Storekalsøy kapell i brann |
|
Av Arne Eide Onsdag 18. sept. 1974 blei ein dag som folket på Storekalsøy
seint vil gløyma. Nokre gutar merka om kvelden at det rauk frå skulehustaket. Kapellet som stod like ved var blitt så oppheta av varmen at det tok til å brenna i treverket under hellene på taket. Brannfolka gjorde alt det dei kunne for å berga kyrkja, men i den sterke vinden greip elden berre meir og meir om seg. Snart skjøna alle at ein ikkje kunne berga kyrkja. Til all lukke hadde nokon byrja å bera ut lause gjenstandar
or kyrkja før ho byrja å brenna. Det var eit sjokk for folket på Storekalsøy å ha mist så verdfulle kulturverdiar, men alle var samde om å byggja skulen og kyrkja oppatt. Først måtte ein finna ein ny kyrkjetomt. |