Eggtjuv – for siste gong

Ein søndag gjekk eg og Kris til Bø. Me og to kameratar der nord var blitt samde om å ta ein segltur inn over fjorden. Det blåste ein frisk nordvestvind. Det gjekk strykande framom Veggjaneset og Klungerholmen, men då me kom midtfjords auka vinden så sterkt på, at me fann det best å snu attende. Me styrde mot Ospøy-skjæra, gjekk i land der for å leita etter egg. Eg kom over eit ærfugl – reir. Fuglemora vart skremd og med eit fælt skrik flaksa ho av reiret sitt og på sjøen. Det stokk i meg. Eg tok berre eit egg, men eg tykte at det brente fingrane mine. Men eg var ikkje god for å smaka det då det var kokt. Fuglemora sitt angstfulle skrik høyrde eg kvar eg gjekk. Og frå den dag rørte eg aldri eit reir eller tok eit egg meir.