|
I Austevoll - Gard og ætt I s 345 finn vi dette :

1871 - faren kjem vekk på havet
Vi ser at faren berre vart 50 år gammal - han kom vekk på
sjøen.
Kona, Marta, var då 45 år gammal og dottera Barbru var 11
år.
Det skulle bli eit strevsamt liv på skuggesida i eit samfunn
som enno ikkje hadde så mange måtane å komma støttande
til på.
1880 - mor og dotter ut på legd
Første gong vi finn den vesle familien i Fattigstyret si møtebok,
er vi komne fram til august 1879.
Dette året har Marta fått 12 kr i støtte frå
Fattigstyret.
Men no kjem dei med forslag om at mor og dotter frå 1880 skal
få hjelp ved å gå frå gard til gard i distriktet.
Dei vart legdslemmar og må leggja ut på ei evig rundreise
mellom gardane i Møkster sokn. Nokre få dagar på
kvar gard.
Ei reise som for mora skulle vara livet ut, og for dottera heilt fram
til 1913 då ho fekk vera i fred på ein gard dei siste åra
fram til ho døydde i 1919.
Marta var 54 år og dottera 20 - i 1880.
Problemlaust var nok dette ikkje.
Marta møtte ikkje alltid opp der ho skulle.
30. april 1882 skriv Fattigstyret dette i møteboka :
" lægslemspigen Brita Olsdatter nedre Vaage , samt Lægdslem
Marta Olsdatter Aarland,
uopholdelig vil blive indsat i Bergen
Arbeidsanstalt, den første, hvis hun ikke øieblikkelig
(stiller ?) i den Hende anviste Lægd, den siste, hvis hun ikke
reiser paa alle de Gaarder, hvor hun har faaet sin Lægd anvist
"
Og mor og dotter heldt fram på sin legdeveg, frå gard til
gard langs denne ruta frå 1884 : Hevrøy - Litlakalsøy
- Møkster - Horgo - Kalve - Hidle - Hidlarøy - Klepsvik
Kleppe - Bakke - Bakkasund.
På kvar gard var dei frå 2 til 36 dagar.
Som åra gjekk kunne nok legderuta skifta litt :
1892 : Litlakalsøy - Hevrøy - Stolmen
1893 : Stolmen - Hevrøy - Litla Kalsøy - Møkster
- Horgo - Stora Kalsøy
1894 : Stora Kalsøy - Horgo - Møkster - Litla Kalsøy
- Hevrøy - Stolmen -
Selbjørn - Lundøy
Åra gjekk.
1897 : Marte døyr - 71 år gammal
Skal vi tru bygdaboka, drukna ho i ei vik på Møkster.
Marthe
i kyrkjeboka (Digitalarkivet)
Dottera, Barbru, var no 38 år gammal.
Skulle ho fortsetja åleine i legda si ?
På møte 26/6 1897 blir dette drøfta i Fattigstyret.
I møteboka les vi :
"Beslutning om hvad der bør gjøres med Legdslem Barbru
Karstensdatter Aarland.
Legdslem Barbru Karstensdatter bør gaa omkring i Legdruten som
før er bestemt for hende og Moderen inntil videre - hvis det
imidlertid viser seg jørlig, da maa hun anbringes i fast understøttelse.
Samme ordning af Legden forsendes til yderne snarest mulig."
Det vart framleis legd for Barbru
Frå 1897 er det aldri meir enn 2 som går på legd i
soknet.
I 1899 bur Barbru på 57 gardar spreidd på Møkster
- Litla Kalsøy - Hevrøy og Stolmen.
I følgje Fatiglova av 1900 skulle det vera slutt med legdsordninga
,
men i Møkster sokn " nyder " framleis to kvinner denne
ordninga.
I folketellinga for 1900 kan me sjå at Barbru
er komen til Hevrøy i si legdrute (Digitalarkivet)
Kgl. res. 8. august 1900 bestemte at det skulle holdes alminnelig folketelling
i Norge kl. 24.00. natt til mandag 3. desember 1900. Alle landets innbyggere
skulle registreres på det stedet de befant seg på dette tidspunktet.
