Kapproing og fiske på Seito

Ein gong skulle eg og far min på Seito som låg på hi sida av fjorden nord ved Kaldefoss. Då me for om Saueneset kom to bøkarar ( karar frå Storebø ) stormroande fram om Notaneset.
“Gjev eg var vaksen og sterk”, sa eg til far, “då skulle dei ikkje ha kome før oss til Seito”. “Det kan vel vera det same kven som kjem først, berre det vert godt fiske”, svara far. Men eg hadde hug til å kappro med dei, berre eg hadde vore så sterk som Samson. Eg spente i tofta og rodde alt eg vann. “Bry deg ikkje”, sa far. Men smått om senn merka eg at båten byrja skyta sterkare fart til den gjekk så fort at eg ikkje orka halda årane i sjøen. Bøkarane såg attom seg ender og då og undrast nok over at dei ikkje kunne koma oss nærare. Dei brukte nok den makt dei åtte, men like lite hjelpte det. Midtfjords gav dei opp leiken – og me kom først likevel. Og glad var eg.

Me drog mykje fisk. Men det blåste opp ein forrykande storm av sydaust, så eg ikkje makta å andøva lenger. Så skulle eg byrja fiska. Og eg drog 13 store seiar. Eg måtte stå ende opp i båten og dra snøre, og far måtte hogga kleppen i dei for å hala dei inn over esinga for det var stor skrubbsei. Eg var reint stolt over fiskelukka mi. Blåste gjorde det så sjøen rauk som aska av bølgjetoppane. Men far sette opp seglet likevel, for den gong hadde me den gamle færingen vår, og han var så stø at når keipane låg i vatnet, la han seg ikkje meir over kor mykje det enn blåste. Eg sette meg på framtofta og såg utover sjøen. Eg skal sei det gjekk unna.! Men kjekt var det om det enn såg farleg ut, men når far var trygg og roleg, kunde eg vera det og. Å, om eg kunne fått meg ein slik segltur att! Når eg om har vore oppe på haugen og sett innover fjorden og fiskeplassane, har eg lengta so sårt etter å segla og fiska som i barndomsdagane mine! Men borte er borte som så mykje anna for meg.