Til opningssida

Najonalt perspektiv på sosial tilhøve

 

Kven sat i Fattigkommisjonen ?

I Fattigkommisjonen sat presten, men han var ikkje etter 1863 lenger sjølvskriven formann.
Med seg hadde han medlemmar utpeika av kommunestyret.

Oppgåvene deira var :

  • Setja opp budsjett og bestemma kven som skulle få kva slags støtte. Størrelsen på fattigkassa blei bestemt av kommunestyret.
  • Fastsetja avgiftene på brennevin, vin og øl.
  • Saman med formenn og kommunestyret dela fattigkommunen opp i underdistrikt og roder.
  • Fattigkommisjonen skulle peika ut ein tilsynsmann for fattigkommunen og ein rodemeister for kvar rode. Manntallsprotokollar over fattiglemmer blei påbudt i 1863.
  • Om naudsynt kunne dei og tilsetja fattigvektarar / bygdevektarar.
  • Dei som ikkje tente tilstrekkeleg til eige eller familiens underhold, kunne plasserast på fattiggardar.

Dei fattige blei inndelte i tre klassar frå 1845 :

  • Dei som ikkje kunne arbeida.
  • Barn
  • Dei som delvis kunne syta for seg sjølv og familien.

Med Fattiglova av 1900, vart denne oppdelinga teken vekk."Fortegnelse over understøttede Trængende" kom istaden for manntallsprotokollane.

Attestane som innflyttarane brakte med seg skulle vera utstedt av lensmannen.

Legdsordninga fall no endeleg bort.

Dei som mottok støtte frå fattigkasssa mista ein del samfunnsrettar : mellom anna fekk dei ikkje stemmerett før 1919.

Kjelde Interkommunalt arkiv i Hordaland, 1999.

Les om saker frå fattigkommisjonen her