Til opningssida

Ingebrigt - ein legdslem

 


Illustrasjonsfoto: Klett-Ola
Legdekall frå Rosendal
S. Kannelønnings samling
Ingebrigt Salomonsen Økland vart fødd i 1848. Han arbeida som dreng, men greide ikkje å passe hverken arbeidet eller seg sjølve.

Frå 1886 til 1907 gjekk derfor Ingebrigt eller Legda-brigt'n som han vart kalla, på omgangslegd frå gard til gard i Austevoll sokn.

Og frå 1907 og fram til han døydde i 1925, var han sett vekk for pengar hos folk på Storebø.

Gjennom dokumenter henta frå fattigstyret og folketellingar, kan me få eit visst innblikk i korleis livet var for den siste legdslemmen i Austevoll sokn.

1865: I folketellinga for 1865 for Sund (Austevoll var då ein del av Sund sokn) finn me at Ingebrigt Salomonsen bur heime hjå foreldra sine på Økland.

1886 12.01: Ingebrigt får omgangslegd
I møte i fattigstyret på Vestre Bagholmen 12.01.1886 vart det vedteke at Ingebrigt skulle få gå på legd:

"Først behandledes andragende fra Lars Mælingen om Drengen Ingebrigt Salomonsen Økland der ikke fandtes saa arbeidsfør at han kunde gjøre fyldest for Kost og Klæder. Fattigkommissionen besluttedes enstemming at nevnte Person faar omgangslægd.

Til lægdsforstander til Lægdslem Ingebrigt Salomonsen er valgt Iver Larsen Mælingen."

Ingebrigt var då 37 år.
Frå denne dag av og heilt fram til 1907 skulle Ingebrigten gå frå gard til gard som legdslem, frå 1905 som einaste legdslem i soknet.
På eitt år kunne han skifte gard 160 ganger og han var berre nokre få dagar på kvar gard:
1 dag på 28 gardar
2 dagar på 73 gardar
3 dagar på 38 gardar
4 dagar på 19 garder
(1886)

1888: Ingebrigt si legdrute
Her kan ein sjå korleis Ingebrigt gjekk frå gard til gard, og kor mange dagar han fekk vere på kvar gard i 1888.

1900: Ved folketelling for Austevold var Ingebrigt komen til Haukanes på si legdsrute
Kgl. res. 8. august 1900 bestemte at det skulle holdes alminnelig folketelling i Norge kl. 24.00. natt til mandag 3. desember 1900. Alle landets innbyggere skulle registreres på det stedet de befant seg på dette tidspunktet. På landet var tellingen administrert av soknepresten, sammen med lensmann og ordfører. Selve tellingen ble utført av skolelærere eller andre utvalgte personer. (Digitalarkivet)

1903: Ingebrigt si legdrute
Her kan ein sjå korleis Ingebrigt gjek frå gard til gard, og kor mange dagar han fekk vere på kvar gard i 1903.

1906 19.11: Vedtak om sengekleder
Det var ikkje lett for ein fattiglem å halda seg fri frå lopper og lus når ein skulle dra frå gard til gard med dyna under arma :

"En mundtlig opfordring fra fattigstyremedlem Rasmus A. Drønen om at fratage lægdslem Ingebrigt Salomonsen Økland de sengeklæder der tidligere har været anskaffet til ham, da det har vist seg især i den senere tid at han på ingen maade kan holdes ren saalenge han selv holder seg med sengeklæder.

Enstemmig beslutning: Lægdsyderne tilpligtes herefter at holde han sengeklæder."

1907 04.01: Kleskifte

"Sag 3.
Spørgsmaal om hvorledes bør for fremtiden gjøres med lægdslem Ingebrigt Salomonsen Økland for at holde ham renslig.
Beslutning: Det pålegges fattigfotstanderen og tilsynsmand hver i sin kreds at gjøre legdsyderne opmerksom paa at de tilholder ham at skifte underbeklæder i det allerlængste hver 14. dage, helst i hver 8. dage og tillige paalegge dem at vaske klæderne og tilholde ham saa meget som mulig til renslighed."

1907 20.01: Bortakkordering = satt vekk for pengar
Det var tydeligvis ikkje ei enkel sak å ha Ingebrigt gåande på legd lenger. Allereide to veker etter forrige vedtak, er det nytt møte i fattigstyret. Noko må gjerast.

"Der forhandeldes om bortakkordering af lægdslem Ingebrigt Salomonsen Økland da man antar det for baade ulovligt og uforsvarligt at lade han gaa omgang længer.
Fattigstyret har faaet løfte hos Vinsjans Hansen Storebø om at han vil modtage ham i forpleining.
Enstemmig beslutning: Nævnde fattiglem bliver at udsette snarest til Vinsjans Hansen Storebø for det af hans forlangde beløb kr. 150,00 per aar intil videre."

Med dette er det ikkje lenger nokon i Austevoll sokn som må gå legd.
I Møgster sokn tek det ikkje slutt før i 1913.
Etter lova skulle det vera slutt i 1900.

Kvart år gjev no fattigstyret pengar til " Understøttelse " av Ingebrigt.
Når vi kjem fram til 1921 er summen stige til kr 600,00.
Dette året må Ingebrigt skifta hus for siste gong :

1921 :Siste husskifte
"Ingebrigt S. Økland er opsagt af Kari Larsdatter Storebø, men skal få blive i huset hos hennes Svigersøm Mikael Haugland Storebø som tar sin begyndelse Nyttaar 1922 til en betaling af kr. 600, 00 per aar."

1925: Ingebrigt døydde i 25.10 1925 - 77 år gammal

Om Ingebrigt S. Økland henta frå Austevoll Gard og Ætt II. Austevoll sokn:

Les meir om Legda-brigten

Les og om Legdfolk

Les og om Saker i fattigkommisjonen