Møgster på Møgster og attfortald
av Janfrid Strømme. I 1890-årene var det tre losar på Møkster, og dei tre åtte ei losskøyte i lag. To av desse var Karsten Iversen og Absalon Knudsen. Ein føremiddag var Karsten vest på havet. Det var svært disig, og han såg ingenting. Han tok seg heim att og la seg te' kvila på divanen. Han slumra over og tok te' å drøyma. I draumen såg han eit farty i havsnaud vest for landet - dei var ille ute. Han vakna or svevnen og kjende seg så uroleg, liksom eitkvart gale hadde hendt. Han kledde seg difor, for opp og såg vest i havet. Synet frå draumen verka så nifs verkeleg, men han såg ingenting, berre disen uti havet. På heimveg møtte han Absalon Knudsen og fortalde han om draumen, og at han ikkje fekk fred for synet om skuta i naud. "Me fer utpå og ser", sa Absalon. Dei tok så utpå i losskøyta ilag for å sjå. Og der, ca. 10 minutt vest for Skarten, såg dei fartyet. Ei seglskute ligg og rek for vinden, ille tilreidd. Losane ropte til folket i skuta at dei måtte hiva ut ein leder så dei kunne koma ombord. Men dei verka heilt apatiske og fatta ikkje kva som vart sagt. Dei fekk då losbåten heilt inntil skutesida, og så kunne Karsten gå ombord, medan Absalon tok losskøyta attende til Møkster. Seglskuta hadde lege 3-4 veker i Nordsjøen i uver og storm. Segla var nedslitte og ille tilreidde. Dei dreiv frå Marsteinen nordover mot Fedje og Holmengrå i synnavindsstorm. Dei tenkte: "I natt må vi inn", men dei våga ikkje lell. Storemen snudde til nordvest, og dei kom utfor Marsteinen att. Då løya det med vinden, og han dreide på vest, så dei fekk vinden akterut. Då hadde Karsten vore 12 døgn ombord, og dag og natt stod han på brua. "Hardaste turen eg har hatt", sa han etterpå. Som det no var, kom dei seg inn til Forlandsvågen på Sotra, og der var det så trangt i vågen at dei kunne ha hoppa i land, om dei hadde tort. Det seiest om Karsten Iversen, at om han såg land ein gong, så kjende han seg alltid att, og tok sjeldan feil. Om morgonen kom handelsmannen der ned og spurde korleis i all verda dei hadde kome seg inn der om natta. Då svara Karsten: "Ja, det var ikkje med hjelp av meg eller mi makt. Det var nok ei anna makt som stod bak oss i natt." Så gjekk det bod til Bergen etter slepebåt, og Karsten vart med. Då han skulle gå i land i Bergen, sa skipparen på seglskuta at han skulle få eit minne om turen frå han. Eit par månader seinare fekk han tilsendt seg ein kopi av seglskuta slik ho hadde sett ut i sine velmakstsdagar. Karsten hadde denn skuta hos seg ei stund, men då fleire kom og bad om å få ha skuta i kyrkja på Møkster, gjekk han med på det. Der stod skuta til den gamle kyrkja vart riven i 1892 og flytta til Stolmen. I 1913 vart skuta innlevert til Historisk Museum i Bergen av kyrkjetenar Ole Olsen Strømme. |