Eit kongerike for eit kje

Eg og Eli søster hadde slik lyst til å ha oss kvart vårt kje. Og far gav oss lov til det. Så reiste eg ut til fastermannen min på Eio og spurde han om han ville selja meg to kje, ein han og ei ho. Og det ville han. Eg vart storleg glad og fornøgd. Dei var så fine. Men då eg skulle leia dei, ville dei slett ikkje fylgja med – dei ville nok ikkje frå heimen sin. Dei hoppa ende opp eller gjekk til kvar si leid, så eg visste ikkje korleis eg skulde få dei avstad. Men så snakka eg fint med dei, kjælte for dei, strauk dei mjukt over ryggen og klådde dei under haka. Då vart dei rolegare. Dei skjøna visst at eg ikkje var ein så farleg fyr likevel. Då eg hadde bunde dei til tofta i båten og byrja ro, såg dei forundra utover esinga ( båtripa ) på dei bårene og blåsor som årane let etter seg når eg rodde. Eli syster stod i stranda i Naustvika og ropte så snart ho såg meg, om eg hadde fått to kje – Ja, svara eg. Då vart ho glad.

Me leidde dei heim, gav dei mykje mjølk og lærte dei å eta flatbrød. Dei fylgde oss ut og inn som hundar. Og me vart meir og meir glade i dei. Dei voks og treivst stort. Dei gløymde visst at dei var blant framandfolk. Og så morosame dei var! Me kunde ikkje sjå oss mette på alle dei kunster dei gjorde. Dei sette i dei forunderlegaste krukedansar, hoppa ende til vers fram eller attende på ein så løgleg måte at me måtte le.

Når vi vart lei oss for noko, lurte me oss inn i løa og tok eit kornband som eg og Eli bytta mellom oss og så flaug me bortover bakkane og kjea etter med dei løyligaste himmelspett, så me måtte kasta oss i bakken og le ut, medan kjea åt kornet. Jau, det var moro! (Når eg skriv dette ser eg det så klart føre meg, at eg enno må le so godt med meg sjølv). – Så kom dei til oss og la hovuda i fanget vårt og jorta så velnøgd. Når me lurte oss i frå dei, så dei ikkje såg oss, flaug dei remjande over haug og hammar til dei fann oss att. Bukken fekk store horn og eit langt drusteleg skjegg og eg trur han visste det sjølv og var stolt over begge . Eg fann meg ein gammal kam og kjemde skjegget hans mest kvar dag, og det likte han godt. Når han såg meg kom han springande og lyfta på hovudet sitt, rista på skjegget som om han ville seia: “No må du kjemma meg att.”

Ein kveld våren etter kom far inn og sa at der var ein fehandlar ute som ville kjøpa geitene våre, om me ville selja dei. Men då la me i veg for å berga våre trufaste vener og sa at me ikkje ville selja dei til nokon pris. Far lo og sa at me kunne gjera som me ville for han. Men fekaren vart snurten og meinte det var meiningslaust å retta seg etter “grasungane”. Eg minnest kor glade me vart då han gjekk sin veg.

Då hausten kom var dei så store og tunge at berre vaksne karar kunde lyfta dei. Ragget var så langt at det nådde ned til jord. Om kvelden la dei seg ned ute på Grasbakken tett til kvarandre og jamnast med hovudet yver halsen på einannan. For moro skuld prøvde me å ha dei i kvar sit rom. Men det likte dei ikkje og gav inga ro før dei kom saman att. Når dei kom opp på hustaket vårt (den tida hadde me torvtak) glytte dei ned gjennom ljoren og såg forundra på oss som åt, og då remja dei og ville ha av maten vår, så me måtte ut med eit kvart slag. Då kom dei vandrande nedetter taket og byrja eta.

Eg hadde høyrt at geiter var glade i tobakk og bad far om eit lite blad. Far meinte det var meir enn nok at han brukte tobakk, om eg ikkje skulle læra geitene til det same. Men om eg ikkje sjølv ville “leggja meg på det”, skulle eg få eit lite blad og prøva. Jau, dei var fælande glade i tobakk og sleikte på fingrane mine meir enn etter salt som dei og var grådige etter.

Dei var no to drustelege dyr. Og andre folk var forarga over at me skulle ha to slike dyr gåande ned i liene og øydeleggja vidjeskogen deira . Far sa alltid til oss at me vart nøyde til å selja dei for ikkje å høyra meir vondt for deira skuld. Me skjøna då at me måtte skiljast frå dei, og me vart mykje sorgfulle. Men me kjælte enno meir for dei og gav dei det beste me visste. Me ønskte ofte det ikkje måtte koma nokon fekar den hausten, slik at me fekk hav dei lenger. Men ein morgon kom Gyrid inn og sa at geitene visst var vortne sjuke. Eg hoppa ut av senga, fekk buksa på meg og flaug ut, og Eli søster kom straks etter. Geita var mest daud, ho lea lite grann med hovudet sitt, men kjende oss ikkje. Bukken derimot kjende meg, og då eg strauk han over skjegget sleikte han meg på handa. Straks etter la han hovudet på marka og var daud. Då byrja me å gråta begge to, me gret mest heile dagen og var ikkje god for å smaka mat. Me hadde ei stygg otte for at dei hadde vore inne i eit eldhus hjå grannen og drukke noko “svinaskap” som dei sprakk sund av. Me vart enno meir sorgfulle og harme. Men gjera noko med den saka kunne me ikkje.