På landet var tellingen administrert av soknepresten, sammen med lensmann
og ordfører. Selve tellingen ble utført av skolelærere eller andre utvalgte
personer. (Digitalarkivet)
1901 : Bakke - Kleppe - Klepsvik - Hidle - Kalve - Horgo - Litla Kalsøy
- Hevrøy
I alt 57 gardar.
1903 : Skulle hatt legehjelp - men
Barbru var ikkje heilt frisk.
Våren 1903 bed Fattigstyret distriktslegen undersøkja Barbru
og sjå om det er plass til henne på eit sinnsjukeasyl.
Svaret ligg føre til møte 6/6 1903 :
Her erklærer legen " at hun er Sindsyk og maa helst tilskrivest
et asyl.(
)
Besluted blev at tilskrive Lægen om at faa de oplysninger om vad
et saadant Asyl vil koste kommunen."
Og det kosta.
For mykje tydelegvis, for på eit seinare møte i Fattigstyret
les vi :
"Hvad der skal gjøres med Fattiglem Barbru Karstensdatter
Aarland der har nydet Legd det siste ½ aar 1903 paa Stolmen.
Enstemmig : at Fattiglem Barbru Karstensdatter vil komme til at nyde
Lægd på Selbjørn og Lundøen, Hævrøen,
Lillekalsøen, Møgster, Waage og Storekalsøen i
Aaret 1904."
107 ulike gardar!
Då året nesten var ute og jula stunda til, heldt Fattigstyret
nytt møte.
" Om lægd til Barbru Karstensdatter Aarland for 1905.
Der besluttedes :
Når vedkommende lægdslem har gået ud den nu gjeldende
rute, optager hun ny rute således, at hun begynder denne hvor
hun slutter og går den motsatte vei tilbage efter den samme liste
som nu. ( Den fra 1904 gjældende )"
Og kva med 1906 ? Dette året blei omsorga delt mellom
106 ytarar !
1907 : " Vil faare spørge Knud R Walhamer om han vil tage
Hende mod den tidligere forlangte Gaadtjørelse. "
Men slik gjekk det ikkje :
1908 : Barbru einaste på legd i Austevoll kommune.
1909 : Fordelt på 56 ytarar.
1910 : "Lægdsliste for Barbru Karstensdatter Aarland for
aaret 1910 har Lægdshold
fra 1. Januar paa Horgen - Møgster - Lillekalsøien og
Hævrøen (
) "
1912 : På eit møte 13 /7 " Ny omgangsliste bliver
at udarbeide for Barbro (med o
red.anm)Aarland med Stolmen som distrigt. Som grundlag for udarbeidelsen
lægges matrikel skylden.
Vedkommende begynder omgangen i det nye distrikt ved indeværende
aars
udgang (1912 red. anm.)
1913 : 13/1 " Om flytning av Barbro Aarland: I stedet som i møde
af 13/7 f.aa
bestemt blir Barbro Aarland at overflytte til Selbjørn og blir
rute at udarbeide
for dette distrigt.
1913 : Frå legd til fast pleie.
Den 19.de mai 1913 samledes Møgster fattigstyre til møde
i Bakkesund.
(
)
Der behandledes :
1 Om udsættelse af Barbro Aarland til forpleining hos Knut Monsen
Kalve for et beløb af kr 200.00 pr. år mod at fattigvæsenet
holder hende med klæder.
Beslutning :
Da der ikke er indkommet noget billigere anbud blir Barbro Aarland ar
bortsætte til Knut Monsen Kalve for omhandelde beløb for
et år at regne fra 1 ste februar 1913.
1917 13/1
"Andragende fra Knut M Kalve om tillæg for den betaling han
har for Barbro
Arland.
Beslutning :Den hidtil ydede betaling kr 200.00 forhøies til
kr 300.00 årlig."
29.desember 1918 - Barbru Karstensdatter Aarland døyr .
Eit strevsamt liv er til ende.
Ho vart 59 år gammal, og vart gravlagt 3.januar 1919
Barbru
i kyrkjeboka (Digitalarkivet)
Ut på våren (29/4) kom namnet hennar opp ein siste gong
på eit møte i
Fattigstyret :
" I anledning Knut Kalves krav paa gravningsomkostninger med kr
23 blir
under henvisning til begrundelsen i journalen (
) ikke at anvise.
Rasmus R Møgster (form)
Lars N Drivenes
Amund R Veivaag
Anders J Hævrøen
|