Skulesoge frå 1800 - talet |
|
Etter Jørgen Solbakken (tidlegare skulestyrar og skulesjef i Austevoll) Magre kår for skulen. Først i 1830 er det til skulen i Austevoll løyvd pengar til bøker: Ein spesiedalar og 72 skilling til ein huspostill, og det same til ei Kingos salmebok. Skulen i Møkster sokn fekk og eit eksemplar av dei same bøkene til same pris. I tidbolken 1791 til 1827 var det såleis skralt med bøker og utstyr til skulen. Det var gjerne ikkje meir enn at læraren kunne bera det med seg i skrinet sitt frå stove til stove. Ei årsak til den ringe stoda med omsyn til bøker og utstyr, var at det offentlege ikkje ytte eit raudt øre til skulen. Dei einskilde soknene laut sjølv greia alle utlegga ved skuleskatten som var utlikna på bygdefolket, handelsstadene og kyrkje-eigarane. Lærarløner og arbeidstilhøve. Skulefundasen slo fast at lærarane skulle krevja inn denne skatten sjølv, og det vart ei stor plage for dei, sidan skatten berre gjekk til lærarløner. "Disse fastsatte Skolecassens Indkomster indfordres af hver Skoleholder
i hans District, en eller 2 Gange om Aaret efter Almuens bequemmelighed.
Skulde nogen wægre sig for den fastsatte Betalning, og udeblive dermed,
da haver han det vidnefast af vedkommende at affordre, og derefter Restance
Liste at indgive til Sognepræsten." "...Ligesom at det for hvert Sogn udtages af commision en tvende Mænd der hver i sit Distrigt indkræver foranførte Skolepenge, og derefter, inden November Måneds udgang udbetaler til enhver skoleholder sin bestemte Løn. Dog måtte disse Mænd aarligen ombyttes med andre." Kommisjonen nemnde opp desse mennene til å krevja inn skuleskatten
for 1820: På denne måten fekk lærarane av seg ei stor tyngsle, og kunne meir samla seg om skulearbeidet utan til alle tider å måtta ta omsyn til "Almuens Bequemmelighed" Læraren sine hjelperåder Lærarar - vanskelege å finna Men det var vanskeleg å finna folk som var skikka til lærarar, slik
biskop Pavels skreiv i dagboka si etter visitasen i Sundskyrkja, 30.
mai 1818: Så gale som biskop Pavels spådde, gjekk det no likevel ikkje. Meir om tilhøvet for lærarane. Tilsynet med skulen. Somme av bispane vanvyrde skulehaldarane og ville ikkje ha noko med dei å gjera. Kanskje kom dette av at kyrkja hadde hatt monopol på all undervisning for born tidlegare, ved prestane og deknane sine i samarbeid med heimane. No kom ustuderte skulehaldarar inn som eit nytt element i undervisnings-situasjonen, og mange kyrkjemenn mislika dette. Dei ville heller ha hjelp av heimane i undervisninga av borna, og på visitasferdene sine såg dei heller skeivt til lærarane og katekiseringa deira i kyrkja. Dei vart stundom nemnde som "slette Karle" og "de elendigste Subject hvorpaa Solen kunde skinne" dersom måten deira å spørja borna på ikkje fall i biskopen sin smak. Me kan nok likevel gå ut frå at mange hadde godt lag til å undervisa når dei fekk borna for seg sjølve. Det var i alle høve dei gamle skulehaldarane som lærde folket i Noreg lesekunsten. Om Biskop Claus Pavels og tilhøva ved skulane i Østervold og Møkster sokn. Skulelova av 1827 og verknadene av den for
skulen i Austevoll og Møkster Ho skulle avløysa Plakaten av 1741 og alle skulefundasane som kvart prestegjeld hadde fått utarbeidd, og som hadde vore i bruk fram til 1827. Hovudinnhaldet i lova var:
Lova omhandlar fag og undervisningstid og slår fast: Vidare: Verknader. I 1827 var det 5 skulehaldarar i heile Sund prestegjeld, som då femnde
om Austevoll, Møkster, Sund og Fjell sokner. Den nye lova fekk verknad for budsjettet i 1829, med di det då vart
avsett pengar til bøker som var nemnde i lova: Dette er første gongen det er kjøpt inn skulemateriell for skulekassen sin rekning . 1836 - regulering av rodene. Oversikt over rodene etter reguleringa i 1836. Sjå kart over skuledistrikta i 1836. Endeligen blev angående den daglige Skoletid følgende Bestemmelse tagen:
Sunds sokn hadde, omfram omgangsskuledistrikta, ein fast skule i Klokkarvik for 1. distrikt. Denne faste skulen dekka 1. Rode med desse gardane: Øvre Børnæs, Nedre Børnæs, Førdedalen, Førdestraumen, Førde, Sunds prestegard med underliggjande plassar, Nygård og Simavågen. Rodeinndelinga 1791 og 1836. Ei samanlikning. Sjå kart over samanlikning av skuledistrikta i 1791 og 1836. Skuleverk i stampe - og etter 1827.
