Til opningssida

Skuleordninga i Fitjar- delen av Austevoll 1

 

.Kjelde :Fitjar. Bygdeskipnad og bygdesoga av Jacob Aaland. Utgåve frå 1933.

Ved kongeleg resolusjon 21.02 1885 vart sokna Austevold og Møgster delte frå Sund. Østervold heradskommune vart så oppretta 01.01.1886.
Det første møtet i formannskapet vart halde 12. januar 1886 og kyrkjesongar O Strømme vart vald til til ordførar.

I 1889 vart kommunenamnet endra til Austevold, og frå 1917 til Austevoll. Men søre delen av Selbjørn og Huftarøy vart værande ein del av Fitjar heilt fram til 1964 .
I dei to hundre åra som gjekk frå reformasjonen vart innførd i 1536, til fråsegna om konfirmasjonen kom i 1736, var ikkje noko fast ordna skule.
Det vesle som vart gjort, var det kyrkja som stod for.

Noko ålmenn skuleplikt vart det ikkje før 1739. Frå då måtte alle born frå sjuårs - alderen til konfirmasjonen ei viss tid av året søkja skulen. Dette påbodet vart det mykje strid om, og endringar måtte til.

I kvart prestegjeld skulle presten, kapellanen og lensmannen, "samt nogle av de bedste og skikkeligste Mænd" koma saman og laga ein plan eller fundats om skuleordninga. Denne planen måtte så godkjennast av høgare geistlege og verdslege styresmakter. I mange av prestegjelda vart desse planane ( eller fundasane ) skrivne rundt 1750. Dei hadde reglar for kven som kunne tilsetjast som skulehaldarar , og kva krav ein måtte setja til dei. Likeeins vart det fastsett kva kvar buande mann skulle betala i skuleskatt, og korleis skuledistrikta skulle delast inn i roder.

Slik fundas fekk norddelen av dagens Austevoll første gong i 1791,vedteken på eit møte i kommunesenteret på Bakholmen..

Fitjar - delen av Austevoll fekk sin nokre år tidlegare - i 1743.

1743

1 ste krins Selbjørn
  Huftarøy dvs. dei gardane som låg i Fitjar med i alt 30 mann.


Skulehaldarane skulle tilsetjast av presten og løna måtte alle vera med å betala.:

Gardbrukarar 24 skilling dansk årleg
Husmenn 8 skilling
Tenestegut over15 år 4 skilling
Kvar inderst, menn eller dreng som ikkje "vil eller gidder tjene". 8 skilling
Ugift kvinne 4 skilling
Offiserar ,embedsmenn, kjøpmenn, gjestgjevarar eller andre utanfor bondestanden. Det ein vart samde om.

Pengane skulle krevjast inn to gonger i året (påske og mikeli ) av ein eller fleire menn i kvart sokn, oppnemnt av futen på vegne av amtmannen.
Dei som ikkje ville betala måtte .
Betala vart ein og tvungen til om ein ikkje sende ungane til skulen.

Resultatløn - gammal tanke !
At resultatløn ikkje er nokon ny tanke ser vi og: Skulehaldarane skulle halda seg ifrå å krevja meir løn av borna.
Berre om han hadde vore ekstra trottig og elevane hadde lært meir enn venteleg var, kunne han få lov å ta imot det foreldra eller deira vener sjølve vill unne han!
Dreiv han vaksenundervisning, vart det og meir pengar på skulehaldaren.

Utanom kostpengane skulle han ha fri seng og fritt, varmt skulerom, der skulen vart halden om vinteren.
Og når han for rundt i krinsane sine, skulle han ha fri skyss av ålmugen .
Det at lensmann og fut skulle hjelpa til så han fekk det han skulle ha, fortel at ikkje alle helsa skuleordninga velkomen.

Skulen skulle haldast i dei krinsane og til dei tidene som presten bestemte. I det minste skulle skulehaldaren halda skule frå 1. april til 1. april, men då jula hadde mange fridagar og dagane vinterstid var korte - kunne presten gje fri nokre veker i den mørke tida mot at ein tok det att på våren og sommaren.

Skulebøker skulle foreldra sjølve syta for, men til fattige born skulle fattigkassa kosta bøkene.

Her som elles i landet var det ikkje lett å få tak i dugande skulehaldarar

1777 - skulefundas.
All skule var omgangsskule .
Skulen skulle haldast minst 5 veker i kvar krins, ei veke på kvar gard etter tur..
Der skulehaldaren var, skulle han ha fri kost, seng, lys, varme og skulestove. I tillegg skulle han ha 6 rdl i årsløn. Elevane kunne søka skulen i nabokrinsen, der det passa, og slik få 10 - 15 veker skule årleg.

Rodene i "Austevoll" delen var slik :

16. krins Gardane Gauksheim,Drivenes 11 huslyder
17. krins Gardane Otterå, Uglenes 15 huslyder

Her kan du lese vidare om skuleordninga i Fitjar-delen av Austevoll etter 1800.