Den store dagen på Haukanes |
|
Skulegongen var frå først av etla til å gje borna så mykje opplæring i kristendom at presten kunne konfirmera dei. Dei nytta bibelen til lærebok og lesebok. Lærarane var ofte vanføre og krøplingar. "Dugde dei til noko anna, så var det ikkje skule!", heitte det gjer om slike. Biskop Pavels fortel i dagboka si frå ein visitas i desse soknene, at skulehaldaren aka seg fram på kyrkjegolvet med hjelp av to skamlar. Det kunne også vera slike som kvidde seg for militærteneste, dei slapp nemleg ei tid å gå i "eksisen", dei som vart lærarar. Ved å gå i lære hos presten nokre veker, kunne ein nokolunde emneleg kar verta godteken som lærar. På Haukanes skulte ein lærar som dei kalla "gråskulen" og ein annan som gjekk under namnet "Pott Eljas'n". Den eine av desse var lærar der i 1830 åra. På den tida gjekk det ei "gysja" om at dommedagen var i vente. Somme, m.a læraren, visste endåtil kva dag dette skulle lesa til. Men skulen kunne ikkje forsømast så ungane måtte møta fram i nystova og ha beste kleda sine på. Skulen hadde også teke "pussen" på seg denne dagen. Men han hadde ikkje fått tid til å barbera seg om morgonen. Lenge sat han ved skulebordet og drog rakekniven att og fram på ei lerreim for å gjera han skarp i eggja. Men han måtte og ha heitt rakevatn, og han la kniven frå seg på bordet og gjekk ut i kjøkenet for å henta det. Ein av gutungane, Ivar-Knutsen stiltra seg fram til bordet og gav seg til å furda på kniven, og med eitt drog han egga gjennom kanten på bordskiva. Men der stod det ein liten spikar, og då knut'n la kniven frå seg, datt det ein tynn blank tråd ned på bordet, det var knivsegga. Så kom skulen inn med røykande barbervatn og tok til å såpa seg inn. Han treiv kniven, men i første draget blodga han seg på kjaken så blodet sila. Han såg lenge på kniven og vart sistpå vis med skaden. Det tok ikkje lang tid å finna fram til syndaren, og så sa han:" Ja, hadde det no ikkje vore for den store dagen si skuld, så hadde dette vorte ein minneleg dag for deg Knut!". Den dagen måtte nåden gå i staden for retten, og dagen enda som dei fleste andre dagar utan noko særleg straffedom. "Pott-Eljas'n" heitte elles Elias Konshamn etter ei vik på Askøy der han kom frå. Fleire av lærarane på Haukanes skal ha vore frå Askøy, såleis ein som heitte Davanger og ein dei kalla "Vilken", Vilken Simonsen Leirvik. Desse to var lærarar i 1850 og 60 åra. Utnamnet "Pott-Eljas" har samanheng med namnet på rom-målet potte = 0.9 liter. Dei brukte dette målet i samband med ål eller vin, kanskje lika Elias desse varene. Jons Tvedt fortel i boka "Ættarvende" om ein dei kalla "Halvpotten".
|