Skulelova av 1827 var eit alvorleg forsøk på å betra skulestellet på landet i Noreg, men det førde ikkje så snart til gjennomgripande endring og betre tilhøve i skuleverket i alle høve her på Vestlandet og i våre sokner. Økonomien var, her hos oss som elles, svært veik, og nye tiltak som kosta pengar laut venta. Lærarar som kunne arbeida i samsvar med føresetnadene i lova, var det få av. Soknene laut difor klara seg med dei kandidatane som baud seg fram til læraryrket, og større krav til pensa og andre nye krav som var nemnde i lova, måtte ein venta med til det kom betre tider. Difor heldt skuletilhøva i bygdene våre fram på same måten som før i lang tid etter 1827. Bøndene var no som tidlegare oftast uviljuge til å yta meir til skulestellet, og når det galdt utlegg til dette føremålet frå kommunen si side, låg makta hos bonderepresentantane i skuleformannskapet. (Det kombinerede Formandskab). For å kontrollera koss det stod til i skulen etter at lova av 1827
hadde teke til å verka, kom biskop Neumann på visitas i 1833. Dei unge
var då flinke i tenksam kristendomskunnskap, og dei fekk og ros for
god lesing i bok. Av 795 skulepliktige born i heile prestegjeldet, var
det berre 28 som fekk undervisning i skriving, og ingen i rekning. Ein hadde lenge fåfengt prøvt å få skulehaldarar til Sunds prestegjeld,
til og med frå andre distrikt. Premiar til skuleborn. Denne ordninga, med premiar til lærarar og elevar, vart til etter
framlegg frå Greve. Det var eit særsyn i denne tida, og tener bygdene
våre til ære. Etter ei rundspørjing departementet gjorde i 1837 for heile landet
var det 20% av elevane som lærde å skriva, 11% lærde litt rekning, medan
1 % vert nemnde som vidarekomne sidan dei kunne litt soge, geografi
og naturkunne. Me finn av dette at det har vore stor framgang i skriving og rekning på dei 4 åra frå 1834 til 1838, og at dugleiken til borna i våre bygder stod på høgd med medeltalet for heile landet. Conduitelister - oversynslister frå prestane om tilstanden i skulen.
Tilstanden 1850.
Greve skriv der at det då er berre 1 fast skule i prestegjeldet, den på Klokkarvik i Sund, men at det også kunne skipast ein i Austevoll om det hadde vore klasserom til det. Elles er talet på ungdomsskulelærarar 7 og undervisningstida til lærarane 10 månader for året.
Presten har halde så mange formaningstaler i kyrkjene og under skule-eksamen at det mykje godt er slutt på skuleforsøminga.
Det er no ingen mangel på kandidatar til læraryrket, men då løna er
altfor låg, sluttar ofte dei mest dugande lærarane tidleg i arbeidet
sitt. Kunne løna aukast noko, ville den stendige skiftinga av lærarar
truleg minka, men presten trur det er vanskeleg å få fleirtal i skulekommisjonen
til å gå med på auking av lærarlønene. Dei vil argumentere mot, og grunngje
motstandet mot dårlege innkomer av fisket dei siste åra.
