Ein vår fekk me høyra der var sett premie for ramnungar – 2 kr. For kvar ein me kunne få tak i. Jau, her var pengar å tena. Me viste at i Ramnebrotet hadde eit ramnenpar reir med tre ungar i, so vidt me kunne sjå. Det var så godt som 6 kr. For oss – ein heil kapital i dei dagar. Eg og A. og L. var einige om å fanga dei, når dei vart store nok Me ville ikkje nemna det med Kris , for han var så livande redd for å kliva i berg og brot og ville røpa det for far sin, og han ville forby oss å gjera dette.
Ein søndag då mest alle var til kyrkja – og Kris med – la me karane i veg. Me hadde forvissa oss om at ungane var der for eit par dagar sidan, så me tvila ikkje på at dei var der no og. Men kven av oss skulde gå ned? Eg var for liten til å taka opp striden med ramnefar og ramnemor, om dei skulle gjera eit åtak. A. var for tung til å hala opp att. Så vart det han L. som tok på seg og gjekk ned. Då han batt reipet om livet og gjekk utover brattaste brotet, kjende eg ein kaldstraum nedover ryggen min. Eg og A. gav ut på reipet til det slakna og me trudde han var komen ned på den bergskorta der ramnereiret var. Det gjekk ei tid. Så høyrde me eit rop. Det var han L. som ropa, at ramneparet var drege sin veg med alle ungane sine! Reiret var tomt! Eg kan ikkje seia kor harme og leie me vart. Dei svarte beista som hadde narra oss april.

Så ville L. opp att. Og me hala alt me vann. Til all ulykke var det ein knute på reipet og den kunde me ikkje få opp igjennom ei lita rift i berget. Då ropa han L. at me kom til å fila reipet av på den måten. Me fekk la det gå nedover, og ned gjekk det snøggare enn me syntest om. Men kor skremde me vart då me såg at me hadde vel lite tau. Eg ut på ytste kanten og ropa til L. at tauet var for kort! Han svinga då att og fram i lause lufta og det var fare for at han kunne skamslå seg mot fjellveggen. Endeleg fekk han tak i ei osp som var der og ropte opp at han kunne halda seg ei stund men lenge orka han det ikkje. A. batt då tauet fast i ein brake og la i veg til naustet so vass – sprøyten stod omkring han for å henta faren sin linekal. Han var vist ikkje mange minuttane borte, men tida syntest meg som ei heil æva. Og då brakerota byrja å losna, gjekk det både heit og kaldt igjennom meg. Endeleg kom han A. og fekk knyta tauet saman. Eg ytst ute på bergnova att og ropa til han L. at han fekk sleppa seg – og nedover gjekk det så fort at huda sviddest av hendene våre, og var der kome ei lykkje på tauet og ei hand eller ein fot inn i den, hadde me nok gått utføre stupet begge to ! . Så slakna tauet og me skjøna at han var komen nedatt, men me var redde for at han hadde slege seg forderva. A. heiv resten av tauet utover berget og me sprang skjelvande ned under berget. L låg så lang han var og rørte seg ikkje. Han hadde uvita, som ventande var av den sterke spaninga han hadde vore i. Men han kom seg snart att.

Då me hadde kvilt oss ei stund såg me ein kyrkjebåt koma roande framom Storeklubben. Så var det for A. å ta tauet og springa av stad med det til naustet. Så rusla me heim både trøytte og skuffa . Eg gjekk og la meg til å sova. – Storola som dagen etter skulle leggja ut liner, kunne ikkje skjøna korleis linekalen hans var vorten so oppribba, som om den var drege opp og ned med eit berg. Han ante ikkje at me hadde nytta linekalen hans i Ramnabrotet eller hadde me nok fått smaka stubbane. Og det hadde me nok vore vel verd.