Ein gong var eg med far min på ein tvangsauksjon. Ein gamal fiskar var komen i så stor skuld til kræmaren at han ikkje kunne betala den i rett tid, og så sette han – kræmaren – lensmannen på han. Det var det same som å plyndra han for det beste han åtte: – ku og kalv, seng og gongklede, husbunad, notbalkar, fiskesnøre o.s.b. Då me kom fram til tunet streva mannen med å sette alt til rettes, bar eit bord og ein benk utanfor stova. Så sette han seg sjølv på ei kiste, stødde olbogane mot knea og la andletet i hendene sine. Han så oppgjeven ut, stakkar. Så kom lensmannen stor og myndig med den gullsnora huva si, helsa på den samla ålmugen, sa noko morosamt som folk skratta åt. Det var vel for å stiva opp kjøpehugen. Så let han augo fara utover dei framsette tinga, medan han rådspurde seg med protokollen, nikka på hovudet og fann vel alt i orden. Så las han opp kondisjonane ( vilkåra ) med steintorrøyst, sette seg ned på benken, tok hammaren i handa og auksjonen tok til. Lensmannen sende ut vitsar i aust og vest under “lått og galis”.

Det var ein mann dei kalla “Blod-Nilse-Larsen”. Han ville helst ha fillekleda og gamle sundrivne notstykker. Det fekk han, og lensmannen sa høgtideleg: “Du er heilt umissande for meg du , Lars!” – Eg minnest at far syntest synd i mannen som alt vart teke ifrå. Han var ikkje god for å kjøpa noko. Ein ting syntest eg var merkeleg. Mannen sat mest roleg medan kua og dei andre brukføre ( nyttige) saker vart bort-auksjonert som om han ikkje ensa noko av det som gjekk føre seg. Kona derimot – ho klappa kua, og eg såg tårene rann nedover andletet hennar. Ho kjende det vist tungt å skiljast frå den vene kua si. Men då lensmannen ropte opp eit gammalt lyskjerald, reiste mannen seg snøgt opp, tok det i handa si og sa: “Før det skal verta selt, før skal …” Eg høyrde ikkje meir. Då svarte lensmannen: “Nei, nei, far ,du kan no få ha det der”. Denne hendinga syntest eg fortalde mykje om mannen. Som fiskar hadde han vel hatt mest å gjera med dette i mine augo so ufysne trankjerald. Eg trudde det ville vera det minste han kunne bry seg om. Men så underleg er no vårt hjarta ; det heftar seg oftast ved det som minst er verd.