Eg og han Kris – kameraten min – var støtt i lag både helg og kvardag. Eg var liten og ledug, han var stor og styrven. Men me passa godt saman likevel. Han gjekk alltid med stav eller med ein påk i handa. Og det fann no eg så løgleg og erta han mang ein gong og kalla han gamel’n. Han var bråsint, men snart god att. Om vinteren sat me på slede nedover dei brattaste bakkane så snøspruten stod høgt til vers. Me leika krig med kvarandre og bruka snøball som kuler. Me laga snømann eller bygde oss hus i dei største snøfonnene og hadde det så kjekt der på ymse måtar.
Ein dag sa eg til Kris: No skal me sitja på slede frå Lurane til Ospebrotet. Det er noko meir spennande enn i den gamle leida som kvar barnsunge utan fare kan bruka. Men då fekk eg høyra ‘an! – Var eg galen! Ville eg gå lukt i urda og krasa meg? Fann eg på noko slikt skulde han klaga meg for far min og for læraren, og då skulle eg få så mykje bank att…. Når eg var krast ? Sa eg og lo. Å, din reddhare, ropte eg og sette i veg. Men eg må vedgå at motet mitt sat meir i orda enn i hugen. Då farten auka og eg kom nærare stupet vart eg heit om øyro og tenkte på skade og ulukke. Eg høyrde korleis Kris skreik over seg. Men i siste liten fekk eg slengja med ut av sleden, og eg var berga medan sleden for som ei utskota pil utover brotet. Men då var eg noko til kar, syntest eg, og Kris syntest visst det same.