Rikard Storebø |
|
Personalia
Tok mellomskuleeksamen på 1 ½ år og eitt-årig handelsgymnas der eg sløyfte fransk. Tok kring 30 korrespondansekurser i fag frå radio telefoni og telegrafi til møteleiing og taleteknikk, mest elektroteniske fag. Fyrste kontorjobben var på lensmannskontoret i 1939-40. Fekk der mellom anna vera med og panta skatt. Dreiv ellers noko med fotografering og hadde nytte av det då alle skulle ha grenseboerbevis. Eg reiste då rundt i kommunen og tok passfoto av ein vesentleg del av folket her. Arbeidde noko med urreparasjonar og då radioapparatene vart inndregne, vart det reparasjonar av illelage radioer samt laga eg ein del eit-rørs apparater for lytting på BBC. Var to gongar på veg til England utan at det lukkast. Hausten 1943 fekk eg jobb som kontorassistent på trygdekassen. Vart gift hausten 1944 og hadde i slutten av krigen ikkje anna illegal oppåve enn å melda frå dersom særmeldingar kom om at heimefronten skulle gå til aksjon. Hadde bistilling som kommunerevisor frå visstnok 1943 og ein del år frametter. Var formann i Austevoll venstre fram til midten av 1960 åra. Var ellers revisor i kraftlagen frå ca. 1946. Vart styreformann der ca. 1955 og er det framleis, Vart tilsett som likningssjef i 1947 og var det i ca. 10 år. Trygdesjef frå 1/7-1948 og er det framleis. Vart vald til kasserar i det nyskipa skytterlaget like etter at krigen var slutt. Fekk der som oppdrag å få bygd skytebane med hus for laget. Vart i fyrstninga av 1950 åra vald til formann i byggekomite for bygging av grendahus, samt var kassrar for laget. Fekk og ordna ein etter måten moderne kino og var styrar for den i 10 år. Stod i spissen for skiping av mjølkelag i 1957/58 og var styreformann så lenge det var i drift. Bergensmeieriet overtok i slutten av 1960 åra. Laget bygde stasjon med tilkomst både lande- og sjøvegs og hadde i drift både lande- og sjøvegs mjølkeruter. Dreiv ellers småbruket frå 1949 og fram til 1969. Var stort sett 14 dager for året i heimevernet der eg var HV-fendrik. Kom med i formannskapet i 1956 og vart føreslegen som ordførar dei to fyrste ordførarvala utan å få nok røyster. Vart vald til ordførar i 1960 med ei røyst overvekt. Vart vald oppatt stort sett samrøystes fram til 1968 då valet atter var med ei røyst i overvekt. Hadde som sekretær i vegnemnda, arbeids- og tiltaksnemnda og andre nemnder arbeidt ein del med kommunikasjonsproblema og med å samla administrasjonen i heradet. Heradet var svært tungt å styra med folk buande på ca. 15 øyar, og med berre bygdeliste var tonen stort den at vart det løyvt pengar på ei øy måtte dei andre øyane få noko tilsvarande. Det var stort sett semje om å samla administrasjonen, men det var ikkje semje om kor den skulle samlast. Løysinga vart at L/L Austevollbygg vart skipa med representant frå kommunen, organisasjonar og private og administrasjonsbygget vart teken i bruk i 1963 utan at det vart noko uro av det. Eg var formann for L/L Austevollbygg fram til 1972. Økonomien i heradet i slutten av 1950 åra var særs ring, med mest total svikt i fiskeriene. Eit år var skatteinnkoma berre litt over halvparten av det budsjetterte. Som ordførar tykte eg mi fremste oppgåve var å få kommunikasjonane bortimot på linje med grannekommunane. I Austevoll hadde kommunikasjonane vore så godt som ubrigda i fleire 10 år attende. Det fyrste måtte vera å få rasjonalisert og forsert vegbygginga. På Huftarøy var 7 skulekrinsar som ingen hadde vegsamband med kvarandre. På budsjettet hadde vore løyvd til opptil 45 veganlegg på same tid. Vegstyresmaktene meinte og det måtte vera slutt med å byggja nokre få meter kvart år på ein mengde anlegg. I ytre strøk var vegane nerast fullføring, og det var rimeleg at alle krefter vart konsentrert om å få desse fullført fyrst, og så måtte alle krefter samlast om dei større anlegg i indre del av kommunen. Me var om oss på alle måtar for å skaffa pengar til vegbygginga. Kommunen forskotterte for stat og fylke. Oppsitjarane pantsette eigedomane sine for lån til vegbygging og formannsskaplemene stelte seg som personlege kausjonistar for lån til vegbygging. Sumaren 1966 var det sett inn bilførande båt på Austevoll. Dette førde til ei rivande utvikling i trafikken med bilkjøp mv. Hausten 1967 vart oppretta bussrute på Huftarøt og sumaren 1968 vart sett inn vanleg bilferje. Våren 1969 var den offisielle overlevering av riksvegen, fylkesvegar og Hufthamar ferjekai. Innan andre sektorar var det kanskje innan havneutbygging det vart utført mest. Eit eller to år fekk Austevoll kring halvparten av budsjettet til havneutbygging innan fylket. Noko nybygg og tilbygg til skular vart det og kanskje viktigast , Eidsbøen ungdomsskule vart planlagt og bortimot klar for igongsetjing. Sameleis vart det så godt som avgjort at nye fiskarfagskulen skulle leggjast til Austevoll. I dei 10 åra eg var med i fylkestingent var eg sekretær i nemnder heile tida. Det vart likevel til at det vart mest kommunale saker tida gjekk til. M.a. gjekk ei fylkestingseta til fullføring av Vegplan for Austevoll og ei til Bruplan for Selbjørn bru. Etter at eg vart sjuk 12/8-69 har eg ikkje kunna engasjert meg i kommunale gjeremål. Utanom stillingen som trygdesjef er eg styreformann for kraftlaget, formann for Hufthamartunet og med i bedriftsforsamlinga i H:S:D. Rikard Storebø (sign.)
Gravferda til tre engelske flygarar var det han som tok bileta. Omstende rund gravferda finn du her: Gravferda på Storebø 1941
|