Hausten etter vart eg og Eli søster mi, og to andre born her på garden sjuk av skarlagsfeber. Eg var mest sjuk av dei. Eg ville plent kjøvast. Alle trudde eg kom til å døy, og sjølv trudde eg det og.
Distriktslækjaren (Kruger) som var bodsendt, stod midt i stova og såg bort på meg ei stund. Så snudde han seg på hælane og gjekk sin veg etter at han hadde åtvara oss mot å gå til grannane eller la dei koma inn til oss fordi sjukdomen var så fæl til å smitta. Men han nemnde ikkje eit ord om kor farleg sjukdomen var for oss som hadde den. Dei andre kom seg nokolunde snart att, men eg var lenge sjuk. Mot all von vart eg litt om senn frisk att, og så snart eg kom meg ut av senga, gjekk eg og vassa i snøen saman med dei andre kameratane mine, nettopp på den tida huda skallast av armane og heile kroppen min. Men då skulle eg hatt det varmt til eg hadde fått ny hud att. Det visste eg ikkje då. Og frå den tida var det som om kvar nerve snørte seg saman.

Ein dag kring kyndelsmesse (Katolsk lysmesse 2. februar. I folketrua ein merkedag då halve vinteren er gått. red anm.) skulle eg få vera med far til Krosshamn. Om morgonen var veret fint. Men heile sydausthimmelen var gloande raud. Då me rodde framom Veggeneset sa far at me fekk nok skunda oss, for han ottast snøstorm om ettermiddagen. Me so gjorde – Men me var så vidt komen i land på Krosshamn før uveret braut laus – ein forrykande snøstorm frå sydaust. Det var ikkje tale om at nokon som var der kunne koma derifrå såleis som veret då var. Men då det leid frampå ettermiddagen sa far at me laut prøva. Med største møda vann me oss opp til Krossøy. Då orka me ikkje meir. Der låg me i to timar og venta på at uveret skulle spakna. Men nei, det vart heller verre. Eg fraus fælt. Eg skalv. Då visste far ikkje noko anna råd enn å hamla nedatt til Krosshamn. Det såg stygt ut. Dei rasande bølgjene truga kvart augneblink med å fylla båten. Men me kom oss vel i land. Då var eg so valen både på hender og føter at eg måtte krypa opp trappa. Då var det kveld og me fekk oss seng på bondestoveloftet. Der var det isande kaldt. Eg kunne ikkje verta varm endå far breidde mest alle kleda over meg. Midt på natta gav uveret seg og det vart dammande stilt. Då gav me oss på heimferda. Far rodde som berre han kunne ro, og me kom snart til Straumen. Eg vassa heim gjennom snøen så fort eg kunne. Våre hadde vore fælande redde for oss. Men då eg kom og kunne fortelja kva som hadde hendt, vart dei glade. – Frå den tida var eg aldri rett frisk. Først vart eg stiv i høgre handledd og kneledd. Men eg trudde at eg ville verta god att. Den vona måtte eg snart sleppa. Det vart verre og verre.

Og tredje juledag same året (1879) måtte eg gå til sengs og stod så ikkje opp att meir. Distriktslækjaren var fleire gongen hjå meg. Men han forstod ikkje sjukdomen min. Han ville kvar gong sjå tunga mi og gav meg så noko mikstur å drikka! Men der gjekk gjetord om ein lækjar, dei kalla Gjestland. Kunne me få han ut til meg ville nok han vita ei råd. Far lova meg at han skulle reisa eins ærend til han. Han budde på Nymark på Tysnes. Far heldt ord og lækjaren hadde sagt at han skulle koma ein viss dag. Eg leid stor smerte, men hadde da god von om å verta fri all verk og pina når den namngjetne lækjaren kom.
Og han kom – stor og tjukk som ein premiestut. Men han var ikkje olm, det var ein blidvoren mann. Han tok ein stol og sette seg attmed senga mi. Det knaka og braka i stolen, så eg trudde den hadde gått i knas. Han såg på meg ei lita stund utan å spørja meg om noko. So kasta han sengekleda av meg, tok ei hand om leggen og ei om låret og byrja bryta på kneleddet som var stivna til, so det gjorde fælsleg vondt. Det same gjorde han med handleddet og. Eg orka ikkje å la vera å klaga meg. Men då sa han: “Å, det er ikkje noko å skrika for!” Då vart eg arg – skam å seia – og beit tennene saman. Men skræmeleg vondt gjorde det. Eg kjende meg våt av sveitte over heile kroppen då lækjaren til slutt var ferdig. Så skar han opp ein svull på høgre hand og overarm. Like eins ein stor svull på venstre lår. Då han skar opp den siste og fekk ei skål full av verk, sa han at eg visst måtte ha lidt skræmeleg. Dei orda tok bort mykje av illviljen min mot han. Så sette han seg tungt nedatt i stolen, sat slik ei stund utan å seia noko. Eg vakta på kvar mine i andletet hans for å lesa meg til den dom han ville fella over sjukdomen min. Då rista han på hovudet sitt og sa: “Eg veit diverre inga råd for deg. Såleis kan du koma til å liggja i tjue år”. Då eg høyrde dette gjekk det som eit knivstikk gjennom hjarta mitt. Med eitt såg eg livet mitt framfor meg som ei endelaus uhugnad. Og ein vill rasande smerte reiv og sleit meg i brystet so hardt, at eg no ikkje kan seia det for noko menneske! Eg måtte verta frisk att. Eg ville ut, ut ….!

Lækjaren skjøna visst noko av korleis eg hadde det innvortes, for han klappa meg bort på hovudet og sa: Kanskje det kan verta til ditt beste!”

No er det gått over 56 år sidan den tida og enno ligg eg her sameleis. Eg må seia med den hardt prøva gudsmannen: “Mine dagar dei kvarv bort og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emnar på” (Job 17.11).