Dei 2 boksamlingane han nemner høyrer til i Sundsokna. Dei var skipa i samband med den faste skulen der. I Austevoll og Møkster var det ingen boksamling i 1850. Aar 1850 Oversynsliste over skulehaldarar i Sund prestegjeld år 1850 Opplæring av skulehaldarar og tilsetjing av kyrkjesongarar ved
hovudkyrkjene etter Lov om Almueskolen paa Landet 1827. I 1847 møter me han att som lærar i 2. skuledistriktet i Møkstrasokna, der han underviser til og med 1851. Han har då 5 ½ år tenestetid som lærar og har såleis byrja i 17-18 års alderen. Det er likt til at presten har vore heldig med valet av læraremne denne gongen, for Niels Nielsen får godt vitnemål i 1850: "Hans hældige Anlæg, understøttede af den hu erhvervde Færdighed, stiller ham ved siden af Prestegjeldets bedste ældre Skoleholdere. Et udmærket sædeligt Forhold i Forening med Flid og Iver, anbefale ham i høi Grad." Lærarutdanninga. Og i våre sokner fekk dei ei grundig kristendomsopplæring av Greve under konfirmasjonsførebuinga. Han merka seg då dei som hadde lett næme og hug til å eigna til seg kunnskapar. Og dessutan hadde han høve til, i samråd med eldre skulehaldarar, å finna ut om dei unge gutane hadde pedagogiske evner, hadde lett for åundervisa og hadde lag med born og kameratar. I dei store barneflokkane som gjekk i udelt skule, måtte læraren ofte setja dei større borna til å undervise dei mindre i vekselundervisningsmåten, og då kunne han sjå kven som hadde evne til å læra frå seg og hadde tolmod med dei små. Når presten då skulle ta ut kandidatar til skulehaldaryrket, hadde han tolleg godt kjennskap til dei som var aktuelle. Han tok dei då gjerne heim til seg i prestegarden og gav dei noko vidare opplæring i kristendom, lesing, rekning og geografi. Etter den første skulestatistikken i 1837, var det i alt 7.000 ålmugeskular på landet i Noreg med 175.000 skulepliktige born. Av desse gjekk 87% i omgangsskulen, 8 % i fast skule, medan 5 % ikkje gjekk på skule i det heile. I omgangsskulen lærde 20 % å skriva og 11 % å rekna. Opplæringsmåtane i skulen etter
1827.Vekselundervisning. Men gjennom hovudkyrkjesongaren i Sund si undervisning, bispane Pontoppidan og Neumann sine hjelpebøker, og det dei elles kunne få tak i av pedagogisk litteratur, fekk dei kjennskap til ymse andre metodar i undervisninga dei kunne prøva i sine eigne klassar. Og dei mest interesserte lærarane gjorde nok det. Vekselundervisning. Det er denne måten som vert nytta når yngre syskin lærer av eldre, som igjen har kunnskapane sine frå foreldra, og dei i sin tur frå sine foreldre. Då det vart skipa skular med lærar, vart også denne måten nytta, frå så langt attende me har skrivne kjelder om undervisning. Ved skulane i Austevoll og Møkster, vart denne læremåten mykje nytta alt fram mot år 1900. Ved Storebø skule vart såleis dei flinke elevane sette til å undervisa dei mindre framkomne i lesing, når læraren ikkje fekk tid til å ta seg av dei, den tida det var 2-delt og udelt skule i krinsen. At denne undervisningsforma vart ein del av dei gamle omgangsskulehaldarane si metodiske niste på vandringa i dei vidsveimte skuledistrikta i Austevoll og Møkster, må me gå ut frå som sikkert, med di hovedkyrkjesongaren var tillagd mykje av opplæringa av skulehaldarane, og den mannen som var kyrkjesongar i Sund og lærar ved den faste skulen i Klokkarvik frå 1838, Niels Nielsen Telnæs, hadde eksamen frå vekselundervisningsskulen på Christi Krybbe i Bergen. Den lærdomen han sanka der, gav han nok vidare til læresveinane sine i Austevoll og Møkster. Hjelpebøker for lærarane i omgangsskulen. Inventarlista frå 1861 i første skuledistrikt i Austevoll syner at ei av biskop Neumanns Haandbøker fanst i samlinga. Truleg hadde skulekommisjonen kjøpt inn ei bok til kvar lærar, eller dei hadde skaffa seg henne privat, då ho var ei god hjelperåd i undervisninga. I boka si peika Neumann vidare på kor viktig det er å kunna rekna, og særleg bra var det å vera flink i hovudrekning. Det var og fleire fag som kunne vera ynskjelege og gagnlege, men tilhøva tillet ikkje slikt. Den eigentlege undervisninga i omgangsskulen måtte avgrensast til bibelsoge og kristendomskunnskap. Han meinte likevel at skulehaldaren i einskilde høve, og dersom han makta det, kunne koma inn på fedrelandet si soge og geografi. Dessutan kan han undervisa noko i helselære og jordbrukslære. Elles i boka peikar Neumann på mange sider ved undervisning og oppseding som kjem heile skulen til gode.
