Ei skræmeleg hending i Hamn

Eg var jamt i Hamn, den næraste handelsstaden, for å kjøpa eit og anna me trong til huset. Ein dag eg var der kom eit notlag frå Sundsokna. Dei hadde vore på “Sørafiske”.

Notbasane heitte Nils og Mons, og så var det ein lutmann som heitte Håkon. Dei var fulle alle tre, men dei ville ha meir – øl og vin (vin i ølglas). Men ei så fæl stund har eg ikkje opplevd. Dei banna og bad til den vonde så fælsleg at eg syntest den vonde var lys levande til stades. Og det var han vel og. Ei ung jenta la handa si på Mons sin arm og bad han at han ikkje måtte snakka så fælt. Men med ein eid riste han handa hennar tå seg og drakk enno meir. Han Nils var ein gammal mann og han skalv så sterkt på handa at han knapt kunne løfta glaset opp til munnen. Men banna kunne han, so det var ei gru å høyra på. Eg var så redd at eg skalv over heile kroppen. Eg sprang ut av krambua. Då eg kom ut under open himmel og såg sola skein so klart og høyrde bekken risla stod det heile for meg som ein vond draum. Eg tenkte at når vin og brennevin kunne gjera folk såleis, verre og styggare enn noko udyr – burde slik gift vera forbode og dei som handla med slike varer enten setjast fast på livstid eller jaga ut av landet.

Det vart lenge før eg våga meg i Hamn att. Og når eg kom til krambua var det som om eg høyrde dei fæle orda og som om den vonde ikkje var langt borte. Og ei tid seinare var det ei tenestejente i Hamn som skulle ha sett noko fælsleg skremmande nede på bua, så ho mest vart skremd frå vettet sitt. Så er fortald meg.