|
I 1860 - åra hadde ein satsa sterkt på landsallmueskulen
- det vi no kallar grunnskulen.
På bygdene var seminara og folkehøgskulane tilbod til ungdomen
etter at dei var ferdige med allmueskulen.
No var turen komen til andre skuleslag.
Frå 1875 fekk landsungdomen mellom anna tilbod om ambulerande
amtskular etter allmueskulen.
Skulen vart driven av amta ( amt vart kalla fylke fra 1919) og vart
ein konkurrent til folkehøgskulen.
Seinare, i 1949, vart dei slått saman
Også Austevoll vart spurd om ein hadde ønskje om amtskule.
Staten tok på seg 3/4 av lærarlønene, amtet 1/4,
medan vertskommunen måtte syta for husvære.
I formannskapet kom denne saka opp på møtet på Storebø
gaard, 20. mars 1886 :
Sak 1 Sognepresten ber om en erklæring, hvorvidt man ønsker
nogen af amtskolerne henlagt inden herredet og til samme vil skaffe
fornødent lokale, renhold, lys og brende.
Svar : O P Storebø foredrag enstemmig vedtaget :
Erkjendende amtskolernes nytte og takkende for det gjorte tilbud, maa
man dog uttale, at man for tiden ser seg ude af stand til at
utrede de med en amtskoles henlæggen inden herredet forbundne
utgifter.
Amtskulen vart lagt til Fitjar.
Fleire austevollingar gjekk der, mellom dei Knut
Nauthella ,fødd 1904.
|