Det var ikkje alle skulehaldarane som åtte dei bøkene som dei etter landsskulelova av1827 burde ha, og ved visitasane sine laut biskopen fleire gonger innskjerpa at desse bøkene måtte ein i alle høve skaffa til lærarane på skulekassen sin rekning. Dei ymse læreemna, lærebøker og hjelpebøker Kristendomskunnskap, katekisme og
forklåring og bibelsoge Striden for utkoma, attåtnæringar
og merkedagar i skulen. Somme dreiv med treskograving, vreid vidjer eller fiska ved heimestrendene etter pale og lyr. I dalane lenger inne i landet kunne dei setja poteter og brenna brennevin, slik det er fortalt at Aasmund Olavson Vinje gjorde det. Einskilde var også vaksinatørar. Om sommaren for dei ikring med potekniven sin og sytte for at borna vart vaksinerte mot koppane. Andre dreiv med ottraskytteri eller for ikring med børsa på jakt etter alke eller orre. Noko var det jamt å få, om ikkje børsa var tauvra Somme kunne også binda garn eller not i skulen medan elevane skreiv eller hadde noko for seg dei kunne greia sjølv. Å binda not gav ei innkome på 20 øre for ei al med 240 moskar breidd. Joseph Johannessen Lille Sangolt i Trolandshamar, hadde såleis stundom garnbittet med seg i skulen. Men einskilde, som vart godt gifte med ei jordajente eller ei ung enkje, kunne også få hand om eit småbruk med eit par kyr og nokre sauer. Då fekk dei poteter, mjølk, smør og kjøt til hushaldet og ull til klede. Dei som var flinke til å skriva og stila, fekk skrivearbeid for kommunen ved folketeljingar og anna. Alle skjelingar ein kunne fortena, kom vel med. Var dei så heldige å få ein kyrkjesongarjobb etter lang og trugen temneste som skulehaldar, var dei vel framfødde, for eit slikt ombod gav ei 40-50 spesiedalar i innkome for året attåt dei 12 dalane dei fekk i løn for lærarjobben. Flytting mellom krinsane i all slags ver førde stundom til ulukker, i alle høve for dei som laut ferdast i båt. Tørres Børnes, som medan han gjekk på seminaret, baud seg til å overta eit skuledistrikt med kyrkjesongarpost for 50 spesiedalar, og som sidan også fekk eit slikt ombod i Møkster, kom såleis vekk i 1878. Han fylgde ein garnbåt som skulle på sørafiske, og hadde både gongeklede og sengklede med og dessutan sengehalm. Båten kollseglde, og dei fann Tørres drukna, med halmviskar kring omledene. Truleg har han prøvd å symja i land, men har vasa seg inn i all halmen som låg og flaut. Han fekk det ettermælet at han hadde vore ein godlidande og kjærleg skulemeister som både born og foreldre syrgde over å missa. Om skuleeksamen etter lova av 1827. Greve tok snart til med slike prøver, først i kyrkjene, og sidan i høvelege stover i dei ymse skuledistrikta. Borna vart prøvde i "de befalede Læregjenstande", til å byrja med i kristendom, forstandsøving, lesing, skriving og rekning, og i "geographie", sidan og i andre fag. Dei som hadde vore flittige og var flinke, fekk premiar. Dei late og likesæle vart "tilbørlig refsede." Særleg var Greve streng når det galdt forsøming av skulen. Då laut ofte foreldra møta i prestegarden og forklara seg om grunnen til forsøminga. Skulehaldaren kunne og få "Oppmuntringspremie", om det synte gode resultat av arbeidet hans. Greve prøvde å nå over heile det vidsveimte kallet sitt med eksamenar. I 1848 hadde han prøve på desse stadene: Tilsaman hadde han såleis 8 skule-eksamenar dette året. Ordninga med munnleg eksamen i barneskulen, heldt i vår kommune fram like til siste verdskrigen. Det var ein spanande dag for borna, då både lærar, prest og tilsynsmenn var til