|
Av Arne Eide
Den 19.sept. 1974 valde Austevoll formannskap ei plannemnd som skulle
førebu attreisinga av skulen og kyrkja.

Desse blei valde : Peder Kalve , Anders Kalve og Johannes Hille.
Litt seinare blei plannemnda utvida med tre soknerådsmedlemmer
: Tor Klepsvik, Helga Hitsøy og sokneprest Arne Eide.
Den 30. sept. 1974 fekk soknerådet og plannemnda fullmakt av heradsstyret
til å kontakta arkitekt og byggefirma og snarast mogeleg leggja
eventuelle planar fram for heradsstyret.
Arkitektkontoret E Vaardal - Lunde blei valt til å planlegga og
teikna kyrkja.
Arbeidet kunne ta til.
Her kan du lesa meir om det Påfølgjande grøn tekst
blir linka
Den 1. okt.1974 hadde soknerådet plannemnda og arkitekten møte
på Storekalsøy for å sjå på ny kyrkjetomt.
Soknerådet gjekk inn for ny kyrkjetomt på Anders Kalve sin
eigedom. Tomten
var på 5 dekar.
Soknerådet gjorde vidare vedtak om at kyrkja skulle byggjast oppatt
som ei arbeidskyrkje i tre og ha om lag 200 sitjeplassar.
Søndag 20. okt. 1974 vart soknerådet sine vedtak lagt fram
for soknemøtet etter gudstenesta, og blei godkjende.
8. jan. 1975 la arkitekten fram ein modell og teikningar for plannemnda
og om lag 50 personar frå kyrkjelyden. Då det var ingen
vesentlege merknader, godkjende plannemnda dei framlagde planar og teikningar.
17. jan. 1975 vart teikningar og planar godkjende av soknerådet.
27.jan. 1975 vart dei også godkjende av kommunestyret, som valde
desse til byggenemnd : Peder Kalve, formann, Tor Klepsvik, Anders Kalve,sokneprest
Arne Eide og Helga Hitsøy.
Hovudentreprenør for bygget vart Engevik og Tislevoll, Fitjar.
Den endelege finansieringsplanen vart sett slik opp :
Trygdesum kr 1.050.000
Refusjon mva kr 358.000
Forskotteringslån frå oppsitjarane kr 130.000
Lån frå Sund og Austevoll Sparebank kr 100.000
Lån frå Opplysningsvesenets Fond kr 750.000
Renter erstatningssum kr 49.042
kr 2.437.042
Den 1. okt. 1975 gav Departementet løyve til å setja oppatt
kapellet.
Kyrkjetomten fekk namnet "Klosterhaugen".
Biskop Per Juvkam la ned grunnsteinen til kapellet 5.des. 1975, same
dagen
som skuledirektør Per Kvist vigsla den nye oppattbygde skulen.
Kapellet vart vigsla av biskop Juvkam 19.des. 1976.
|