Legdfolk |
|
Fattige, sjuke eller gamle folk, som ikkje greidde å brødfø seg sjølve, måtte heilt fram til cirka år 1900 gå på legd. Fattigstyret gjorde då vedtak
om at den fattige skulle gå frå hus til hus i soknet og bu nokre dagar
på kvar gard. Kor lenge fattigfolk skulle bu på kvar gard, var avhengig
av kor stor garden var. På Hufthamartunet budde det legdefolk 2-3 veker
kvart år. Gardsfolket måtte då gje dei mat, klede og nødvendig pleie. Då pliktperioden var over, måtte legdefolket gå til neste gard. Dette var tunge plikter for gardsfolket og ein tung gange for dei fattige. Oftast låg legdefolket på steinhella framom grua. Sjølv om underlaget var hardt, følte legdefolk at dei låg på dunhelle dersom dei vart godt mottekne og fekk god pleie på garden dei kom til. Listene under viser korleis legdslemmene gjekk frå gard til gard og kor mange veker og / eller dagar dei fekk være på kvar gard. Kor lenge legdslemme fekk være på kvar gard, kom an på kva form han eller ho var i. Var dei svært sjuke, fekk dei være lenger på kvar stad. "Austevoll fattigstyre, protokoll. No. 1. No. 2. No. 3. No. 4. No. 5 No. 6
|