Til opningssida

Skulestyre (Skulekommisjon)

 

Grunnlaget for utviklinga av det moderne skulestellet vart lagt ved skuleforordninga av 1739, som fastsette innhaldet i undervisninga i skulane.
Denne vart følgd opp av skuleplakaten av 1741, som fastsette at amtmannen og prosten skulle samla fire av dei "beste menn" i kvart prestegjeld, soknepresten og hans kapellanar. I fleire prestegjeld deltok dei fire "beste menn" frå kvart sokn. Denne skulekommisjonen skulle utarbeida ein plan for organiseringa av undervisninga i prestegjeldet og setja opp budsjett for skulestellet og utlikna skuleskatt på innbyggjarane. Dette dokumentet vert ofte kalla "skulefundas". For kvart sokn skulle kommisjonen peika ut ein eller fleire menn til å krevja inn skuleskatten og føra rekneskap for soknet si skulekasse.

I 1816 vart samansetjinga av skulekommisjonen endra til å omfatta presten, hans medhjelparar, lensmannen og prestegjeldet sine valmenn.

Skulelova for landet av 1827 bygde i det vesentlege på forordninga og plakaten, men det vart sett minimumskrav til utbygginga av skulestellet. Skulekommisjonen kunne fastsette talet på skuledistrikt og omgangsroder, likna ut skuleskatt og pålegga dei med matrikulert jordåta i mot omgangskulen. Kommisjonen kunne og be regjeringa om fritak frå lovpåbodet om fast skule ved hovudkyrkja. I 1834 vart det utarbeida skuleplanar for dei einskilde stifta med instruks for lærarane.

Formannskapslovene av 1837 la skulen sin økonomi under formannskapet. Når det vart behandla saker om skulen, skulle kommisjonen (med unntak av dei folkevalde medlemane) tiltre formannskapet. Dette organet vart kalla kombinert formannskap eller skuleformannskap.
Formannskapet skulle tilsetje rekneskapsførar for skulekassa. Kvart sokn kunne etter formannskapslova ha sin eigen skulekommisjon, eller den kunne vere felles for formannskapsdistriktet.

Landsskulelova av 1860 fastsette at eit formannskapsdistrikt i regelen skulle utgjere ein skulekommune. Eksisterande ordningar skulle likevel halda fram til kommune/soknestyret gjorde vedtak om å endra dette. Med samtykke frå Kongen kunne det likevel opprettast nye skulekommunar i einskilde sokn. Skulekommisjonen skulle vere samansett av presten, residerande kapellan, ein representant for lærarane, ordføraren i formannskapet og så mange kommunalt valde medlemer som kommunestyret bestemte. Soknepresten var lovbestemt formann i kommisjonen. Skulekommisjonen skulle laga framlegg til skulebudsjett og leggja dette fram for formannskapet og dela skulekommunen inn i skulekrinsar. Presten hadde møterett i formannskap og kommunestyre under behandlinga av skulesaker.

Folkeskulelova av 1889 bestemte at ein heradskommune kunne delast i fleire skulekommunar. Lova innførte namnet skulestyre og gjorde presten til vanleg medlem av skulestyre. Formannen skulle no veljast fritt mellom medlemene. Samstundes erstatta skuledirektøren stiftsdireksjonen som overordna organ for det kommunale skulestellet. Skulelova påla skulestyra å utarbeida kommunale skuleplanar. For landsskolen utarbeidde departementet i samråd med skuledirektørane eit utkast til skuleplan som skulle vere retningsgivande for skulestyra som eit tillegg til landsskulelova. Skulestyret fekk rett til å tilsetja lærarar.

Skulelova av 1936 bestemte at alle skulekrinsar skulle vere representert av dei medlemane kommunestyret valde til skulestyret. Ordføraren eller ein annan formannskapsmedlem skulle vere medlem av skulestyret. Skulestyret fekk rett til å tilsetja skulestyrarar og skuleinspektør for kommunen.

Skulelova av 1959 var felles for by og land. Skulestyret skulle i sin heilskap veljast av kommunestyret. Alle kommunar skulle ha eit skuleråd og alle skular lærarråd. Kommunen fekk plikt til å tilsetja skuleinspektør.

I arkivet etter skulestyret vil det finnast møtebøker (forhandlingsprotokollar), kopibøker og brevjournalar. Korrespondanse og saksdokument er fram til om lag 1960 som oftaste kronologisk ordna etter journalnummer eller dato. Samstundes vil det finnast sideordna korrespondanse, som er ordna etter emne. Seinare er dette ordna etter arkivnøkkel . I arkivet finst det også personalarkiv og tilvisningsbøker. Rekneskapet for skulekassen er som oftaste arkivert hjå heradskassen.