stades. Dei som var fødde kring århundreskiftet og fram mot 1920-åra har mange minne frå desse dagane. Då fekk dei gå i besteklede og lersko, og fekk også god niste med i skulen. Men stundom var det born som ikkje kunne møta til eksamen grunna "Mangel på fornødne Klæder." Det var mange fattige heimar i den tida, og store barneflokkar i mange hus. Foreldra hadde ikkje alltid høve til å kle borna sine opp, så dei skamlaust kunne møta for prest og skulekommisjon. Nedanfor fylgjer nokre protokollar frå eksamensdagar Greve hadde kring i soknene sine:
Vi ser av dette at det varierar med kunnskapen frå år til år og frå distrikt til distrikt. Sjukdom og forsøming av skulen av den grunn, kan også ha verka inn på resultatet av prøvene. Greve var streng om forsøminga var stor: Når det galdt opplæring i song etter salmeboka, finn vi ikkje nokon merknad om den. Kvar eksamen byrja og slutta med "Afsyngelsen af et Salmevers", og skulehaldarane byrja og slutta skuledagen med bøn og song. · Aar 1838, den 8. September,
Skoleexamen for Møgsters Distrigt i Møgster Kirke Ein dag i omgangsskulen. Meir om ein dag i omgangsskulen Instruksar og føresegner for lærarane. Likeeins var det i andre prestegjeld og sokner, som fekk faste skuleordningar frå 1750. Men føresegnene for lærarane kunne bli noko ulike frå sokn til sokn, sidan det var dei lokale styresmaktene som laga skuleplanane for kvart prestegjeld. Frå 1834 fekk ein difor ein allmenn instruks for heile Bergens Stift, godkjend av stiftsdireksjonen den 22. juni 1834. Folkesetnaden i Austevoll og Møkster-
frå 1701 til 1865, etter manntalet i 1701 og folketeljingane i 1769,
1801 og 1865. Stundom var bygdene mest overfolka, slik at det vart lite rom for ungdomen og deira tiltak. Det førde til utvandring frå heimegrendene i vikingtida, til Vesterhavsøyane, Island og Grønland, og etter 1850 til Amerika. Truleg var her bra med folk på 1200-talet, og fram mot 1350, men Svartedauden og andre drepsotter la bygdene aude, så her mest ikkje fanst att levande liv av mannerasen. Nokolunde pålitande skriftlege kjelder om folketalet får me først etter år 1700. I 1701 vart det teke manntal i landet vårt, altså berre talet på menn, guteborn, tenestekarar og drenger. Vaksne kvinner og jenteborn vart ikkje talde, men ein lyt rekna med at det var like mange av dei, som av gutar og menn. Manntalet 1701 Husstoda på ymse gardar i Austevoll og Møkster i 1776 - og då omgangsskulen byrja i 1791. På Storebø var det då 15 bruk, og Lyseklostergodset åtte alle bruka på garden. Omframt Storebø åtte Lysekloster også Øvre Vaage, Hufthamar, Birkeland, Bjånes, Bjelland, Nordeide, Søreide og Blænes. I dette oversynet er det berre teke med bustadhus. Løer, florshus, naust og andre uthus er ikkje tekne med her, berre hus som det var råd for omgangsskulen å nytta. Storebø, Birkeland, Hufthamar,
Bjånes og Bjelland Dei første skulehusa Men der slike fanst, som t.d. Storestova på Våge med sine 9,6x 9,6 alner, vart dei leigde til Rodestover i 1860-åra då skulen helst skulle vera på ein stad. Handelsstadene hadde gjerne ei lita skulestove i dei mange bygningane som vart reiste der, serleg om kjøpmannen hadde privatundervisning for borna sine. Desse 4 første skulehusa som var bygde i samhøve med lova av 1860, var bygde som dei vanlege lemstovene kring på gardane. Det første hadde same måla i grunnplanet som vanlege bondestover, medan
dei 2 neste var ei al større både i lengd og breidd, og det som vart
bygt på Selbjørn hadde ei stove på 10 x 10 alner.
