På Bø var me inne hos frendekona (kona til ein slektning ) og fekk oss mat. Ho sette ei diger rømmekolle framføre oss med flatbrød og stompkake. Me var skrubbsvoltne, men me tenkte at me fekk fara vakkert åt likevel og sette skeia varsamt ned med kanten. Dette forstod den snille kona og kom bort og la ein tallerken under kolla, so rømmen flaut ned til oss og bad oss forsyna oss godt. Me så gjorde. Då me endeleg var ferdige, gode og mette bad me vel fara og gjekk oss heim att. Han Kris hermde det gamle ordtøket: -Mett mann veit seg råd, når han hev ete vil han gå.

Då me kom sør i marka stod der ein spade oppreist i ein torvhøl. Spaden tilhøyrde ein mann på Bø. Kris ville gøyma han under eit brot. Men eg sa at alle visste at me gjekk gjennom marka i dag og at me berre ville få ulempa av det. Han minnast vel korleis det gjekk med oss då me hadde teke Per sin båt utan lov ? Ja, det nytta ikkje. Han ville ikkje gjera spaden noko, men ned i hølen skulle han gravast. Og då han hadde gjort det lo han så godt og meinte at dei skulde få leita lenge etter den.

Dagen etter var det skule-eksamen hos farbror min på Haukanes. Me frå Bjelland var dei fyrste som kom. Like etter kom skuleborna frå Bø. Den første eg råka var son åt han som åtte spaden. -Var det me karane som hadde øydelagt torvspaden deira? spurde han meg. -Eg hadde ikkje mi hand i han, svara eg. -Så var det kan Kris då? – Du får spørja han sjølv. Kris stod borte ved stabburet og hadde moro med ein hane saman med andre kameratar. Bøguten kom bak på han, tok han i aksla og spurde: -Kvifor øydelagde du torvspaden vår i går? Kris snudde seg om, men var så forfjamsa at han ikkje fekk ord for seg. Det kom så brått på ‘an at han ikkje fekk lyga det frå seg. Endeleg kom det: -Eg har ikkje gjort spaden noko. -Ja, det var det same – sa han ikkje no kor han hadde gjort av spaden gjekk han beint til presten og klaga han. – Då måtte Kris sanna at han hadde grave spaden ned i torvhølen. Ja ,var det berre sant og han ikkje hadde gjort noko skade på han så skulle han ikkje nemna noko om det til presten. Men ein fark var han som for såleis åt. Eg ottast ille, men det gjekk då betre enn eg hadde vona.

Då kom presten og me måtte inn og syna kva me kunne. Presten var streng og heldt lenge på. Endå var det så vidt me fekk frikvarter. Eg og den før nemnde bøguten var ute på same tida. Han letta på loket og såg kva som var i dei tinene som stod utanfor stoveveggen. Så fann han ei med berggylte, potet, smør og brød i og spurde meg om eg visste kven si tina det var. Eg ottast ikkje noko vondt og sa at det var han Kris si. Då riste han den til all den gode maten var ei einaste gjørme. Eg var harm og sa at han måtte skjemmast over ei slik åtferd. Men han truga meg med bank nemnde eg noko om dette. – Di svarte kråka!, sa eg og flaug inn att. (Ein kalla folket frå Storebø for Bøkråka.)

Då me seinare skulle halda middag, kunne han Kris ikkje skjønna seg på kva måte maten hans var øydelagt. Men endeleg gjekk det opp for han at det var einkvan som hadde rista tina hans. Og han ropte at hadde han berre den farken for seg skulle han riste han lika mykje. Eg sa til han Kris at han ikkje måtte ropa so høgt, presten kunne høyra han. Det var best at han fekk låne seg ei skei! Men eg skulde berre teia still, han skulle nok greia seg. Då høyrde eg kor bøguten knisa og lo.
Til slutt skulle presten sjå yver skrivebøkene. Han mislika mange av dei, særleg avdi dei var so stygt medfarne. Somme heldt han høgt i veret og spurde om dei hadde brukt dei til tallerkar! Eg var glad det ikkje var mi bok. So skulle premiane skiftast ut. Spaninga voks med kvart minutt. Dei flinkaste fekk skrivebøker, andre papir og pennar. Andre ingenting. Endeleg vart også mitt namn ropt opp, og med bankande hjarta gjekk eg fram til bordet. Eg fekk fire ark papir og to pennar, ei stor gåve i mine augo då. Det var berre andre gongen eg hadde vore på eksamen. Glad og nøgd kom eg heim og synte det fram for far og mor og dei andre søskena. Siste gongen eg var på eksamen hadde eg den æra å få skrivebok. Men det var all den premie eg vart laga her i livet.