Til opningssida

Skulestellet i Austevoll og Møkster
på 1800-talet

 

Austevoll og Møkster fekk sin Skulefundatz (Lov og forskrift) i 1791. Det var ein omfattande plan for det framtidige skulestellet i kommunen, og lista opp mange oppgåver for dei som skulle stella med skulespørsmål framover.Det skulle ta lang tid før alle siktemål for skulen blei oppfylt, men planen var nyttig og nødvendig å ha.

Skulefundatzen tok for seg lærardekning i kommunen. Der skulle vera 3 omgangsskulelærarar i begge soknene, og desse skulle fara frå gard til gardog halda skule. Kommunen blei oppdelt i 3 distrikt og kvart distrikt i 6 roder, og skuleåret skulle vera mellom 14. april og 14. desember. Mellom sistnemnde dato og 14.januar komande år måtte det ikkje haldast skule.

Skuleåret kunne elles vera litt fleksibelt, og skulegonga tilpassa ønskjemål frå innbyggjarane.

Læraralønene var omtalte i fundatzen, og sidan folkesetnaden i Austevoll og Møkster var lågare enn i Fjell og Sund, måtte lønene for Austevoll / Møksterlærarane vera lågare enn for Sund / Fjell- lærarane.

Skulefundatzen la særleg vekt på at folk ikkje måtte syna ringeakt for skulen, heller ikkje unndra seg med betaling eller hindra borna i å møta fram.Den truga med mulkt om så skjedde. Borna gjorde nyttigare arbeid heime på gardsbruket eller i båten enn del gjorde på skulen, meinte mange.Lærarane skulle påsjå at forsømmelege og motvillige folk gjorde som lova baud, og melda frå til soknepresten når dei nekta å oppfylla sine skuleplikter. Læraren på si side skulle vera elt føredøme for andre i liv og livnad.

Så følgjer ei opplisting over kven som skulle, og kor mykje dei skulle betala til skuledrifta.Læraren skulle krevja inn pengane og overlevera dei til soknepresten, som skulle føra rekneskapen for det heile.

Fundatzen blei send til"... stiftets høyeste øvrighed" med oppmoding om å godkjenna han og få han iversett straks. Denne planen vart eit arbeidsdokument for del som stelte med skulespørsmål i kommunen giennom heile det komande hundreåret.

Omgangsskulen var komen i gong, men var inga god ordning pga vantande ro og konsentrasjon i undervisningssituasjonen. Den skulle likevel koma til å vara langt utover på 1800-talet.Rodestovene blei det neste steget når det galdt "klasserom" På gardar der de hadde ei stove ledig, og som folket på garden brukte lite, fekk skulen ha som sin faste tilhaldsstad, og trong såleis ikkje bli forstyrra i sitt arbeid.

Det første skulehuset i kommunen kom først i 1868 i Trolandshamar krins. Oppføring av skulehus var og vart ei hovudsak for del som dreiv skulepolitikk. Det låg eit langsameleg arbeid, både politisk og fysisk, bak kvart av dei husa som blei reiste.

Det var ikkje alle krinsane som hadde fått skulehus då hundreåret var omme. Krinsinndelinga var ei anna stor oppgåve innan skulestellet. Etter kvart som det kom nye skulelover, blei krinsane færre og større, skuleromma måtte hysa større klassar, og mange av borna fekk lange og mødesame vegar å gå til og frå skulen. Dette var mange svært lite glad for. Somme heldt borna heime i protest, og blei bøtelagde for det.

Andre stader var det kvass strid om plassering av skulehusa, og dette saman med andre stridsspørsmål gjorde at somme politikarar vart luta lei den stendige usemja og murringa blant folk. Dei fleste mindre øyane vart til vanleg skipa som ein skulekrins, men på dei større øyane blei det fleire krinsar etter mykje kamp somme stader.

Kommunen hadde eit problem som ikkje er ukjent i notida: Det var nesten alltid pengemangel, og mykje burde og skulle gjerast. Det skulle bl.a. byggjast skular og kyrkjer. Ei tid på 1890-talet blei bygginga av skulehus stogga medan det blei oppført 3 kyrkjer i kommunen.

Skulelovene tok også for seg noko om innhaldet i skulen, både om undervisnings -måtar og fagkrins, og folk engasjerte seg sterkt når faga etter deira meining, vart så mange at læringa ville gå ut over kristendomsfaget. Dei sende brev via skulestyret til riksstyresmaktene og protesterte på dette.

Prestane i Austevoll og Møkster hadde jamnast stor interesse for skulen, og dei hadde også autoritet, så det nytta lite med innvendingar frå folket når desse hadde sagt sitt. Etter kvart vart skuletida utvida, det blei utdelt gratis skulemateriell til elevane og ulike læremiddel gjorde undervisninga enklare og meir skjøneleg for borna.

Det skal sannast at oppseding og opplæring etter nye idear, metodar og prinsipp brukte lang tid å få innpass hos oss. Det gamle fasttømra kunnskaps- idealet sat i høgsetet, og lærarautoriteten i skulen dominerte lenge.

Olav K. Drivenes.