Husa på Storekalsøy, Stolmen, Storebø og Selbjørn hadde desse måla:
Leikeplassen borna hadde til rådvelde var på 10 ar eller 1000 m2. Dette eine målet skulle også dekka tomten til huset. Av kontrakten mellom kommunen og byggmeister O. Vatne, Stord, når det gjeld Storekalsøy skule, går det fram kva materialar som vart brukt, og korleis det vart sytt for avtrekk (ventilasjon) og oppverming. Tidbolken frå 1860 til 1910 Slike tyngdepunkt tok til å veksa fram både i Møkster og Austevoll sokner i 1850-60 åra. Folketeljinga frå 1865 syner ein tendens til gruppering i visse område. I Møkster første skuledistrikt er det Storekalsøy-området, I Austevollsokna er det på Hundvåkøy bra folketettleik på gardane Austevoll, Troland, Melingen, Torang og Økland. Her er Trolandshamar det naturlege senteret. På Hufterøya budde det mykje folk i Storebø-området, og la ein her til gardane Haugland, Birkeland og Hufthamar, vart det ei såpass sterk eining med omsyn til barnetalet, at det var grunnlag for byggjing av skulehus. Me ser såleis at voksteren i folketalet, konsentrasjonen av ibuarane i visse område, økonomisk fromgong og stønad frå staten førde til ei utvikling på ein fast stad, og i Trolandshamar krins varde ordninga med rodestover fram til 1868. Men frå andre omgongen det året, 3. september til 26. november, vart skulen halden "i det af communen opførte Skolehus på Trolandshammeren." Trolandshamar krins var såleis den første i Austevoll og Møkster som fekk fast skule og skulehus etter lova av 1860, altså 8 år etter ho var vedteken. I dei andre krinsane var det framleis omgongsskule, men etterkvart med skulen i faste rodestover. Det første vedtaket om skulehus her i kommunen lyder slik: Aar 1863, den 29. Marts, blev paa Østervold afholdt Skolecommision for Østervolds Sogn. Samtlige Medlemmer vare tilstede med undtagelse af Niels Iversen Haukenæs. I betragtning af Kostbarheden ved at leie Locale til skolen og Vanskeligheden med at erholde noget hensigtsmessigt dertil, kom Undertegnede til den Anskuelse, at det vil blive billigere for Communen og gavnligere for Skolevæsenet mod Udredelse af det halve Beløb af Bygningns kostende af Amtskolecassen, at faa opført et Skolehus paa Gaarden Trodlands Grund, saaledes at Skolebygningen kunde blive anvendt til Benyttelse baade for 6. og 7. Kreds i Østervolds Sogn, hvorfore herved enstemmigen indstilles til Communebestyrelsen at bevilge det fornødne til Bygningens Opførelse."
Det andre skulehuset i kommunen vart bygt på Stangeland på Stolmen i Møkster Sokn i 1876-77, og Møkster fekk det andre skulehuset på Hilde på Storekalsøy i 1882, og det tredje i Veivåg på Selbjørn 1887-88. Det andre skulehuset i Austevollsokna vart bygt på Storebø i 1887.