Arkivet viser at det var eigen skulestyre i soknene Austevoll og Møkster. I arkivet etter skulestyra i Austevoll kommune er det registrert følgjande materiale

Serie Innhald Tidsrom
Aa. 1 a - 6 Møtebøker 1879 - 1961
Ab. 1 Møtebok Austevoll skuleråd 1961 - 1986
Ac. 1 Møtebok Arbeidsutvalet for Austevoll skulestyre 1972 - 1986
Ad. 1 Møtebok Eksamensnemnda 1964 - 1970
Ba. 1 a - 1 Kopibøker 1890 - 1970
Ca. 1 - 12 Brevjournalar 1921 - 1970
Da. 1 Kronologisk ordna korrespondanse 1906 - 1917
Ra. 1 - 10 Tilvisningsbøker 1907 - 1966

 

SKULEKRINSANE / FOLKESKULANE

Plakaten av 1741 fastsette at skulekommisjonen skulle dela prestegjeldet i skuledistrikt og roder. Eit skuledistrikt var det området som vart dekt av ein lærar, ofte eit sokn. Distriktet var delt i roder (skulehaldslaug), som omfatta dei gardane som låg slik til at borna kunne ha felles omgangsskule, vanlegvis ei grend. Rodene hadde skule eit par månader i året slik at heile distriktet vart dekt i løpet av eit år. Skuledistrikta og rodene vart endra etter kvart som krava til undervisninga vart større.

Skulelova av 1860 fastsette at ein skulekommune skulle delast opp i skulekrinsar. Krinsar skulle normalt ha ein fast skule, men omgangskulen var framleis vanleg i dei fleste kommunar. Lova fastsette at skulestyret skulle oppnemne tilsynsmenn for krinsane og at det kunne haldast krinsmøte når krinsen vart påført økonomiske plikter.

Skulelova av 1889 utvida denne ordninga slik at det i kvar skulekrins skulle vera eit tilsynsutval, samansett av tre representantar valt i krinsmøte og med eit av skulestyret sine medlemer som formann. Tilsynsutvalet skulle føra tilsyn med skulen i krinsen og arbeida for god skulesøking og orden i skulen. Skulestyret kunne delegera delar av si myndigheit til tilsynsutvalet. På krinsmøtet hadde alle skatteytarar over 25 år stemmerett, saman med foreldra til elevane. Krinsmøtet hadde rett til å uttale seg om og gjera vedtak i saker som gjaldt skulen. Ordninga med tilsynsutval og krinsmøte vart stadfesta av skulelovene av 1936 og 1959. Frå 1959 vart det obligatorisk med lærarråd på skulane.

Arkivmateriale frå skular og krinsar omfattar nokre få seriar:
Skuleprotokollen var frå starten av ført av læraren i eit skuledistrikt og omfatta rodene i distriktet. Seinare vart protokollen ført for ein eller fleire klassar i kvar krins. Skuleprotokollen inneheld opplysningar om elevane sine karakterar og frammøte på skulen. Andre tidlege namn på skuleprotokollen er "hovedbog" og "extraxtprotokol". I nokre tilfelle kan skuleprotokollen også innehalda inventarliste for skulen.

Opphaveleg registrerte læraren løpande fråvere i skuleprotokollen, men denne funksjonen vart mot slutten av 1800-talet overteke av dagboka - seinare klassedagboka. Denne inneheld berre opplysningar om elevane sitt frammøte / fråvere og eventuelle opplysningar om årsak til fråvere.
Avgangskarakterprotokollar - eller eksamensprotokollar - vart ofte ført felles for heile skulekommunen. Møteboka til tilsynsutval og krinsmøte vart ført frå 1889, og stundom har same protokollen vore i bruk til ut på 1970-talet.

I arkivet etter barneskulane i Austevoll vil der finnast nokre møtebøker, skuleprotokollar og dagbøker frå skular som fram til 1964 låg under Fitjar skulestyre.
Protokollane er vorte nytta vidare etter 1964, og er no innlemma i arkivet til Austevoll. I arkivet etter barneskulane i Austevoll er det registrert følgjande materiale:

 

Serie Innhald Tidsrom
Aa. 1 - 9 Møtebøker for tilsynsutval / samarbeidsutval 1890 - 1971
Fa. 1 - 23 Skuleprotokollar 1863 - 1969
Fb. 1 - 7 Karakterprotokollar 1901 - 1969
Ga. 1 - 24 Dagbøker 1889 - 1973
Ha. 1 - 6 Avgangsvitnemålprotokollar 1893 - 1966
Ra. 1 Tilvisningsprotokoll 1969 - 1970

Kjelde :
Interkommunalt arkiv, Bergen
v/ Åse Eikemo Strømme