Til opningssida

Kyrkjestriden i Austevoll

 

Av Arne Eide

Kyrkjelova av 24. sept. 1851, " Lov angaaende Kirker og Kirkegaarde ",
føreskreiv at kyrkje skulle ha plass til 3/10 av folkemengda i soknet.
Etter dette var begge kyrkjene i Austevoll for små, men ein fekk løyve til å utsetja bygginga av nye kyrkjer heilt til 1877.
Då vart det vedteke å byggja nye kyrkjer.

Etter at biskopen hadde oppmoda kyrkjeleiinga i Austevoll til å byggja nye og større kyrkjer i dei to sokna, byrja ein lang og beisk strid om kvar kyrkjene skulle stå.

I Austevoll soknestyre var det to ulike syn i denne saka:
Nokon ville reisa kyrkja på garden Austevoll der den gamle kyrkja stod, andre ville ha Storebø som kyrkjestad.
Eit framlegg om å føra Storekalsøy og andre øyar som høyrde til Møkster sokn over i Austevoll sokn var ein måte å gjera Austevoll på Hundvåkøy til sentrum i eit stor - Austevoll sokn.
Slik det no var hadde folk i t.d. Såtendal lang nok veg til kyrkje om ho vart bygd på Storebø.

I Møkster soknestyre drøfta dei fleire alternativ som kyrkjestad.
Somme ville byggja kyrkje på Møkster der den gamle kyrkja stod, andre gjekk inn for Kvalvåg som kyrkjestad.
Det vart og gjort framlegg om Veivåg eller Drivenes som kyrkjestad.
Ole O Rabben var ein talsmann for dette synet.
Her blei det hard strid.
Ein medlem frå Møgster - Mikkel J Møgster - uttalte at dersom kyrkja ikkje vart reist på Møkster, så ville alle ibuarane på Møkster melda seg ut av Statskyrkja.
Saka blei heller ikkje lettare å handsama etter at Fitjar kommune søkte om å få leiga kyrkja dersom ho blei reist på Veivåg eller Drivenes.
Denne søknaden blei blankt avvist.
Det vart og halde fleire kyrkjelydsmøte i dei to sokna.
Der kom det fram at det var ulike syn i kyrkjelydane. Det vart og gjort framlegg om å overføra Storekalsøy frå Møkster sokn til Austevoll sokn.

Likeeins vart det halde fleire kyrkjelydsmøte slik at den "menige mann" fekk uttala seg i saka.

I Møkster soknestyre kom Knut P Hille med dette forslaget :
"Møkster soknegrense skal vera ubrigda.
Soknekyrkja vert å byggja på Kvalvåg ( Stolmen ) og kapell på Storekalsøy. "
Dette forslaget synte seg å bli den beste løysinga i kyrkjesaka for Møkster sokn.

Ved kongeleg resolusjon av 4. april 1889 avgjorde Departementet at det skulle byggjast kyrkje på Storebø for Austevoll sokn og kyrkje i Kvalvåg (Stolmen ) med kapell på Storekalsøy for Møkster sokn.

Med dette utfallet var den over 20 år gamle kyrkjestriden slutt i Austevoll.