Såleis vart det bygt ny kyrkje på Storebø og på Stolmen og kapell på Storekalsøy. Desse var ferdige i 1891. Men hovudgrunnen til stoggen i skulehusbyggjinga var ordninga med sentralisering og altfor store krinseiningar etter lova av 1889. Det at det kunne vera opptil 35 elevar i ein klasse, krov store skulestover, og i same lei verka også det at krinsane burde gjerast så store at ein fekk fleire klassar ved ein skule. Ein føresetnad for dette var at klassane hadde faste skular, og desse skulle som tidlegare ha rom i eigne bygg eller leigde lokale. 1861 - ny krinsinndeling I kvar krins skulle det vera ein fast skulestad anten i leigt eller eige skulerom. Likevel vart det kravt fast fast skule berre i krinsar med minst 30 born. Der det var mange nok born til det, skulle ein og gjennomføra klassedeling. I vår kommune vart det no nyordning med skulen, med di kvar krins etterkvart fekk ei fast "kredsstue" eller Rodestove, der skulen heldt til i kvar omgang. På dei fleste gardane var det i denne tida berre eitt rom som kunne vermast opp, og det var klårt, at særleg i vintertida, måtte husfolket vera inne om skulen kom til gards, for denne stova var både arbeidsrom, soverom og skulerom. Der sat gjerne husbonden og laga tresko, besten ved eit bord med notbittet sitt, og kvinnene spann eller vov. Matlaginga måtte gå for seg inne, og småborna leika seg. Men midt i stova, ved det store langbordet, sat læraren med skuleborna. Det vart gjerne stilt i stova når skuledagen byrja med eit salmevers, og skulehaldaren las ei morgonbøn or Kingos salmebok. Dei vaksne var gjerne også interesserte i kva borna kunne og i skulemeisteren sine utlegningar, men det vanlege kvardagsspråket i stova tok snart til att, og lufta vart tung og vond å pusta i. Eit vilkår for å koma bort frå all den uroa som skulen i bondestovene førde med seg, var at det kunne finnast eigne rom å halda skule i. Og der dei økonomiske tilhøva var så romslege at bonden hadde to stover som kunne vermast opp, vart det gjerne ordna slik at den eine gratis, eller mot ei lita godtgjersle vart overlaten til skulehaldaren når han var i roden. Denne ordninga med faste rodestover vart såleis ein mellomting mellom omgangsskule og fast skule. Frå skulekommisjonsmøtet i Krosshamn 6. april 1861 der ny krinsinndeling vart gjort, går det fram av vedtaket at det er fast skule med rodestover i desse krinsane i Austevoll sokn:
I Møkstrasokna er det fast skule med rodestover i desse krinsane:
I Austevoll sokna er det såleis 5 faste skular med rodestover, medan det i Møkster er 6. I Austevoll 5 omgangsskular (altså halvparten) og i Møkster 1 omgangsskule(1/7). Det vart då løyvt 10 spesiedalar av skulekassen til leige av rodestover i Møkster sokn, medan det for Austevoll berre vart løyvt 5. Etterkvart tok det til å koma søknader om eigne skulehus frå dei ymse krinsane. Grunngjevinga var som oftast den at det ikkje var råd å få leige høvelege lokale til skule. Skulehusa kom også etterkvart, først i krinsane med mest born og der dei kunne skipast i 2 eller 3 avdelingar og sidan i dei andre med noko mindre elevtal. Gjerne vart det første huset bygt i kyrkjekrinsen der kyrkjesongaren budde og hadde storparten av undervisninga si, eller der det budde ein handelsmann med mykje makt og stor innverknad på avgjerdslene i skule- og kommunestyringa. Vedtak om krinsordninga på skulekommisjonsmøte
i Krosshamn 6. april 1861 Krinsordninga i Austevoll og Møkster Til Amtskolestyret: Møgster skolekommune vil efter den besluttede regulering indeholde følgende kredse:
I de større kredser, Storekalsøen, Stolmen og Selbjørn er opførte
skolehuse med skoleværelser. I de 2 første af saadan størrelse 9x9x5
