Til opningssida

Fantar (splintar)

 

etter Sigvald Hufthammer av Karl Johan Haugland

Årvisst fekk også gardane vitjing av fantar eller splintar som dei her vert kalla. Mennene utførte ofte ulikt blekkslagararbeid og kvinnene selde gjerne småting som nåler, knappar, vispar, gummiband m.m. Ofte nytta dei også høvet til å tigga til seg ein fleskebete eller nokre kaker.

Det går mange historier om splintane. Snys-Olan kom ein dag til Hufthamar, og kona i huset, Mari, spurde om han hadde noko nytt å fortelja. Etter ein tenkepause sa Ola: "De blir visst aldri meir fattige de!" "Fortel, fortel, Ola!" bad Mari. Ola trong ein ny tenkepause før han heldt fram: "Å jau, eg kom seglande sørover Vatle, der kom "Stavangerfjord" og. Og der var så mykje sild at silda ho snudde baugen mot nord. ("Stavangerfjord" var på veg sørover, men silda stod så tett at ho snudde skipet 180 grader). "Då eg kom litt lenger på sør, såg eg mannen din, Lars. Han stod endå på tofta og ropte LA GÅ! Dei sette fast i Korsneset og kasta like i Fanahammaren. Og der var 101 nøter som gjekk i sjøen på ein gong. Og mannen din; Lars, var hedbas. Han hadde heile kastet og du blir aldri meir fattig."

Mari hadde høyrt fantasihistorier frå Ola tidlegare og trudde ikkje på det han hadde å fortelja. Men Ola tykte vel om denne historia og brukte henne lenger sør på garden. Kona der i huset trudde kvart ord han sa og gav han ei heil fleskeskinke som takk for nyhenda. Snys-Olan fekk det då mistenkjeleg travelt med å koma seg av garde og gardskona spurde då kvifor han fekk det så travelt, "Det er begeistringa som har teke meg" svara Ola kort og skunda seg vidare.

Etter denne hendinga, ca1910, våga aldri Snys-Olan seg attende til Hufthamar.

Ei anna soge om Snys-Ola. Han stod ein dag og baud fram for sal eit tambaksur (stort lommeur). Ungdomar om var til stades, kikka på klokka og sa at det ikkje var noko ur.

Som den gode seljaren han var, sa han då: "Å nei du. Dette uret er rett som sola og tikkar som Jesus sitt hjarte," og heldt fram: "Ein dag eg gjekk med uret i vestalomma var eg så uheldig at eg knuste glaset på klokka. Eg var ikkje klar over at glaset var knust, men det merka eg snart. Litlevisaren kom bort i vestafôret og før eg visste ordet av det hadde visaren pitla kleda av meg."

Snys-Olan var ikkje redd for å bruka store ord. Alt han baud fram, var av førsteklasses kvalitet som kikkerten som ein "kunne sjå 7 km inn i faste fjellet med".