|
av Arne Eide
Kyrkjelydane kjøper Austevoll og Møkster kyrkje.
I 1724 kjøpte kjøpmann Bent Uldrich Austevoll og Møkster
kyrkje for 70 rd.
Det var dei kyrkjene som var i Austevoll då.
Etter dette kom kyrkjene i privat eige og etter kvart vart det fleire
privatfolk som kom til å eiga større eller mindre partar
i kyrkjene.
Etter ein bispevisitas i 1855 vart det notert i ein protokoll : "
Møgsters Kirke befandtes at være for liden, og derfor nu
underhandlingar med Eierinden Madam Rosendal omat faa Kirken solgt til
Menigheden ."
Det ser ut til at kyrkjelyden i Møkster kjøpte kyrkja
i 1862 for 5755 spd. 16 sk.
Kyrkjene i Austevoll var for små etter lova
Kyrkjelova av 24. sept. 1851, " Lov angaaende Kirker og Kirkegaarde
",
føreskreiv at kyrkje skulle ha plass til 3/10 av folkemengda
i soknet.
Etter dette var begge kyrkjene i Austevoll for små, men ein fekk
løyve til å utsetja bygginga av nye kyrkjer heilt til 1877.
Då vart det vedteke å byggja nye kyrkjer.
Men kvar skulle dei stå ?
Det var duka for ein lang strid.
Her kan du lese meir om handsaminga
av saka fram til vedtak om bygging av nye kyrkjer i Austevoll.
Residerande kapellani i Sund prestegjeld
Etter reformasjonen blei kyrkjene i Austevoll anneks til Sund prestegjeld.
Det blei oppretta eit residerande kapellani i Sund, men ved kongeleg
reskript av 9. sept. 1809 vart kapellaniet lagt ned.
Ved kongeleg resolusjon av 15. des. 1887 blei kapellaniet , frå
1. april 1888 å rekna oppretta på ny med plikt for kapellanen
til å ta bustad i annekset Austevoll.
Den første kapellanen var Fredrik Wilhelm Gulbrandson.
Han vart innvigd i Sund hovudkyrkje 6. s.e. påske og innsett i
Austevoll kyrkje på Hundvåkøy 13. mai 1888.
Han fekk leiga husvære hos ein mann på Melingen.
Embetsgard for den residerande kapellanen i Sund prestegjeld
Det synte seg at det husværet som kapellanen fekk leiga på
Melingen både var lite, kaldt og trekkfullt og såleis lite
tenleg som prestebustad.
Det vart difor sendt søknad til Kyrkjedepartementet om å
få løyvt midlar til innkjøp av embetsgard på
Storebø.
Både kommunen, soknepresten og prosten gjekk inn for søknaden,
likeeins Stiftsdireksjonen og Departementet.
Ved kongeleg resolusjon av 4. april 1889 vedtok Stortinget å yta
kr 11.350 av Opplysningsvesenets fond til innkjøp av jord og
til reising av dei naudsynte bygningar til ein embetsgard.
Les meir her
Kyrkjesak og kyrkjestrid i Austevoll
Etter at biskopen hadde oppmoda kyrkjeleiinga i Austevoll til å
byggja nye og større kyrkjer i dei to sokna, byrja ein lang og
beisk strid om kvar kyrkjene skulle stå. Strida skulle halde fram
i 20 år. Les om kyrkjestriden
her
Mot slutten av 1800 - talet vart det ført opp fleire nye
kyrkjer og kapell i kommunen:
Austevoll kyrkje frå 1891
Møkster kyrkje frå 1892
Storekalsøy kapell frå
1892
Bekkjarvik kapell - kyrkje
På same tida vart det og bygd nye gravplassar
Les om gravplassane her
|