alen. Austevolds skolekommune vil indeholde følgende kredse:
Skolestyrenes forslag har som det vil sees af dokumenterne været forelagt overtilsynet til udtalelse, og har samme intet andet havt at bemerke ved dem, end at den foreslaaede ordning for Trolandshammer kreds vedkommende ikke var lovmedholdig. Dette er nu rettet paa, i det det for Trolandshammers kreds er bestemt 3 delt skole med 12 uger for hver afdeling. I Trolands- hammers kreds i Austevold er skolehus, men skoleværelset er kun 8x8x4,25 alen, hvorfor det maa paabygges eller paa anden maade udvides. I Storebø kreds er skolehus med skoleværelse 9x9x5 alen. I Sandtorv kreds leies lokale. De 2 øvrige kredse i Austevold mangler for tiden lokaler. Der vil i begge blive opført skilehus,men da kommunen for tiden har stiftet betydelig gjeld,20. 000 kr, ser man sig ikke for nærværende istand til at utrede omkostningerne til disses opførelse samt ved ombygning av Trolandshammerens skolehus, derfor sendes andragende om udsettelse af lovens ikrafttræden for Austevolds skolekommune, og det ærede amtskolestyret bedes at ledsage dette med sin anbefaling: Amtskolestyrets antagelse af de fattede beslutninger håbes. Da sagens samtlige dokumenter følge hermed, kan sagen ikke herfra forelegges overtilsynet, men tør man anmode det ærede amtskolestyre om at forelegge den for samme." Krinsreguleringa av 1861 og 1891. Ei samanlikning. På Hundvåkøy På Selbjørn På Huftarøy Det er på denne måten ved krinssamanslåinga føreteke ei minking i krinstalet, frå 17 i 1861 til 11 i 1891. Ikkje alle var glade for dette. Mange born, særleg på Huftarøy - fekk lang veg gjennom skog og mark og med skyss i robåtar haust og vinter. Men føremunen var fast skule med skulehus og betre klassedeling. Dei lange vegane førde til mykje forsøming og strid for eigne skulehus i mindre krinsar. Delvis vart også foreldra ilagde bot om borna forsømde skulen, såleis i Haukanes og Drøna. Ofte laut dei "gjenstridige" bøya seg for overmakta og søkja sentralskulen om han enn låg urimeleg langt borte. Men i somme krinsar gav dei seg ikkje, og stridde seg etterkvart fram til ein eigen skule i lokalmiljøet. Då skulelovene av 1889 låg føre og kommunane skulle til med gjennomføringa, hadde Austevoll og Møkster desse skulehusa ferdigbygde: Austevoll sokn:
Møkster sokn hadde desse husa ferdige:
Dei nye krinsane som framleis vanta skulehus var:
Møkster sokn:
I dei små krinsane med lite born var det lettare å få leige lokale enn i dei større. I Eide og Heiemark krinsar med som fylgjer 45 og 50 born, der det kunne bli 25 til 30 born i 1. eller 2. avdeling, skulle det store stover til. Her vart kommunen nøydd til å byggje så snart det var råd. Den 23.3. 1892 er det av skulestyreformannen sendt skriv til Søndre Bergenhus Amtsskulestyre, der han ifylgje vedlagt framlegg til riss frå Austevoll skulestyre, og vedtak om løyving frå kommunen, søkjer om halvparten av kostnaden, kr 5500, av den kalkulerte kostnaden for byggjing av skulehus i Eide og Heiemark, og 1 i Trolandshamar krins. Han søkjer om dette som tilsot frå amtskuleklassen. Distriktslækjar Kruger som formann i Sundhedskommisionen, har også fått skulehusplanane tilsendt til fråsegn i samsvar med paragraf 13,2 i Lova. Og den 5.5. 1892 er det til amtsskulestyret sendt opplysningar om storleik på skulehuset i Trolandshamar, luftvolum i skulestova m.m Distriktslækjar Kruger har hatt ymse merknader til planane, t.d. om plassering av vindaugo, om lite luftvolum pr barn i klasserommet m.m, men formannen meiner denne anken lett let seg ordna, då det berre vil bli 25 born i klassen i staden for 35 som Kruger har rekna med. Her kan du lesa om skulen før 1800 |