Til opningssida

Skuleprotokoll

 

Skuleprotokollen var frå starten ført av læraren i eit skuledistrikt og omfatta rodene i distriktet. Seinare vart protokollen ført for ein eller fleire klassar i kvar krins.

Skuleprotokollen inneheld :

  • elevane sine karakterar
  • frammøte på skulen: 1
  • kommentarar om fråver og anna: 1 2
  • kva elevane har arbeidd med
  • i nokre tilfelle inventarlista for skulen

Løpande fråver vart mot slutten av 1800 - talet overtatt av dagboka - seinare klassedagboka. Denne inneheld berre opplysningar om elevane sitt frammøte / fråver og eventuelle opplysningar om årsak til fråver.