Om sommaren lauga vi oss i Naustvika, og sigla med båtane våre. Me fanga småkryp, hummar og ål og hadde dei inn i små dammar som me hadde gjerda inne med sandvollar. Frå den eine dammen til hin laga me kanalar, så dei kunne ferdast att og fram. Av steinar laga me små holer, så hummaren og ålen kunde gøyma seg når sola skein varmt. Det var så morosamt å sjå på, at me ikkje visste kor snart tida gjekk. Mons på Neset laga meg ei stor seglskute. Ho var særs god å sigla. Ho kvelvde aldri kor sterkt det enn bles, og då ho kom att under brotet på austsida av Naustvika, snudd ho inn att som om ho hadde hatt ein styrmann ombord. Dei andre kameratane misunnte meg denne fine skuta og prøvde å lokka ho frå meg på alle måtar. Men eg ville ikkje høyra på deira tilbod. Sist eg såg ho stod ho i det naustet me hadde laga til båtane våre. Men so vart eg sjuk – og sidan veit eg ikkje kvar det vart av ho.