Han Sjur hadde fått seg ein ung hund som var vill og kåt, som slike små hundar plar vera. Og han fann på mangt og mykje, ville leika seg med alt og alle. Tinda Sjur på ei rive, kunne Passup ta tindeemna frå han, springa bort på ein bakke og gnaga dei sund. Då vart Sjur ovleg sinna, som ventande var. Om han kalla eller lokka eller truga med all verdas ulukke nytta det like lite. Hytta han til han med staven sin, flaug hunden opp, og ville slita staven i frå han. Slik gjekk det mange gonger, til moro for hunden, men til skade og harm for Sjur. Ein gamal hannkatt som han Sjur var så glad i , jaga han seint og tidleg. Og det gjorde ikkje Sjur blidare. Men det verste av alt var den uvanen hunden hadde, at så snart Sjur med stor møda hadde reist seg og byrja å gå på krykkjene sine flaug hunden mellom føtene hans slik at Sjur kvar gong var nær på å falla over ende. Og då var det alt anna enn gode ønskjer han hadde for den skarve Passopp. Ikkje kunne han slå med krykkjene, endå mindre kaste dei på hunden, for då vart han reint hjelpelaus. Difor var dei to beiske uvener, dei som elles kunne vore dei beste vener.

Ein dag hadde Sjur vore oppe på Nausthaugen. Då han kom gåande ned att kom den gamle hannkatten og strauk seg att med Sjur og mol høgt av glede. Sjur vart og glad, let vel med pus med eit mjukt og lint mål som ein elles ikkje høyrde så ofte hjå han. Hunden låg bort på bakken og venta på at Knut skulle koma frå sjøen. Han høyrde det og, snudde på hovudet og fekk auge på katten og – ein – to – tre – flaug han av stad og like mot krykkjene til Sjur, så han fall så lang – eller så kort – han var, medan hund og katt for over haug og hammar. Eg vil ikkje herma alt det Sjur sa, men han banna på at det skulle vera siste dagen hunden skulle få leva. Han fekk lokka han med seg ned til båten, batt ei vidja om midja på hunden og ein diger stein i same. Hunden skulde søkkjast, det nytta ikkje kva Knut sa. Hunden var glad som alltid og trudde vel det var ei eller anna moro som stor føre. Sjur rodde ut for Kringleliholmen på det djupaste vatn og kasta hunden på sjøen. Først då skjøna hunden at det galt livet, stakkar. Sjur rodde attende til Naustbakken og meinte på at no skulle både han og katten få vera i fred for den “Svinehunden”.

Etter at Sjur hadde arbeidd med noko inne i sjøbua, gjekk han heim att. Det gjekk smått om senn, men han kjende seg glad over at han verkeleg var kvitt den “syndeplaga” som han kalla hunden. Men då han endeleg kom fram om husnova – kva var det då han såg? Jau, han såg Passopp som låg på dørhella og sleikte seg! Då vart Sjur så skremd at han nær hadde ramla attlenges. Han trudde plent at det måtte vera trollskap med i spelet. Hunden såg på honom med sine spelande brune augo som om han ville seia : “Eg kom først heim likevel! Eg vann!” – Frå den dag var Sjur redd Passopp.