Til opningssida

Lærarar trong attåtnæring

 

Dei låge lærarlønene førde ofte til at skulehaldarane laut tena noko ekstra for å kunna greia seg. I våre bygder reiste dei gjerne på fiske om vinteren, dersom dei hadde helse til det, og elles kunne koma ifrå. Skuleføresegnene gav høve til det .

Somme dreiv med treskograving, vreid vidjer eller fiska ved heimestrendene etter pale og lyr. I dalane lenger inne i landet kunne dei setja poteter og brenna brennevin, slik det er fortalt at Aasmund Olavson Vinje gjorde det.

Einskilde var også vaksinatørar. Om sommaren for dei ikring med potekniven sin og sytte for at borna vart vaksinerte mot koppane. Andre for ikring med børsa på jakt etter alke eller orre.

Somme kunne også binda garn eller not i skulen medan elevane skreiv eller hadde noko for seg dei kunne greia sjølv. Å binda not gav ei innkome på 20 øre for ei al med 240 moskar breidd. Joseph Johannessen Lille Sangolt i Trolandshamar, hadde såleis stundom garnbittet med seg i skulen. Men einskilde, som vart godt gifte med ei jordajente eller ei ung enkje, kunne også få hand om eit småbruk med eit par kyr og nokre sauer. Då fekk dei poteter, mjølk, smør og kjøt til hushaldet og ull til klede. Dei som var flinke til å skriva og stila, fekk skrivearbeid for kommunen ved folketeljingar og anna. Alle skjelingar ein kunne fortena, kom vel med.

Var dei så heldige å få ein kyrkjesongarjobb etter lang og trugen temneste som skulehaldar, var dei vel framfødde, for eit slikt ombod gav ei 40-50 spesiedalar i innkome for året attåt dei 12 dalane dei fekk i løn for lærarjobben.

7. februar 1897 vart det halde skulestyremøte for Møgster krins i Kvalvågen på Stolmen.Ein kyrkjesongar - og lærar, trong reisa på fiske.
I møteboka kan vi lesa :

" Sag 1 Andragende fra hv. kirkesanger O Strømme om at faa benytte vikar 1 maanedstid i fisketiden.Andragendet blev indvilget paa den betingelse, at han selv skaffede vikar, og at kredsen var fornøiet med at vikar benyttedes og i hele taget med vikaren, samt at hv.Strømme selv utredede udgifterne til vikaren, saaledes at det ikke blev nogen forøget udgift for Møgster skolekasse.

Kvalvaag den 7/1 1897

O K Riise O Strømme Lars N Aarland Johannes J Hevrøen "