Til opningssida

Skiftebrev efter Leilænding Knud Tørressen Kleppes afdøde Hustrue Ingeborg Andersdatter af Vaag Skibrede begyndt 20de November 1832 og sluttet 28de November 1833

 

Kona til leiglending Knud Tørresen Kleppe , Ingeborg Andersdatter, døyr i 1832. ( fødd 1789)
Ho vart 43 år gammal.
Same året døyr og halvbroren hennar, Ivar, berre 32 år gammal.
Ho var dotter til losoldermann, sjølveigar og gjestgjevar Anders Knudsen Møgster / Bakkesund.
Knud sit att med 5 born; to søner og tre døtre i alderen 20 til 6 år :
Mons Knudsen 20 år (1812 - 92 )
Tørres Knudsen 13 ½ år ( 1819 - ? )
Kari Knudsdatter 17 år ( 1815 - ? )
Gyri Knudsdatter 13 ½ år ( 1824 - 98 )
Mari Knudsdatter 6 år ( 1827 - 57 ) Kjelde : Austevoll Gard og Ætt bind1

Sjølv er han 45 år gammal når kona døyr.
Fire år seinare ( 1836 ) giftar han seg med Gjertrud Monsdatr. Hufthammer

Men no skal alt Ingeborg eigde skiftast og slik delast mellom arvingane.

20. november 1832 kom lensmann Knud Olsen Nordfonden og to oppnemnde vitne til Gaarden Kleppe.
Det skulle haldast Registrerings- og Vurderings Forretning
Alt dei eigde vart rekna opp og sett verdi på.
Her kan du lesa kva dei eigde.(link……s 1- 5 til Den til denne … i kildeart. )
Når gjelda var trekt i frå var verdien samla på 228 Spd.


Fredag 29. mars 1833 kl ni vart det halde skiftesamling på sorenskrivargarden på Kaarewig.
Her skulle enkemann, myndige arvingar og dei umyndige arvingane sine formyndarar møte saman med dei som skulda buet pengar eller som hadde pengar til gode.
Og elles kunne dei møta som hadde noko å leggja til i saka.
Ikkje noko nytt kom fram.
Men før dei kunne gjera seg ferdig med skiftet, ville skifteretten gjera ferdig skiftet etter halvbror til avdøde sidan Knud også ville få arv etter han som skifteretten måtte rekna inn i skiftet etter kona.


28. november 1833 : Skiftet etter Ingeborg Andersdatter.
Saka hadde lege lenge for å venta på at buet etter Ivar skulle bli ferdig.
Men det varte og rakk, og no bestemmer ein seg for å gjera ferdig skiftet etter Ingeborg.


Her kan du lesa om korleis arven vart del . (s6 i kildetekst fra Boets Indtægt og Udgift…og resten av kildeskrivet link )