|
Austevoll vart eigen heradskommune frå 1886, då den vart utskilt frå
Sund heradskommune.
Kommunen ligg i Midthordland, på fleire store og mindre øyar, og grensar
i sør til Fitjar kommune, i aust til Tysnes , i nordaust til Os og i
nord til Sund kommune. På vestsida ligg Nordsjøen og havet.
Prestegjeld- og sokneinndelinga:
Då formannskapslovene vart sette i verk i 1838 hadde Sund prestegjeld
i Nordhordland Prosti i Bergen Stift fylgjande sokner:
Sund hovudsokn,
Møgster sokn
Austevold sokn
Ved kongeleg resolusjon (kgl.res.) av 22.10.1910 vart soknene Austevold
og Møgster eige prestegjeld.
" I At det residerende kapellani i Sunds prestegjeld under Midthordland
provsti i Bergens stift nedlægges fra 1 januar 1910 at regne.
II Fra samme tid at regne skal annekssognene Austevold og Møgster av
samme prestegjeld utskilles og overgaa til eget prestegjeld under navn
av Austevolds prestegjeld, i det Austevolds sogn blir hovedsogn.
III - IV - VI ( ....) "
Tinglag / lensmannsdistrikt:
Sund prestegjeld var i 1838 delt inn i fylgjande skipreider/tinglag:
Sund hovudsokn høyrde til Sartor tinglag i Nordhordlands og Voss Fogderi.
Møgster og Austevoll sokner høyrde til Våg tinglag i Søndhordlands og
Hardangers Fogderi.
Ved kgl.res. av 17.02.1866 vart Sund tinglag/lensmannsdistrikt oppretta.
Ved kgl.res. av 08.10.1888 vart Sund tinglag delt i to, til Sund tinglag
og Østervold tinglag. "hvorved er bestemt at Sunds thinglag i Nordhordland
fogderi, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, der af amtmanden nærmere
bestemmes, deles i to thinglage, Sunds thinglag og Østervolds thinglag,
svarende til herrederne af samme navn."
Ved kgl.res. av 15.09.1910 vart det namneskifte. " hvorved bestemmes
at Sunds lensmandsdistrikt i Søndre Bergenhus amt for fremtiden blir
at benævne Sund og Austevolds lensmandsdistrikt."
Ved kgl.res. av 17.04.1964 vart det fylgjande endringar i lensmannsdistriktet:
"
1) Sund og Austevoll lensmannsdistrikt nedlegges.
2) Sund kommune legges til Fjell lensmannsdistrikt som før navnet Fjell
og Sund lensmannsdistrikt.
3) Austevoll kommune blir eget lensmannsdistrikt under navnet Austevoll
lensmannsdistrikt.
4) Justisdepartementet bemyndiges til å fastsette tidspunktet for gjennomføringen
av reguleringene."
Kommuneinndeliing - og namneendring
I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Sund formannskapsdistrikt
oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet
skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga
herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning
som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved
kgl.res. av 21.februar 1885 vart soknene Austevold og Møgster delte
i frå og Østervold heradskommune vart oppretta, gjeldande frå 01.01.1886.
" Kongelig resolusjon av 21. februar 1885, hvorved det i henhold til
lov om formandskaper på landet m.v. av 14. januar 1837 § 60 bestemmes:
1) At Sunds herred i Nordhordlands fogderi, Søndre Bergenhus Amt, på
de i herredstyrelsens møte den 27de desember 1884 vedtagne betingelser
deles i to herreder, nemlig Sunds herred, svarende til sognet av samme
navn, og Ïstervold herred, omfattende Østervold og Møgster sogne, samt
2) at amtmanden bemyndiges til nærmere at bestemme tiden for delingens
ikrafttreden."
Møteboka for formannskapet i Austevoll viser at første møte vart halde
12.01.1886. Namnet var då Østervold. Frå juli 1889 er namnet endra
til Austevold. Ved kgl.res. av 3. november 1917 vart namnet på
heradet endra frå Austevold til Austevoll. Ved kgl. res. av 01.02.1935
vart Møgster endra til Møkster. " Soknenamnet Møgster, Austevoll
herad, Hordaland fylke, vert brigda til Møkster. ".
Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga
i Hordaland fylke, til liks med resten av landet.
Ved kgl.res. av 26.april 1963 skjedde fylgjande
endringar i Austevoll: " Kongeleg resolusjon av 26.april 1963 om at
dei områda som Fitjar kommune i Hordaland fylke har på Huftarøy og
Selbjørnøy skal leggjast til Austevoll kommune i same fylke.
" Kongeleg resolusjon av 6. juni 1963 fastsette at ovenfornemnte overføring
skal gjerast gjeldande frå 1. januar 1964, og at kommunen framleis
skal heita Austevoll.
Ordførarar i Austevoll kommune 1886 - 1989:
| Kyrkjesongar Olav Strømme |
1886 - 1901 |
| Fiskar Peder Olai Kleppe |
1902 - 1919 |
| Bonde Olai Nausthellar |
1920 - 1925 |
| Bonde Mikkel Nilsen Birkeland |
1926 - 1934 |
| Lærar Magnus Larsen |
1935 - 1937 |
| Fiskar Salomon O. Fagerbakke |
1938 - 1945 |
| Fiskar Salomon V. Kalvenes |
1946 - 1959 |
| Trygdesjef Rikard Storebø |
1960 - 1969 |
| Statslos Peder Kalve |
1970 - 1975 |
| Rektor Magnus Stangeland |
1976 - 1981 |
| Kjøpmann Knut K. Kalvenes |
1982 - 1985 |
| Skippar Hallvard Møkster |
1986 - 1989 |
| Filialsjef Inge Bjarne Storebø |
1989 - |
Kjelde
Interkommunalt arkiv, Bergen v/ Åse Eikemo Strømme
Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga ) Departementstidende (kgl. res.)
Register over kyrkjebøker,
Statsarkivet ( prestegjeld - sokneinndeling )
Register over lensmannsarkiv,
Statsarkivet ( tinglag og lensmannsdistrikt ) st og meir tekst.
|