Til opningssida

Skuleordninga i Fitjar - delen av Austevoll 2

 

1800 - talet : Dei første reine skulehusa vert bygde.
Skuleordninga vaks seg fastare og vart meir lik for heile landet.
Det var dei folkevalde som stilte krav, og det var ingen veg utanom.
Fleire fag kom til ( rekning og skriving ), lærarlønene auka , og reine skulehus vart bygde :

1876 Vinnes
1901 Gauksheim
1913 Drivenes
1925 Vinnes

1862
13. krins Gauksheim  
  Grasdal  
  Båtevik  
  Vikestøl  
  Sætre med i alt 21 born og 12 vaksne.
     
14. krins Uglenes  
  Vik  
  Vinnes  
  Blenes  
  Husevik  
  Brekke  
  Otterå med i alt 45 born og 18 vaksne
     
15. krins Drivenes  
  Bekkjarvik med i alt 14 born.

Desse krinsane var ein lærarpost.
Ein søkte dette året om å få krins 15 samanslått med næraste krins i Møgster.
Dette gjekk ikkje Møgster med på !

1891

12. krins        
  Grasdal 11 born 1 klasse Lengste skuleveg 2 km.
13. krins        
  Drivenes 10 born 1 klasse  
14. krins        
  Vinnes 43 born 2 klassar Lengste skuleveg 2,5 km.

Desse krinsane var ein lærarpost.

Strid om lesebøker.
I 1873 vart det vedteke å ta i bruk Jensens Læsebok.
Det hadde då i fleire år vore strid om denne boka, og mange stemte imot vedtaket.
Det vart sendt klage til biskopen over at ho vart teken i bruk i skulen. Det var nasjonalsongane, eventyra og fablane dei særleg mislika.
Fleirtalet vedtok og at om nokon ikkje ville kjøpa ho inn,så skulle boka bli kjøpt inn på deira kostad.
Liknande strid stod det om Rolfsens Lesebok som vart innført i 1908

. …..og målform
Rundt århundreskiftet var det målstrid her som elles i landet.
Den første krinsen i Fitjar som tok nynorsk til hovudmål, var Tislevoll, i 1908.
I 1929 gjorde Vinnes det samme.
I 1888 skulle skulekommisjonen seia si meining om framlegget til ny skulelov dei ikkje ville ha. I grunngjevinga heiter det i to av punkta :

  • At presten ikkje skulle vera sjølvskriven formann i skulestyret, var ein fare " i disse antichristelige tider ".
  • · Landsmålet måtte ikkje koma inn i skulen " og forkvakle undercvisningen. Børnene har nok at gjøre med det maal de kjender" -

Les om Skuleordninga for Fitjar - delen av Austevoll før 1800.