Til opningssida

Skulestreik

 

Utover på 1800 - talet vart krinsgrensene sterkt utvida ved samanslåing av mindre krinsar. Krinstalet minka frå 17 i 1861 til 11 i 1891.

Ikkje alle var glade for dette.
Mange born, særleg på Huftarøy - fekk lang veg gjennom skog og mark og med skyss i robåtar haust og vinter.
Dei lange vegane førde til mykje forsøming og strid for eigne skulehus i mindre krinsar.

Delvis vart også foreldra ilagde bot om borna forsømde skulen, såleis i Haukanes og Drøna.
Ofte laut dei " gjenstridige " bøya seg for overmakta og søkja sentralskulen om han enn låg urimeleg langt borte.

Men i somme krinsar gav dei seg ikkje, og stridde seg etterkvart fram til ein eigen skule i lokalmiljøet.

Ungane måtte nokre stader samlast dei vekene dei skulle gå på skulen. Ikkje alltid var det då råd å bu heime denne tida.

På eit møte i Møgster sokn skulestyre 4. september 1897, kom det opp ei slik sak. Ungane på Hevrøy og Lundøy møtte (truleg) på Stolmen skule.

" Sag 3 Indberetningen om skoleforsømmelserne i Hevrøens kreds. Af indberetningen sees, at skolebørnene fra Hevrøen og Lundøen i det forløbne skoleår har forsømt skolen 3 - tre - uger uden angivelse af, om de havde gyldigt forfald.
Hevrøens husfedre var på anmodning tilstede i mødet, ligeså mødte Lundøens. De angav, at grunden var den , at de var misfornøiede med kredsordningen, og vilde ikke indlogere sine børn på anden gård i pågjældede 3 uger.

Det besluttedes:
Formanden har alvorlig at pålægge kredsens tilsynsudvalg og vedkommende børns forsørgere , at børnene absolut må søge skolen de pågjældende 3 uger udenfor deres egen gård."