Til opningssida

Jul på 50-talet

 

Det skjedde mykje fint på skulen fram mot jula på 50-talet.

Oppstasa i finbuksa, finjakka, kvitskjorta og slipset kom me stolte til juletrefest i storsalen på 105 m2 på Storebø skule.

Me skulle syna foreldre og medelevar kva me hadde lært i løpet av året.

Jule-evangeliet vart lese, adventslysa tende og eventyr og historiske hendingar skulle dramatiserast.
Jørgen, læraren vår, var ein god historieforteljar og fortalde så levande frå Snorresoga at me såg for oss dei store kongane som kunne gå utabords på årane og kasta spyd like godt med begge hendene.

Eg hugsar dramatiseringa av brotet mellom Olav Trygvasson og Sigrid Storråde. Eg hugsar enno jenta som hadde dronningrolla, fekk øyrefik som det small etter av guten ikledd kongerolla. (Viss Olav Trygvasson slo så hardt, var det forståeleg at Svein Tjugeskjegg som seinare Sigrid gifta seg med, samla her mot norskekongen ved Svolvær for å hemna smellen kona tidlegare hadde fått av norskekongen.)

Eg minnast også framføringa av Ingerid Sletten av Sillejord. Eg er sikker på at de på meir enn femti hugsar fyrste verset:

"Ingerid Sletten av Sillejord
Hadde verken sølv eller gull,
Men en liten hue av farvet ull
Som hun hadde fått av mor."

Den vesle klekista stod fram for skodespelaren. Hua vart lagt opp i og 3., 4. og 5. verset vart sunge.
Hua vart gøymt i 20, 30 og 40 år og Ingerid minnast mora og vona ho skulle verta gift. Men gift vart ho ikkje.
Dei tre fyrste line av 6. verset vart sunge:

"Hun ganger for kisten å tage den,
Hjertet var så stort derved;
Hun leter frem til dens gamle sted…."

Kista vart opna. Me sat i spenning som om me aldri hadde høyrt songen før.
Skodespelaren snudde kista mot oss så me kunne sjå oppi henne medan ho song:
"Da var der ikkje tråden igjen."

Det var ikkje eit tørt auga i salen. Tenk noko så trist. Tenk å få oppleva dette dramaet saman med klassevener og foreldre. Dette var stort og så alvorsamt at me mest ikkje våga å klappa.

Eg hugsar framføringa av Gymnastikkmarsjen:
"Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og arme,
Ryggen rak og blikket fritt, se det er bra!
Tåle slit og tåle sludd og tåle frost og varme,
Slike gutter/jenter, det vil gamle Noreg ha.
Hold nå takten der, intet mudder her!
La dem se vi er av rette slag!
Bare lek? Ja, men av den skal framtids krefter vokse,
Derfor er det alvor i vår lek i dag."

Me hadde øvd lenge på denne. Ein gut i klassen som song høgast og fortast, var føresongar. Ein annan gut i klassen kunne traktera trekkspel. Me andre song. Då føresongaren var ferdig med å syngja:
"Vi skal lære, vi skal øve, vi skal krefter vinne,
Krefter som kan holde ut en alvorstørn."

var spelemannen og me andre komne til: "Vi skal lære, vi skal øve …"

Dette var stor kunst. Mange foreldre var stolte. Særleg foreldra til guten som song høgast og fortast.

Opplesing var det også. Eg trur ikkje innhaldet var så viktig. Kunsten var nok helst å visa at lesekoden var knekt. Eg hugsar kommentarar etterpå. "Jammen kunne han lesa fort." Eg trur ikkje alle oppfatta kva guten las. Men me andre som ikkje var fortlesarar, var imponerte over farten og motet til kameraten som hadde funne eit passande stykke frå Rolfsen si lesebok.

Etter desse innslaga var det utdeling av idrettsmerke. No var me alle spente. Eg meinar det var i 5. klasse me kunna ta bronse, i 6. klasse sølv og i 7. klasse gull. Det var desse utmerkingane me kunne få. Dette var stort.
Så vart namna på dei som hadde greidd bronse ropte opp. Mest 5. klassingar, men ikkje alle i klassen, nokre 6. klassingar, og eit par 7. klassingar. Desse kom fram alt anna enn glade. Tenk å greia bronse fyrst i 7. klasse.
Same seansen med sølvmerke.
Så kom heltane fram: Det var berre 7. klassingar. Det var dei spreke som hadde greidd merka som var heltar verdig. Det rette metallet til rett tid. Kanskje stod no halve 7. klasse gutar der.
Ikkje nok med dette:
No måtte jentene med gj fram. Også her vart berre ein del av 7. klassejentene ropte fram til gull.

Innimellom alle desse øvingane var det julesongar der alle fekk delta.

Så var det mat. 7. klasse hadde ansvar for utdelinga av pakkar til kvar einskild. Ein pose med kakemann og appelsin og ein "brusunge"; - lita flaske brus på 2 dl til 48 øre og 30 øre i pant.
Appelsinen var innpakka i silkepapir, lukta godt og smaka endå betre. Appelsinane var mykje betre før i tida. Eg ser enno for meg då foreldra tok opp kakeboksen med fine påsmurde skiver med sylteflesk og anna juleknask på. Kaffi var nok ofte medbrakt, men eg trur også at nokre kaffikokande foreldre serverte.
Det var dette som var heim-skule samarbeid.

Etter dette var det juletregang. Alle med unnatak av dei "motigaste" gutane i 7. klasse deltok. Me såg fram til å byrja i 7. klasse.
Så var det å gå heim, ja alle gjekk sjølvsagt heim på dårlege vegar og stiar til Hufthamar, Skår og Birkeland, etter vellukka start på jula.
Gå måtte me alle. Det var berre Evebøden som hadde bil; - ein lastebil som også var drosje og som me ikkje trudde det fanst maken til i heile verda.


Jula 2005.

Karl Johan Haugland