Eg hadde likte å planta tre, helst bærtre. Den einaste mannen som eg visst åtte ein liten frukthage her i bygda var han Sjur i Klubben. Når eg gjekk forbi der såg eg med undring på dei gode bær og eple som var på trea. Eg tenkte: Kor kjekt det ville vera å ha ein slik hage! Enn om eg no våga å be han Sjur om nokre plantar? Eg hadde aldri snakka med den mannen før. Folk sa at han var so vrang og bråsint at det var lite råd å ha noko med han å gjera. Men far sa, eg skulle ikkje bry meg om alt det folk snakka om, eg skulle berre gå.

Og ein dag tok eg mot til meg og gjekk til Kroken. Eg fekk vel ikkje mindre enn nei, meinte eg. Men då eg kom framom husnova hans vart motet mitt borte, men eg heldt fram likevel. Sjur sat ute på dørhella og telga på eit økseskaft. Eg helsa, men han svarte ikkje. Han såg ut til å vera i ulag. Eg stod der eit stund og visste ikkje kva eg skulle gjera. Å gå heim att utan å utretta ærendet mitt syntest eg var meiningslaust.

Til slutt tok eg motet til meg og kom fram med ærendet mitt. Han snudde på hovudet, gløste på meg med sine utståande, blodsprengde augo – Kva var det eg sa? Ville eg ha tre? Kva ville eg med dei? Hadde eg nokon inngjerda plass å setja dei i? – Dette var meir enn eg kunne svara på slik med ein gong. Eg var reint handfallen. Så sa eg: -Nokon inngjerda stad har eg ikkje no, men eg kan vel laga ein. Han berre blåste i nasa. Eg yngste at Knut, stesonen hans hadde vore heime, så hadde eg ikkje gått ærendlaus. Men han og kona var i Krosshamn. Og Sjur, det trollet, var ein “bøyg” eg ikkje kunde koma utanom. Eg kjende meg både vonlaus og harm. Eg snudde meg om og gjekk. Men då ropa han kor eg var ifrå. “Frå Bjelland” – “Kven sin son er du då?” – “Eg er son åt Ivars-Ola’n”. – Jau, då måtte eg stogga litevetta. Og so kravla han seg opp på krykkjene sine og rusla bort åt hagen sin, rykte eit lite kirsebærtre opp med rota, skar av nokre greiner på eit stikkelsbærtre og rekte meg dei med ei lang preike om korleis eg skulle setja dei i jorda og stella dei. Eg var mykje takksam. Tok fram pengar og ville betala dei. Men då såg han så glupsk på meg at eg snøgt la pengane ned att i lomma mi, takka for meg og flaug så nedetter vegen. Eg kan seia eg var glad! Gamle Sjur synte seg å vera betre i røyndi enn i syni, som Petter Dass seier om steinbiten.

Då eg kom heim sa far at han skulle finna ein høveleg plass og setja opp gjerde med det same. Eg såg tidt etter om dei kom seg og det gjorde dei til stor glede for meg. Året etter bar stikkelsbærtrea store bær som eg syntest smakte så godt. Det var vel av di eg sjølv hadde planta dei. Kirsebærtreet står enno og i varme somrar kan det bera velmoden og gode bær.