Legda- Brigt'n |
|
Gammal soge fortald av Johs. Søreide og Per Naustheller: Far hans var Salomon Økland på Hunvåko. Dette var ein mann i trange kår med mange born. Han var halvblind også. "Dra deg heim, din svarte hund!": sa han til ein stein attmed vegen, eingong han gjekk nedetter (sjoarsvegen ) ilag med nokre gutar. Spurde nokon Ingebrigten, sonen, kor gammal han var, svara han berre: "Jamgammal med Jan i Dalen og Ola Nausthilder". Jan var fødd i 1848 og Ola i 1849. Desse var begge frå Hundvåko og kjenningar til Ingebrigt frå barneåra. Ingebrigt var nokså evneveik, truleg av sjukdom i mandlane som han hadde lide av. Han gjekk alltid med open munn. Vørdlause folk tok til å kalla han "Tussabrigten". Dette kom vel av at han treivst best mellom dyra i barneåra. Når kyrne "stod på skine" i varme sommardagar, stod Ingebrigten saman med dei. Han hadde endåtil laga seg ei lita rove av ein gammal taustump. Og han slo med rumpa si etter kleggen når kyrne gjorde det. Om skulegongen sin sa han: "Gjekk tre år for Josefen. Va torre". Desse tre åra var truleg hans verste, det var lusingar og hard medfart, fortalde skulekameratane. Konfirmant vart han ikkje, og han kom tidleg på legd. Ingebrigt var ein stillfarande kar som ikkje gjorde ein katt for tre, og han var lett å ha i huset. Det leiaste var at han hadde lus. Det var uråd å berga seg frå slikt i hans stode. Dei fleste heimane var nok nokolunde lusfrie, men slett ikkje alle. Klebyte hadde han med seg i eit skrin, og han gjekk frå mann til mann, etter som dei var sette opp av styret for legd. Kvar av desse hadde plikt til å hysa og metta han eit par dagar. Kom han då på ein venleg stad, tøygde han gjerne tida der ut til bortimot ei veke, men i andre hus stogga han berre ein dag. Han lika å gå ærend for folka eller å gjera noko for dei, t.d å skjera ( bort eller -----) som vart nytta til bol under gris og smale. Ein gong fortalde han om dagsverket sitt såleis:" Hogge presten, drege lensmannen, rive Sydnøva Bød'n". Han hadde då hogge ved hos presten Laland, drege høy i løa til lensmannen Schaatun og rive ei børa (lung ) til kona på Storebø. Men han fekk ikkje alltid arbeid som han likte. Då gjekk han på vitjing i dei heimane der han tykte det var gjevast å vera. Komen innom døra, sa han gjerne - om han så hadde vor der dagen før:" Ikkje jamt ser meg gå innydle. Få skjeva, mjelkeskål" Det var alltid "ferskemjølk", søtmjølk, han ville ha. Surmjølk vyrde han lite på. Lova tok bort legd i 1900. Men Ingebrigt gjekk legdruta si til 1907.
Då fekk han vera hos ein mann på Storebø, og der vart han verande resten
av sine dagar. Les om Ingebrigt - ein legdslem
|