Den tida fiska dei om sumaren småsei inn på Røvet. Eg og Kris var no støtt dei som måtte henta agn, anten ifrå Selvågen eller Hola. Eg var ikkje sers huga på dette. Eg syntest det var som eit slags tigging sjølv om eg hadde pengar med til å løysa den agnsild eg fekk.
Ein gong me skulle til Selvågen og hadde lendt båten vår i Troni, kom ei jenta som var frå Purkholmen , men tente på Nordeide ut på haugen og gjorde narr av oss.- Ha, ha, ropte ho, -skal de stad å tigga sild? Ha, ha! Eg vart so skjemd at eg sa til Kris. – Kom, la oss springa alt me vinn, so ho ikkje ser oss att. Men han sa at eg berre skulle venta litt, så skulle eg få sjå. Så auste han sand og småstein i kipa si og byrja røra rundt i den med staven sin så det lydtes lang veg og ropte: “Gyss,gyss”. Så skjøna eg meininga hans! Eg såg opp korleis ho ville ta det, men ho kvarv burt som om ho sokk ned i jorda. Eg vart så glad og syntest K. var ein gasta kar. Sidan hadde han støtt sand i kipa si og me ønskte ho berre ville visa seg att. Men det gjorde ho ikkje. Så snart me hadde fått agn, var me heime som snøggaste og fekk oss kveldsmat. Og så rodde me inn til Kumlesundet. Der låg heile fiskarlyden. Dei som var så heldige at dei hadde fått agn måtte dela med dei som ikkje hadde noko. Eg syntest det var så rart at den som fekk agn sa ikkje -Takk, men: -Heila handa !. Ein trudde vel på betre fiskelukke då. Eg og kameraten min la oss ned i bakstamnen til å sova – med oljetrøya over hovudet. Eller me for rundt og leita etter krabbar på berga, gjekk så opp på øya og steikte dei over eit lyngbål smakte framifrå godt. Eit herleg uteliv! Den som kunde leva det opp att!

Ingen måtte reisa inn på fiskeplassen før i sekstida om morgonen, elles vart han halden for ein fark. Skikk og vis var slik. Og det hende visst aldri at nokon braut den uskrivne lova.
Komne inn på Røvet hadde eg og Kris moro med å hiva agnskurd ( oppskore agn ) til ein fugl dei kalla tjuv-jo’n., han tok dei i lause lufta. Når me vart for høgrøysta og heiv agnskurden for nær ein mann som heitte Jon, vart han sinna og ba oss “halta kjeften” som om det hadde vore han me meinte! Men det vart berre meir moro for oss, kan du skjøna. Dei heldigaste fiskarane fekk opp til 50 sei på snøre. Men klaga gjorde dei likevel over kor sløg og treisk denne fisken var. Då var det ein mann som sa: “Eg veit ikkje kva han er, eg har ikkje kjent han enno!” Då måtte dei le. – Så var det å ro heim med kokefisk til middag. Slik heldt dei på i fleire månader.